Anders Muri vann 200m på Lillehammer.

Postet av Olden IL den 20. Jun 2008

Anders Muri gjekk heilt til topps på 200m under Veidekke-leikane på Lillehammer i kveld. I det seeda heatet vann Anders på tida 24.11. På dei neste plassane følgde Håkon Morken, Lillehammer IF med 24.19 og Øystein Rødsjø, Selsbakk IF, med 24.27. Anders har vore nær på i mange større stemne dei siste to åra, men i kveld lukkast han fullt ut og gjekk heilt til topps. Olden IL gratulerer Anders med fantastisk flott innsats. Han er den første frå Olden IL som går heilt til topps i dette store stemnet på Lillehammer som samlar dei beste frå heile landet.

Resultater 200m

Anders viste på nytt at han er veldig god når det gjeld som mest. Under Førdeleikane forrige helg vann han 200m poå 24.75. Denne personlege bestenoteringa vart no forbetra med heile 64/100. Forrige sesong var han ikkje under 26.00 på 200m. Rødsjø på 3. plass er den same som "lurte" Anders for sigeren på 60m i fjor. Tida 24.11 er elles den beste elektroniske tida som er oppnådd av ein oldar nokon gong på 200m uansett alder. Omrekna til manuell tidtaking er dette omlag ei tangering av Sverre Kirtkhorn sin manuelle lagsrekord på 23.9. På sprintdistansane er nemleg omrekningsfaktoren mellom elektronisk og manuell tidtaking 0,2.

Vi kjem tilbake med meir stoff frå stemnet seinare. Olden IL stiller med to deltakarar på Lillehammer, begge i klasse 15 år. Anders Muri stiller også til start i desse øvingane : 100m, 400m, 800m og lengde. Sondre Guddal Muri skal prøve seg  på 100m, 800m, leingde og spyd. Sondre har tidlegare hevda seg best i spyd, men har denne sesongen også vist fin framgang i løpsøvingane.

Her er det berre å følgje med. Vi skal prøve å oppdatere heimesida utover i helga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.