Stor stafettdag på Breim. Helge Hafsås tildelt Breimstafettmedaljen, Olden vann opa klasse

Postet av Olden IL den 4. Mai 2008

Foto:H-P-GaltungDet vart ein stor dag for Helge Hafsås og for Olden på Breimstafetten søndag. Helge vart som første oldar nokon gong tildelt den gjeve Breimstafettmedaljen. Dette er ei utmerking som heng svært høgt. I opa klasse tok Olden ein suveren siger 14 sek. føre Breimsbygda. Seks lag stilte i denne klassen. I veteranklassa vart Florø for sterke også i år. Olden sitt lag sprang 7. sek raskare enn i fjor og tok ein klar 2. plass knappe 9 sek. bak Florø. I guteklassa stilte vi i år eit svært ungt lag, som måtte ta til takke med 11 og siste plass. Men desse gutane kjem nok langt sterkare tilbake allereie neste år.

Bilder

Reglane for opa klasse tilseier at det skal vere minimum 2 av kvart kjønn på laget. Olden heldt heile tida godt følgje med teten. Ved siste veksling var vi nr. 2 bak Breimsbygda, men med Anders Muri på ankeretappen, var det ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne. Desse sprang på vinnarlaget : Knut Alsaker, Lillian Eide, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Hildegunn Mykløen og Anders Muri.

Les meir på Kondis.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.