Idrettslagsbasar i Olden

Postet av Olden IL den 19. Nov 2007

 Foto: Egil Åbrekk

Sondre Guddal Muri. vinnar av Ricco Vero pokalen 2007 for god innsats gjennom sesongen.

Olden idrettslag arrangerte basar i Aldaheim søndag 11. november. Oppmøtet var godt og vinnarlykka stor. Laget fekk inn heile kr 34.415.- Dette er eit svært godt resultat og på linje med tidlegare basarar
 Foto: Egil Åbrekk

 "Ricco-Vero pokalen" som er Olden IL sin stimulansepokal vart i år tildelt Sondre Guddal Muri. Han har i år vore ein av dei aller beste friidrettsutøverane i Sogn og Fjordane i si klasse (14 år). Særleg har han hevda seg godt i spydkast der han har det nest lengste kastet i fylket i år. Han har vore på krinslaget i friidrett og har hevda seg godt også i løp og hopp. Sondre Guddal Muri har og vore ein sentral spelar på smågutelaget i fotball til Loen/Olden som vart krinsmeisterar i år. Han har solid treningsframmøte og viser gode haldningar til idretten.

 

Gutelaget til Olden som i år vann Breimstafetten for fyrste gong, vart også heidra på scena med utdeling av blomster.

 Sondre Guddal Muri.

 

 

 Foto: Sigrid Skarstein

Leiar i laget Leiv Arne Egset delte ut æresmedlemskap til Hans Petter Galtung. Han har vore ein profil i laget, og har utmerka seg både som aktiv, men kanskje mest som trenar og organisator i laget. Olden Idrettslag er heldige som har ein slik ressursperson i laget.

Laget takkar basarkomiteen for godt gjennomført arrangement, og alle som gav gevinstar til basaren.

 Hans Petter Galtung  

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.