Fin friidrettsdag på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 30. Sep 2007

Laurdag 29.sept. vart friidrettssesongen 2007 avslutta på Byrkjelo stadion. Olden og Vikane gjekk i lag om å arrangere lagsmeisterskap. I tillegg arrangerte Jølster IL friidrettskarusell for sine yngste utøvarar, så det vart etter kvart folksomt på Byrkjelo stadion. Tilhøva var fine, om enn noko kjøleg. Frammøtet på friidrettstreningane har vore svært godt i haust, så det var noko skuffande at berre 11 frå Olden stilte opp på stemnet. Denne gongen vart vi slått av Vikane som hadde 14 deltakarar.

Anders Muri sprang 60m på 7,8 og 200m på 26,0. I kast var det Sondre Muri som oppnådde dei beste resultata. Han kasta 37.06 i spyd (600 gr.) og 62.90 med liten ball (150 gr.) Elles sette fleire av dei yngre fine besteresultat. For Olden sin del vart det konkurrert i desse øvingane : 60m, 200m, 600m, lengde, liten ball, diskos og spyd.

Det beste resultatet på stemnet oppnådde 11-åringen Oskar Raftevold frå Vikane. Han hoppa heile 1.47 i høgde.

Resultata.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.