Anders Muri nr. 2 på 60m på Lillehammer

Postet av Olden IL den 24. Jun 2007

 Anders Muri  og Sondre Guddal på Stampesletta Muri (Foto:Halvard Muri)

Anders Muri  og Sondre Guddal Muri på Stampesletta (Foto:Halvard Muri)

Anders Muri bekrefta sin posisjon som ein av norges aller beste friidrettsutøvarar i klasse 14 år under Veidekke-leikane på Lillehammer.
   

  Han kom til finalen i alle dei 3 øvingane han deltok i. Aller best gjekk det på 60m der han tok ein svært sterk 2 plass på tida 7.75 i svak medvind (+0,4). Vinnar vart Øystein K. Rødsjø, Byåsen IL med 7.66. Anders hadde og den nest beste tida i forsøksheata. Han vann sitt heat på 7.77 (+0,5). Den gamle persen var på 7,89 frå DM sist helg.

På søndag følgde Anders opp med 4 plass på 100m. Han sette klar ny pers i forsøket med 12.34 (+1,0). I finalen vart tida 12.57 i svak motvind (-0,6). Også her var det Rødsjø som var den sterkaste på 12.07

I lengde vart resultatet 5.39. Dette heldt til 5. plass og var kun 1 cm bak personleg rekord. Vinnaren, Filip Hjorth frå Sverige, hadde 5.83.

Sondre Guddal Muri var den andre oldaren som deltok på Lillehammer. Dessverre vart han sjuk og fekk berre med seg øvingane på søndag. I lengde vart han nr. 17 av 32 deltakarar med resultatet 4.85. Tida 13.79 på 100m heldt til ein 18. plass av 29 deltakarar. Mest synd var det at Sondre ikkje kunne stille opp i favorittøvinga si, spyd. Hadde han kasta rundt sitt vanlege nivå, ville det helde til 4.plass.

 

 

Veidekke-leikane (tidlegare G-sport leikane) er eit av dei verkeleg store friidrettsstemna i Norge. Her deltek stort sett alle dei beste, men samstundes er det ei massemønstring av deltakarar på ulike nivå. I år deltok 1476 utøvarar i 4721 startar.

 

 

Resultater

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.