DM på Byrkjelo - 15 medaljar til Olden

Postet av Olden IL den 19. Jun 2007

(Foto:Hans-Petter Galtung)

( Bronse-jentene på 4x60m stafett 11-14 år :Frå v. Janne Alsaker, Nadia Kvamme Alim, Terese A. Tenden og Andrea Guddal Muri) 

Distriktsmeisterskapen for Nordfjord og Sunnfjord vart avvikla under svært gode tilhøve på Byrkjelo stadion søndag 17. juni. Oldarane fekk i alt 15 medaljar, derav 5 gull. Anders Muri og Sondre Guddal Muri imponerte med fleire sterke resultat. Men også dei andre oldarane gjorde ein flott innsats med mange personlege bestenoteringar.

 

Anders Muri tok 3 gull i klasse 14 år. På 60m vann han suverent på den sterke tida 7.89 i svak motvind. Siger vart det også i lengde, også her på ny pers. med gode 5.40m. Med ei svært sterk avslutning var Anders og først i mål på 600m. I tillegg avgjorde han stafetten til Olden sin fordel med ein sterk siste etappe.

Sondre Guddal Muri viste og solid form. Han vann kule og tok sølv både i spyd, på 60m og på 600m. I spyd kasta han heile 38,62 og var med det berre knappe 2m bak Jens Christian Andenes frå Fjellhug/Vereide. På 600m var Sondre berre 5/10 sek. bak Anders. Vidare mangla han kun 2 cm på å passere 5m-grensa i lengde for første gong.

(Gull til Olden på 4x60m stafett 11-14 år :Frå v. Asgeir Flåten, Sondre Guddal Muri, Anders Egset og Anders Muri)

    Til helga stiller Anders og Sondre til start på Veidekke-leikane på Lillehammer. Dette er eit storstemne der dei vil møte mange av dei beste 14-åringane i landet. Vi ynskjer dei lukke til i den harde konkurransen.    

 

Olden tok elles ein klar siger på 4x60m stafett 11-14 år, 1,3 sek føre Oppstryn. Tida 34,62 var nesten 4/10 sek. betre enn i fjor då Olden også vann.

Med på laget var Sondre Guddal Muri, Asgeir Flåten, Anders Egset og Anders Muri.

 

Svært gledeleg var det at Olden denne gongen også greidde å stille jentelag på 4x60m stafett. Janne Alsaker, Andrea Guddal Muri, Terese A.Tenden og Nadia Kvamme Alim sprang her inn til bronsemedalje.

 

Her er Olden sine individuelle medaljevinnarar :

 

Andrea Guddal Muri (12) : Bronse i høgde og liten ball.

 

Terese A. Tenden (13) : Sølv på 600m.

 

Asgeir Flåten (12) : Bronse på 600m og i lengde.

 

Erik Sunde (12) : Bronse i kule

 

Sondre Guddal Muri (14) : Gull i kule, sølv i spyd, på 60m og på 600m

 

Anders Muri (14) : Gull på 60m, 600m og i lengde

 

På DNB-Nor-leikane deltok Rasmus Skarstein. Han gjorde det best i liten ball der han oppnådde det lengste kastet blant 10-åringane.

 

Sjå elles resultatlista !

 

Bilder!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.