Varme Førdeleikar

Postet av Olden IL den 12. Jun 2007

Det var over 30 grader under Førdeleikane på "nye" Førde stadion på søndag.

Utøvarane våre leverte og resultat som varma godt.

Sondre Guddal Muri (14) fekk bestemannspremie for beste kastresultat i guteklassane. Han oppnådde gode 37.56 med 600 gr. spyd.

Anders Muri (14) var suveren både på 60m og i lengde. På 60m kom han for første gong under den magiske 8.00-grensa med elektronisk tidtaking.Tida 7.93 er foreløpig den nest beste tida som er oppnådd av ein 14-åring i Norge i år. Resultatet 5.36 i lengde var og klar personleg rekord utandørs.

Sondre Guddal Muri sette i tillegg til i spyd også personlege rekordar i lengde (4.83) og på 60m (8.59). Knut Alsaker vart nr. 3 i lengde og sikra dermed 3-dobbel siger til Olden i denne øvinga. Knut vart og nr. 2 i spyd og persa seg på 60m.

 

I alt deltok 8 utøvarar frå Olden på Førdeleikane i år.

Asgeir Flåten (12) vart nr. 2 på 600m, nr. 3 i høgde og nr. 7 av 16 deltakarar på 60m.

I jenter 13 år viste både Janne Alsaker og Terese Tenden framgang, sjølv om det ikkje vart premieplass denne gongen. Steven Solheim og Sondre L. Galtung (9) deltok på 60m, lengde og liten ball klasse 10 år.

 

Friidretten i Olden er altså i stadig framgang. 14-åringane våre leverer stadig resultat heilt i norgestoppen. Vi håpar at fleire av dei som var "heimestitjarar" under Førdeleikane vil delta på DM på Byrkjelo søndag 17. juni. Det kan vere greitt å ha prøvd seg i eit banestemne før sommarferien.

 

Det aller beste resultatet i Førde oppnådde Ørjan Midthjell (15) frå Fjellhug/Vereide. Han sprang 200m på 23.55. Dette er den beste tida som nokon gong er oppnådd av ein 15-åring frå Sogn og Fjordane.

 

Resultatene

 

Bestemannspremiane vart slik:

Beste gut løp:  Robert Løtuft  G15 Breimsbygda IL Høgde  1,73  951p

Beste gut hopp:  Ørjan Midthjell  G15 Fjellhug/Vereide IL 200m 23,55 1058p

Beste gut kast:  Sondre Guddal Muri G15 Olden IL  Spyd 37,56  831p

Beste jente løp:  Karoline U. Hove J16 Florø TIF  200m 27,09  946p

Beste jente hopp: Gunnvor L. Feidje J15 Florø TIF  3steg 10,55  983p

Beste jente kast: Siv Anita Myklebust J14 Førde IL Friidrett kule 10,67  976p

Arne Fiskerstrand,

Stemneskrivar

Førde IL Friidrett


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.