Ny sterk stafettinnsats av gutane

Postet av Olden IL den 21. Mai 2007

På Naustdalsstafetten 20 mai vart det for 3. gong i år duell mellom Olden og Førde.

Denne gongen vart Førde-gutane for sterke, men likevel flott innsats av oldarane som tok ein klar 2. plass berre knapt 2 sek. bak  vinnarlaget frå Førde.

Olden stilte med følgjande lag : Anders Egset (11), Rasmus Skarstein (10), Are Tenden (11), Sondre Guddal Muri (14), Knut Alsaker (14) og Anders Muri (14).

Førde leia stafetten frå start til mål og som venta vart Olden liggande eit stykke bak, sidan vi i motsetning til Førde hadde valt å køyre alle dei yngste på dei 3 første etappane. Ved siste veksling var Olden på ein delt 3. plass, ca. 60-70m bak Førde.

Anders Muri leverte ein kjempe-etappe, distanserte dei andre laga kraftig og greidde nesten å ta igjen Førde på dei 450 meterane inne på bana. Vi trur faktisk han kunne greidd det dersom etappen hadde vore 50m lenger. Men alt i alt ein velfortent siger til Førde-gutane som dermed fekk revansj for Breimstafetten.

På dei neste plassane følgde Florø og Tambarskjelvar. I alt deltok 12 lag i guteklassen.

Blant jentene var Florø raskast føre Jølster og Tambarskjelvar. Jølster tok ein ny siger i herrer senior føre Florø. I veteranklassa kopierte Florø sigeren frå Breim. Olden stilte ikkje veteran-lag denne gongen. Blant damane vann Florø knapt føre Gloppen og Vik.

 

Naustdalstafetten er ein tradisjonsrik stafett som vart starta same året som Oldestafetten i 1955. Den vart lagt ned i 1996, men starta opp igjen i 2005 i samband med Tambarskjelvar IL sitt 100-årsjubileum. Etter deltakinga å dømme er stafetten liv laga.

Dette var siste terrengstafetten for Olden i år. Særleg gutelaget har levert ein fantastisk stafett-sesong med ein 1. plass og to 2. plassar. Veteranane har ein 1. plass og ein 2. plass.

No står banesesongen for døra. Første større stemne vert DM på Byrkljelo 3. juni.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.