Dramatisk då Olden-gutane vann Breimstafetten

Postet av Olden IL den 6. Mai 2007

For første gong har eit gutelag frå Olden vunne Breimstafetten, men det skjedde ikkje utan dramatikk.

Se bilder!

Som på Oldestafetten fekk vi eit rivande spurtoppgjer på siste etappe mellom Sondre Guddal Muri, Olden og Torstein Frøholm,Førde. Men denne gongen var det Førde som var sterkast i spurten. Dessverre viste det seg at Førde hadde kutta siste svingen (sprunge klart innafor markeringa) før oppløpssida.

Sidan sigersmarginen var så liten og Førde hadde fått fordel av å kutte svingen, valde Olden å legge inn protest. (Fleire vitner meinte at det var nettopp kuttinga av svingen som avgjorde stafetten) Protesten vart teken til følgje sidan hendingsforløpet også kunne dokumenterast på video.

Dermed kunne Olden omsider utropast som vinnar, medan Førde fekk behalde 2. plassen.

Vi gratulerer Knut Alsaker, Asgeir Flåten, Rasmus Skarstein, Andreas Løken, Anders Muri, Anders Egset, Ole Myklebust og Sondre Guddal Muri med strålande innsats.

 

Veteranane våre som har vunne dei 4 siste åra, måtte denne gongen ta til takke med 2.plassen. Avstanden til vinnarlaget Florø vart til slutt på 11. sek. Olden si tid var 5 sek svakare enn i fjor.

På første etappe fekk Helge Hafsås ein svært dårleg start på då ei dame gjekk over ende rett framfor han. Men avstanden til Florø var så pass stor at vi ikkje trur at dette uhellet fekk følgjer for sluttresultatet.

Dei andre på veteranlaget var Asbjørn Gjerde, Joar Sunde, Roar Alsaker, Osvald Olsen og Einar Strand.

 

Litt meir om gutestafetten : Knut Alsaker leverte ein kjempegod 1 etappe og veksla først. På dei neste etappane tapte vi noko terreng og var nede på 6-7 plass(stilte m.a.her med to 10-åringar). Men dei svært unge løparane våre sprang likevel så godt at vi framleis hang med i kampen om sigeren.

På 5 etappe sprang Anders Muri inn mykje av forspranget. Anders Egset klarte seg godt på 6 etappe og veksla som nr. 4. På 7 etappe sprang Ole Myklebust Olden heilt opp i teten. Dermed var det duka for ein skikkeleg duell på den siste etappen inne på Reed stadion. Sondre leia til det gjenstod ca. 50m før Førde pressa seg såvidt forbi. Men som nemnt innleiingsvis enda det heile protest og "delevis" disk av Førde.

 

Resultatliste, Breimstafetten 2007-05-6

Vinnar av defileringsprisen: Florø T&IF

Kraftprøva Menn:

1. Stein Erik Gram Førde IL

Kraftprøva Kvinner:

1. Kristina Hjohlman Reed Fjellhug/Vereide IL

Gutar:

1. Olden IL 8.50.3

2. Førde IL 8.50.4

3. Florø T&IF 9.03.3

4. Vik IL 9.07.5

5. Fjellhug/Vereide IL 9.13.4

6. IL Brodd 9.23.0

7. Sandane T&IL 9.45.7

8. Hyen IL 10.18.1

9. Breimsbygda IL 10.33.4

Jenter:

1. Florø T&IF 9.24.5

2. Førde IL 1 9.34.7

3. Jølster IL 9.45.3

4. Fjellhug/Vereide IL 1 10.01.2

5. Eid IL 10.09.3

6. Førde IL 2 10.12.7

7. Vik IL 10.13.2

8. Sandane T&IL 10.15.7

9. Hyen IL 10.22.4

10. Breimsbygda IL 10.34.2

Opa klasse:

1. Eid IL 6.48.9

2. Breimsbygda IL 6.50.5

3. Eidsfossen Sykkel 6.51.0

4. Fitje Jaktlag 6.51.9

Damer:

1. GFIL Fjellhug/Vereide 6.48.3

2. GFIL STIL 6.58.1

3. Florø T&IF 7.08.1

4. Førde IL 7.31.2

Herre Veteran:

1. Florø T&IF 7.26.4

2. Olden IL 7.37.3

3. GFIL 7.44.5

4. Eid IL 8.11.7

5. Eidsfossen Sykkel 8.12.2

Herre Superveteran

1. Jølster IL 7.50.7

2. GFIL 8.11.3

Herrar:

1. Jølster IL 23.27.4

2. GFIL Fjellhug/Vereide 23.39.6

3. GFIL Hyen 24.18.1

4. GFIL Brodd/BBIL 24.27.7

5. Florø T&IF 25.46.9

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.