Helge Hafsås - den nye Mensen Ernst

Postet av Olden IL den 9. Des 2006

Den store løparkongen først på 1800-talet, sogningen Mensen Ernst, skal kun ha brukt 14 dagar på strekninga Paris -Moskva. Helge sprang i helga 219 km på knappe 21 t (20t. 40min.) Dessverre måtte vår eigen maratonkonge gje seg på dette tidspunktet, men enda likevel som nr. 5  i 24t.-løpet på Bislet. Han var berre 14,5 km bak vinnaren Christian Ritella frå Sverige.

 

Se resultater på: http://kondis.no/

Då Helge måtte kaste inn handkleet etter 401 rundar i den 545m lange løypa under tribunane på Bislet, leia han framleis løpet 13,6 km føre Ritella.

I etterkant er det nok litt surt for Helge å tenkje på at han kunne vunne løpet berre ved å spasere roleg dei siste 3t. og 20 min. 14,5 km på så lang tid er svært roleg tempo.

Hadde Helge visst dette på det tidspunktet han stod av, trur vi han ville kunne fullført trass i svært vonde og støle bein Men her nyttar det ikkje å vere etterpå klok. No rakk han i allefall ekspressbussen heim kl. 09.30 på søndag.

 

Som vanleg la Helge ut i eit morderisk tempo kl. 12.00 på laurdag. Det vart faktisk snakka om 3.45 fart, men sjølvsagt måtte han roe ned nokså fort. Uansett låg han ei god stund føre verdsrekorden og svært lenge langt føre norsk rekord.

 

Etter 12 t hadde han tilbakelagt heile 274 rundar og 149,3 km. Dette var 12,1 km lenger enn vinnaren av 12t.- løpet dansken Kim Rasmussen ,som sette dansk rekord.

Dessutan var det eit hav føre den norske rekorden i 12t.-løp. Dessverre kan ikkje Helge si passering godkjennast som norsk rekord sidan han deltok i 24t.-løpet.

 

Etter å ha sprunge i 15 1/2 time var avstanden til nr. 2  heile 31 km. Etter ca. 18 t. byrja Helge å få skikkeleg problem med beina og måtte legge inn stadig meir gåing, men hadde altså framleis ei klar leiing då han fann ut at nok fekk vere nok etter knappe 21 t.

 

Uansett om Helge ikkje samlar på 5. plassar, har han likevel levert ein stor prestasjon. 219 km er eit svært godt  resultat. Tek vi og i betraktning at førebuingane var minimale bl.a heilmaraton laurdagen før, lite oppladning, inga erfaring med slike distansar, ikkje noko støtteapparat på Bislet og den lange bussturen til Oslo natta før løpet - forstår vi at Helge sin prestasjon er imponerande.

 

69 menn og 11 kvinner deltok på 24t.-løpet. Beste kvinne vart Edit Berces frå Ungarn med gode 214,7 km.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.