Vellukka basar i Aldaheim

Postet av Olden IL den 21. Nov 2006

35.500 til idrettslaget. "Ricco Vero- pokalen" til Anders Muri

Laurdag 18/11 avvikla Olden IL sin årlege idrettsbasar. Det var godt frammøte og god basarstemning i Aldaheim. Bruttoresultatet vart heile kr. 35.500.

Av dette kom det inn ca. 15.800 på loddbøkene og 19.700 på åresalet.

 

Olden IL vil takke bygdefolket for den gode støtta og spesielt takke basarkomiteen for eit godt gjennomført arrangement. Ei stor takk også til alle som har bidrege med gevinstar.

Den gode utviklinga i idrettslaget held fram og pengane kjem vel med. Dei vil først og fremst bli brukte til å skape aktivitet blant den yngre garde og til nødvendige innkjøp av utstyr til denne aktiviteten.

 

Eit av høgdepunkta på basaren var utdelinga av stimulanspokalen, "Ricco Vero- pokalen", til 13-åringen Anders Muri.

I grunngjevinga som Hans-Petter Galtung las opp på basaren heiter det m.a. :

Olden IL har fleire utøvarar som har hevda seg godt i 2006, i alpint, fotball og friidrett.Men blant dei yngre er det særleg ein utøvar som har utmerka seg spesielt.

Under Regionsleikane i Haugesund, i konkurranse med dei beste friidrettsutøvarane frå Vestlandet og Sørlandet oppnådde Anders sølv på 60m og i lengde, og bronse på stafetten.

Han tok 3 gull under KM for Sogn og Fjordane i Florø : 60m, lengde og 4x60m stafett.

Under Sparebankleikane på Byrkjelo vart det siger både i lengde og på 60m.

Vidare vart det 4 gull i DM for Nordfjord på Byrkjelo : 60m, lengde, 600m og 4x60m stafett. I tillegg sølv i høgde.

Anders er faktisk ein av Norges beste friidrettsutøvarar i si klasse. På Norgesstatistikken for 2006 er han nr. 5 i lengde med resultatet 5.15 m.

På 60 m er han nr 7 med 8.25. Med manuell tidtaking er han på 60m nr. 2 i Norge med 7.8.

Han har vidare beste resuilatet i Sogn og Fjordane i 2006 i 3 øvingar : 60m, lengde og 200m

 

Anders har og vore ein sentral spelar på Loen/Olden sitt gode smågutelag i fotball.

Han har hatt svært godt treningsframmøte og vore flink til å stille opp på ulike arrangement i regi av Olden IL.

Han har vist svært gode haldningar til idretten.

 

Olden IL gratulerer med ei vel fortent utmerking og håpar at denne tildelinga skal vere ein stimulans til vidare satsing på idretten.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.