Nytt frå friidrettsgruppa - sesongens siste friidrettstrening

Postet av Olden IL den 21. Sep 2006

Onsdag 20/9 vart sesongens siste friidrettstrening gjennomført ved Olden skule.

Heile 19 stilte opp. Så mange har vi aldri hatt på friidrettstrening i haustsesongen.

På programmet stod m.a. eit såkalla 0-løp. Her galdt det å springe to rundar i joggeløypa med så liten tidsdifferanse på rundane som mogleg. Vinnarar vart Jenny Vangberg Solstad (9) og Andrea Guddal Muri(11) som begge presterte å springe dei to rundane nøyaktig like fort. På dei neste plassane følgde Rasmus Skarstein (9) med ein differanse på 4 sek og Asgeir Flåten (11) med 5 sek. differanse.

 

Heile 15 unge frå Olden i alderen 9-14 år er påmelde til friidrettsstemnet på Byrkjelo laurdag 23 sept. 9 av desse konkurrerer i Distriktsmeisterskapen for Nordfjord, medan dei yngste (9-10år) deltek i krinsleikane som avgrensar seg til øvingane 60m, lengde og liten ball.

Stemnestart kl. 12.00. Avreise frå Ica kl. 10.30.

Oldarane står for heile 51 enkeltstartar så her trengst det oppfølgjing både av leiarar og foreldre.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.