Strålande friidrettsdag på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 18. Sep 2006

 

Laurdag 16 sept. vart Olden-meisterskapen i friidrett avvikla på Byrkjelo stadion. I det fantastiske haustveret vart det oppnådd mange fine resultat. Nytt av året var at nokre fekk prøve seg på 60m hekk. Sjølv om det vart meir hekkehopping enn hekkeløping, var resultata upåklagelege.

Elles vart det konkurrert i 60m, 600m, lengde, høgde, spyd, liten ball og kule.

Det var noko skuffande at berre 12 utøvarar stilte til start, men dei som var med såg ut til å kose seg. Ei stor takk til funksjonærane som sytte for eit prikkfritt arrangement : Sigrid Skarstein, Gro Birgit Egset, Oddbjørg Muri, Ole Johan Haugland, Roar Alsaker, John Guunar Mørch og Trygve Rytterager.

Ei stor takk også til Breimbygda IL som stilte anlegg og utstyr gratis til disposisjon.

Sjå resultat !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.