Helge Hafsås vann Rett Vest for 14. gong
Postet av Olden IL den 20. Apr 2013
Laurdag 20.april tok Helge Hafsås sin 14 siger i maratonløpet Rett Vest i Florø. Han har dermed vunne alle maratonløpa han har stilt opp på i Florø sidan han deltok første gongen i 1999. Sigersrekka er kun broten i 2006 då Helge deltok på London maraton. Tida denne gongen vart så bra som 2.42.33 og er den beste Helge har hatt i løpet sidan 2007. Han er no oppe i 156 maratonsigrar totalt, like mange som amerikanaren Chuck Engle. Det kan sjå ut til at dei 463 turane Helge har gjennomført til Huaren (Avleiåsen) det siste halve året har vore positive også for maratonforma.
På halvmaraton fekk Einar Strand best tid i klasse 55-59 år, 1.35.51.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024
Innkalling til årsmøte
23.01.2024