Den 58. Oldestafetten søndag 29.april
Postet av Olden IL den 5. Apr 2012
Det er vår og stafettane nærmar seg. Oldestafetten går som vanleg siste helga i april, søndag 29/4, og Breimstafetten første helga i mai, søndag 6/5.
Olden reknar med å stille med 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag i Oldestafetten. Vidare vert og oldarar representert i open klasse. Veteranlaget har to aksjer i vandrepokalen og kan ta denne til odel og eige i år. I herrestafetten har både Jølster og GFIL to aksjer. Vi går ut i frå at eitt av desse laga stikk av med vandrepokalen i år. Det dominerande laget i Oldestafetten dei siste åra har elles vore Hyen. Dei stiller nok sterkt også i årets stafett.
Oldestafetten har lange tradisjonar og lever i beste velgåande. Deltakinga har vore god i gute- og jenteklassen dei siste åra. Vi håpar no på at fleire vaksne stiller opp i dei ordinære klassane eller i open klasse. Alle som er for unge til å delta på hovudstafetten, kan delta på stafettleiken for born (6-10 år) på idrettsplassen.
Løypa er rydda etter "Dagmar" sine herjingar i jula og alt er klart for ein ny flott Oldestafett,
Påmeldingsfristen går ut 24.april, men vi tek imot etteranmeldingar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024
Innkalling til årsmøte
23.01.2024
Registreringsskjema fjelltrimmen 2023-2024
07.09.2023
Adelskalenderen 2022
25.05.2023
Resultat fjelltrimmen 2022
25.05.2023