Oldestafetten 25.april
Postet av Olden IL den 13. Apr 2010
Søndag 25. april er det klart for den 56. Oldestafetten. Påmeldingsfristen er sett til tysdag 20. april. Idrettslaget har fått løyve til å opne brua over Laukifossen på stafettdagen. Dette betyr at jente- og guteløypa vert den same som dei siste åra. I fjor deltok totalt 33 lag i hovudstafetten. Heile 17 gutelag stilte til start. Her sette Hyen ny solid løyperekord. Hyen (GFIL) forbetra også rekorden i herreløypa.
Arrangøren håpar på mange deltakarlag og minner om open klasse som omfattar bedriftslag, familielag, grendalag eller andre konstellasjonar.
I fjor stilte Olden 3 gutelag, 2 jentelag, 1 damelag og 1 veteranlag. Vi håpar å få til minst det same i år. Vi satsar og på å få til eit herrelag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024
Innkalling til årsmøte
23.01.2024