Helge med siger nr. 100

Postet av Olden IL den 4. Des 2006

Laurdag 2. des. vart det ein ny utklassings-siger på maraton til Helge Hafsås. I maratonkarusellen i Bergen var han med tida 2.33.34 heile 23 min. føre nestemann.

Dette var siger nr. 100 i maratonløp/ultraløp. Helge står no bokført med 93 1. plassar i maraton, 5 1. plassar i 63 km-løp og 2 topp-plasseringar i 100km-løp.

Sigeren i Bergen var den 13 på maraton denne sesongen. Vinn han også Nyttårsmaraton i Ålesund 29/12, vil han og tangere sin eigen rekord frå i fjor med 14 førsteplassar på maraton på eitt år.

Når vi først er inne på statistikk, vi lurer på om Helge i tillegg kan ha norgesrekorden (evt. verdsrekorden) i antal maratonløp under 2.40. Han har nemleg så langt sprunge under 2.40 heile 78 gongar. Reknar vi og med maratonpasseringane på ultraløp, vert talet 82. Av desse igjen har 39 av løpa gått unna på tider under 2.35. Helge har mange store prestasjonar bak seg, men 82 gongar under 2.40 er kanskje det som imponerer oss aller mest. Men vi veit at for Hafsåsen er det aldri snakk om å ta det med ro og berre sikre sigeren. Her er det full pinne uansett.

Vi får prøve å finne ut av dette ved eit seinare høve.

Oppdatert liste over alle maraton-/ultraløp-sigrane til Helge kan du finne i dokumentarkivet på heimesida.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.