Referat av Årsmøte 2022
Postet av Birte Krogh Høgalmen Holko den 25. Jul 2022
Møteprotokoll for Olden idrettslag Årsmøte
Dato: 15.mars.2022
stad: Lagsbygget
14 stk møtte til møtet.
Sakliste:
1.1 Godkjenning av innkalling – Godkjent utan merknad
1.2 Godkjenning av sakliste – Godkjent utan merknad
1.3 Val av møteleiar Leiv Arne Egset
1.4 Val av referent: Birte Krogh Høgalmen Holko
1.5 Val av to personar til å skrive under på møteprotokollen:
Kjartan Urne og Ragnvald Flåten
Følgande kontingent vart vedteke
- Rune Holen hadde laga presentasjon av planane som han viste på årsmøtet. Bana skal vere på 50m x 30m + 3m buffersone rundt heile, totalt 2016 m2. Plassering ved skulen i sør vestre hjørne aust for friidrettsbana der ballbingen til idrettslaget ligg i dag. Ballbingen er planen at Stryn kommune/ Olden skule skal flytte til ny plassering lenger aust på skuleplassen. Basketbana som ligg i området er planen å snu aust – vest og det er berekna at denne skal få plass mellom kunstgrasbana og sandvolleyballbana. Det er planlagt lysanlegg som skal lyse opp bana og friidrettsbana. Foreløpig er bereiknapris på 4.6 mill inkl mva. Vi reknar med å få 1/3 del i spelemidlar. Bana vart spelt inn i den køen i 2021. Det er tenkt å selge andelar a kr 1000.-
Vedtak: Årsmøtet gir støtte til vidare arbeid med planane og at Stryn kommune/ Olden skule kan starte arbeidet med å flytte ballbingen til ny plassering for å frigjere arealet. Fullstendig spelemiddelsøknad må lagast til og leverast inn til kommuna. Etter dette kan arbeidet med grunnarbeid starte. Grunnarbeidet skal finansierast med salg andelar, bruk av eigenkapital og gåver til prosjektet.Neste årsmøte må ta stilling til evt. låneopptak for å finansiere resten av utbygginga.
Styret: Leiv Arne Egset går ut. Kåre Bruvoll Alme og Asgeir Flåten kjem inn som nye styremedlemmer
Val av leiar: Leiv Arne Egset går ut og Randi Gjengedal er ny leiar.
Val av nestleiar: Birte Krogh Høgalmen Holko
Tove Kristin Vedlog (kasserar), Sondre Guddal Muri fortset i styret.
Idrettsskule: Therese Sunde går ut. Ikkje funne ny enno. Valnemda jobbar vidare med dett. Hege Gjertsen kjem inn igjen etter å ha hatt permisjon eit år. Mariell har vore inne for henne og går ut.
Fotballgruppa: Sondre Guddal Muri på val: Attval
Friidrettsgruppa: Jostein Gjerde på val. Attval
Skigruppa: Ingen på val.
Alpingruppa: Ingen på val
Banenemd: Martin Fredheim Klaesson og Daniel Brynestad går ut. Steinar Slettenes og Jostein Gjerde kjem inn
Oldestafettnemd: Dagfinn Gytri gjekk av som leiar men fortset i nemnda. Ny leiar er Rasmus Bruvoll. Arne Sandnes tok attval. Geir Flåten og Pål Skarstein ikkje på val.
Skarsteinsetra opp: Odd Kjetil Tonning, Andre Opheim, Andreas Drageset på val. Alle tok attval
Idrettsmerkegruppa: Alvhild Flåten og Arne Muri ikkje på val.
Fjelltrimgruppa: Osvald Olsen går ut. Geir Brynestad kjem inn.
Revisorar: Linda og Roar Alsaker: Ikkje på val.
Valnemd: Mette hansen går ut. Gry ingvild Agjeld blir ny leiar. ….. ny nestleiar. Styret må finne ein ny person til valnemda.
Årsmøtet bestemte å erstatte dagens snøskuter med ein som er meir eigna i prisklasse rundt 40.000 kr. Vi får årleg ca 20.000.- i støtte til å køyre opp løyper.
Leiar orienterte om problema som har vore her. Saka har vore oppe på generelt grunnlag i Stryn idrettsråd. Idrettslaget vil medverke til å lage til parkering ved Skarsteintunet og langs vegen i Fagerlid for å dele litt på belastninga.
-Få til eit planverk med regi av Stryn Kommune for sti og løypenettet i kommunen.
- Bokkomiteen orienterte om arbeidet. Kostnader med å lage boka vart spelt inn 13.2 2020 og var på 242.546,- Det var opplyst at forventa salgspris på boka er ca 400kr. Dvs at det må selgast over 600 bøker for å ikkje gå i minus. Bokkomite skal sjekke ut om det er muleg å gjere dette rimelegare. Årsmøtet er positiv til å lage bok, men meinar at kostnadane må kome ned på eit mykje lavare nivå for å gjennomføre prosjektet.Idrettslaget kan ikkje bruke fleire hundre tusen på å lage ei bok.
-100 års markering: Sidan jubileet ikkje vart markert no under pandemien vart det foreslått å ta ei felles opning av lagsbygget, kunstgrasbana og jubileet når bana er ferdig.
8.4 Styrkerom/Lagshus
Styret må her finne personar som kan sjå etter utstyret og ha kontroll med bruken. Dette gjeld åpningstider, reinhald, oppslag på norsk og slovakisk. Dei som brukar rommet må skrive under kontrakt der dei tek ansvar for å følgje reglane som gjeld. Styret hentar inn tilbod på adgangssystem som gjer at vi har meir kontroll på bruken. Det kom innspel at prisen er for lav. Styret utabeider nye prisar
Kjartan Urne Ragnvald Flåten
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.