BASAR 12.NOVEMBER

Postet av Olden IL den 6. Nov 2017

Vi minner om Olden IL sin tradisjonelle basar som går av stabelen førstkomande søndag kl 15:00 i Aldaheim.  Midtvegs i basaren blir det ein pause med servering av kaffi/saft, kaker og påsmurt. Det blir også premiering av fjelltrimmen ila av arrangementet.

Vi gjentek samtidig oppmodinga til alle medlemmer og deltakarar om å levere 2 stk. åregevinstar pr familie/husstand. Dette kan gjerast direkte i Aldaheim søndag mellom kl 11.00 og 13.00Alternativt kan gevinstane leverast på Bunnpris ila denne veka, dersom det høver betre. Lever då før laurdag kl 1700.

FOR DEI SOM ER I KOMITE:

Det har av ulike årsaker blitt endringar nokre av komiteane. Ajourførte komitelister finn de i linken under.  Vi håper at alle stiller opp. 

NB: EKSTRA OPPGÅVE FOR PYNTEKOMITE: Pyntekomite må sørge for at mikrofon/lydanlegg er oppmontert.

Det kan være andre oppgåver som ikkje var nemde i innkalling som vi i hovedkomiteen rett og slett ikkje kom på, eller visste tte gjerast. Vi håper difor at alle har ei positiv innstilling til å hjelpe til dersom det skulle dukke opp arbeid som må gjerastmen som ingen har fått «ansvar» for ifølge innkallinga.

Velkomne, og på førehand takk for innsatsen.

-HOVEDKOMITEEN-


OLDEN IL basar innkalling.docx



Skarsteinsetra Opp 2017

Postet av Olden IL den 14. Sep 2017

Dag Arne Eide og Johannes Thingnes Bø (Foto: Arild Hafsås)


Marius Vedvik (Foto: Odd Sindre Tonning)


Ingrid Fjellestad og Stig Svalheim (Foto: Odd Sindre Tonning)

Utruleg sterke prestasjonar både i løp og sykling, ikkje tvil om at det var svært høg kvalitet over mange av deltakarane i årets utgåve av Skarsteinsetra opp! To tider under den gamle rekorden i løp og ein tett og god konkurranse mellom Marius Vedvik og Johannes Thingnes Bø! Spennande. 
Det var og kjekt at Stig Svalheim endeleg greidde å setje ny rekord for sykkel etter to år med ei tid eitt sekund bak.


Gledeleg og at så mange stiller på i trimklassen. Nærare 200 deltakarar lagar ei flott ramme rundt arrangementet og god stemning langs løypa og på setra! Alt i alt ein strålande dag med mykje god og ekte idrettsglede på alle nivå og mange positive tilbakemeldingar frå dei som deltok! :)


Odd Kjetil Tonning




Årsmelding Olden IL 2016

Postet av Olden IL den 28. Apr 2017

I linken finn du årsmelding frå leiar og frå alle gruppene i idrettslaget.


Aarsmoete olden il 2017.pdf



Løpskarusell 2017, resultat løp 1

Postet av Olden IL den 19. Apr 2017

Resultat løpskarusellen 2017, 1.løp.

pet var arrangert i joggeløypa rundt Olden skule 17. april (2. påskedag) kl. 18.00.

Alder

Namn

Resultat

Gutar 9 år

Brage Holen

2.02.0

Gutar 10 år

Håvard Egset

Delteke

Gutar 12 år

Magnar Fredheim

1.42.3

Ruben Eide Gjerde

1.48.4

Markus Lindvik Gjerde

2.09.2

Gutar 14 år

Steffen Melheim

1.23.6

Jenter 16 år

Jannike Melheim

1.33.4

Gutar 18 år

Mathias Melheim

1.32.7




Velkommen til den 79. Breimstafetten 7.mai 2017

Postet av Olden IL den 19. Apr 2017

7. mai er det klart for den 79. Breimstafetten på Reed. Påmeldingsfrist er 3.mai. Trykk på linken for meir informasjon og program for dagen.


Breimstafetten 2017.pdf




Velkommen til den 63.Oldestafetten 30.april 2017

Postet av Olden IL den 13. Apr 2017

No er det på tide på melde på lag til Oldestafetten! Fristen er 25/4. Trykk på linken for å få den informasjonen du treng.

Oldestafettinnbyding 2017 (4).doc



Årsmøte OIL

Postet av Olden IL den 30. Jan 2017

Årsmøte i OIL vert mandag 27/2-17 kl. 2000 på Yris café. Vanlige årsmøtesaker. Har du andre saker må desse vere sendt til styret innan 15/2-17.


Sakliste aarsmoete Olden IL 2016.doc


Styret