Hafsås med ny løyperekord i Bergen
Postet av Olden IL den 6. Des 2009
Laurdag tok Helge Hafsås sin 126 maratonsiger. Under maratonkarusellen i Bergen sette han ny løyperekord med tida 2.37.21. Nr. 2. i løpet kom inn på 2.51.38. Dette var Helge sin 12 maratonsiger i 2009. I tillegg har han vunne 3 ultraløp dette året. Tida er den nest beste han har prestert i år. Helge hadde på førehand sett seg som mål å setje ny løyperekord. Det greidde han med ein margin på vel eit minutt. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal sprang i sitt 375 maratonløp inn til årsbeste på tida 3.41.35. Inge Asbjørn er den mannen i Norge som har sprunge flest maratonløp. Forrige søndag deltok han også i Lanzarote maraton der han vart nr. 8 i klasse 55-59 år.
Flott idrettslagsbasar
Postet av Olden IL den 23. Nov 2009
Det var god stemning og fullt hus då Olden IL avvikla den tradisjonelle idrettslagsbasaren i Aldaheim på søndag. Det kom inn godt over 36.000 kr. Eit resultat idrettslaget seier seg svært godt fornøgd med. I pausen fekk Helge Hafsås overrekt blomster av leiar i friidrettsgruppa Hans-Petter Galtung. Olden IL ynskte å markere at Helge i august vart offisiell norsk meister i ultraløp for andre gong då han vann 6-timersløpet på Eidsvoll. Så langt i år har han vunne 11 maratonløp og 3 ultraløp.
Olden IL vil takke alle som støtta idrettslaget med gevinstar og kjøp av lodd/årar. Ei særleg takk til basarkomiteen som stod for avviklinga av ein svært vellukka basar.
Olden IL-drakter
Postet av Olden IL den 23. Nov 2009
Vellukka avslutningsfest i Aldaheim
Postet av Olden IL den 21. Nov 2009
Helge med årsbeste på Jessheim
Postet av Olden IL den 16. Nov 2009
Årsmøte 12. des.
Postet av Olden IL den 9. Nov 2009
Mandag 12. desember er det klart for årsmøte i Olden IL kl 20:00 på Olden Helsetun
Hafsås til topps i Bergen
Postet av Olden IL den 26. Okt 2009
Helge Hafsås leverte ein sterk 100 km i Bergen på laurdag. Med tida 7.11.43 var han ein god halvtime føre Per Olav Bøyum, Syril. Dette er vel 24 min raskare enn det han sprang på i same løypa i fjor. Det er likevel langt fram til hans eigen norske rekord frå 2006 på 6.50.15. Det var fine forhold under løpet. Som vanleg opna Helge knallhardt og passerte maraton på 2.45.36. Han fekk ein down-periode etter ca. 60 km, men kom igjen på slutten og greidde å heve tempoet igjen på dei siste to mila. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal gjennomførte og 100 km-løpet.
Les meir på kondis.no
Helge Hafsås klar for 100km i Bergen
Postet av Olden IL den 23. Okt 2009
Helge Hafsås vann ultraløp i Drammen
Postet av Olden IL den 5. Okt 2009
Kjendisen Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 27. Sep 2009
Prix regionsleikar på Sandane søndag
Postet av Olden IL den 22. Sep 2009
To KM-titlar til Anders Muri
Postet av Olden IL den 21. Sep 2009
Anders Muri vart krinsmeister på 100m og i tresteg i 16-årsklassa i Florø på laurdag. Tida på 100m vart 12.13, 1/100 framfor Jørgen Sunde Farsund, Førde. I tresteg oppnådde han 11.73, 13 cm bak persen. Anders var einaste deltakar frå Olden denne gongen.
KM og krinsleikar i Florø 19-20sept.
Postet av Olden IL den 15. Sep 2009
Hafsås vann igjen
Postet av Olden IL den 13. Sep 2009
Laurdag vann Helge Hafsås Stemshaug maraton i Aure på Nordmøre for sjette gong på rad. Under dårlege tilhøve med regn og vind kom han inn på 2.52.10. Inge Asbørn Haugen, Hornindal var fornøgd med å vere under timen bak med tida 3.49.36. Dette var Helge sin 4. siger på kort tid. På 4 helgar har han no blitt norsk meister på 6-timersløp og vunne Nordvest maraton, Trondheim maraton og Stemshaug maraton. Imponerande, men det er gjort før. Det var han sjølv som stod for nøyaktig den same bragden i 2007. Den gongen var det ikkje offisielt NM i 6-timersløp på Eidsvoll, men til gjengjeld sette han då nordisk rekord for så på 3 helgar å vinne akkurat dei same maratonløpa som i år.
Sjå elles reportasje på kondis.no
Maratonsiger nr. 123 til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 7. Sep 2009
Lagsmeistersakp i friidrett komande onsdag
Postet av Olden IL den 7. Sep 2009
Onsdag 9. september samarbeider Olden IL med Hornindal, Vikane og Oppstryn om å arrangere lagsmeisterskap i friidrett på Hornindal stadion. Alle som er 8 år og eldre kan delta. Øvingar : 60, 100m, lengde, høgde, liten ball, spyd, kule, 600m og 800m. Felles transport frå Ica kl. 17.00. Påmelding frå kl. 18.00. Stemnestart kl. 18.30. Alle som deltek vil bli premierte på avslutningsfesten.
Ny siger til Hafsås
Postet av Olden IL den 30. Aug 2009
Meir om NM
Postet av Olden IL den 24. Aug 2009
Som vanleg la Helge Hafsås ut i stort tempo. Undervegs i løpet fekk han imidlertid så store problem at han var nær ved å bryte løpet. Etter 4 timers løping måtte han gje frå seg leiinga, men Helge har ein utuleg viljestyrke og greidde å kome tilbake og vinne ein klar siger 1,5 km føre Jon Harald Berge, IF Sturla, med 82,856 km og Gjermund Sørstad, SK Vidar, med 82,722 km.
Hafsås norsk meister
Postet av Olden IL den 23. Aug 2009
Kan Helge Hafsås ta ein ny NM-tittel ?
Postet av Olden IL den 21. Aug 2009
Som vi hugsar vart Hafsås den aller første offisielle noregsmeisteren på 100 km i Bergen i fjor haust. Kan han og bli den første offisielle noregsmeisteren på 6-timersløp ?
Så langt i år har Helge vunne 7 maratonløp. I juli månad vann han både Jølster maraton og Hornindalsvatnet maraton. Men no er det ein offisiell NM-tittel det står om. Vi ynsker Helge lukke til med mange rundar på Trandum. Kanskje kan han og true sin eigen noregsrekord . Starten går kl. 10.00 i morgon tidleg.
Meir om Veidekke-leikane
Postet av Olden IL den 22. Jun 2009
Anders nådde ikkje finalen på 100m i år. Han vart nr. 2 i sitt forsøksheat med tida 12.09. Dette er årsbeste. I B-finalen vart det 3. plass med 12.35, i sterk motvind (-2,7). Vinnartida i A-finalen vart 11.52. 5 løparar sprang under 12.00. Anders må likevel seie seg godt fornøgd med resultata på Veidekke-leikane i år. 3. plassen i lengde (på same resultat som nr 2) var over all forventning i høve til det lange skadeavbrekket i vinter.
To staute representantar for den lokale friidretten : Siv Malin Nesje (15), Oppstryn IL og Anders Muri ,Olden IL. Siv Malin fekk sitt beste resultat i spyd med ein andre plass med heile 41.07. Resultatet gjev 1000 p. på Tyrvingtabellen. Vi kan elles legge til at far til Siv Malin kjem frå Olden.
Gode resultat av Anders Muri på Veidekke-leikane
Postet av Olden IL den 20. Jun 2009
Anders Muri vann på YIT -leikane
Postet av Olden IL den 19. Jun 2009
Løpskarusellen. Anders Muri tangerte løyperekorden.
Postet av Olden IL den 8. Jun 2009
Det andre løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule måndag 8.juni. 18 utøvarar stilte opp denne gongen. Klart beste tid fekk 16-åringen Anders Muri. Tida 1.18.7 er tangering av løyperekorden. Både Sondre Guddal Muri og Joar Sunde har oppnådd denne tida før. Dette viser at Anders er på rett veg fram til storstemnet Veidekke-leikane på Lillehammar om knappe to veker. Sjøl om tilhøva ikkje var dei aller beste, var det og fleire andre som viste fin framgang.
Hafsås vann "Det norske fjellmaraton" for 5.gong
Postet av Olden IL den 7. Jun 2009
Laurdag vann Helge Hafsås "Det norske fjellmaraton" for 5. gong. Med tida 2.50.20, var han vel minuttet føre nr. to Tore Sand-Hansen frå Modum. Det var sol og gode løpsforhold over Valdresflya under løpet, som vart arrangert for 30. gong. På halvmaraton vart Einar Strand nr. 11 i klasse 50-54 år på tida 1.27.56.
Helge har tidlegare vunne Fjellmaraton over Valdresflya i 1999, 2005,2006 og 2007. 5 km før mål i årets løp låg han på 2. plass, men Helge greidde altså å rive seg laus og sikre sigeren på dei siste kilometarane. Dette var Hafsås sin 119 siger på maratondistansen.Løpskarusellen 2009
Postet av Olden IL den 15. Mai 2009
Første løpet i løpskarusellen 2009 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 15.mai. P.g.a.påskeferie og mange andre arrangement i april, kom vi seint i gong med løpskausellen i år. Vi satsar likevel på å arrangere 3 løp før sommarferien. Det var litt skuffande at berre 20 utøvarar var med denne gongen. Men dei som møtte opp gjorde ein flott innsats og viste flott framgong i høve til i fjor. Aller raskast var Sondre Guddal Muri (16) som berre var vel eit sek. bak løyperekorden. Det vil bli arrangert eit løp til i joggeløypa. Løpskarusellen vil som vanleg bli avslutta med "Jakobsprinten" i Oldedalen.
Heimesida
Postet av Olden IL den 12. Mai 2009
Adressa til heimesida vår er : idrett.speaker.no/il/olden. P.g.a. datatrøbbel vart ikkje heimesida oppdatert i ein periode, men vi er no godt i gong igjen og skal prøve å vere oppdatert på det som rører seg i Olden IL.
Fotballen i Olden kan du lese meir om på : bjartehaugen.com Her vil du finne treningstider, kampresultat og kampreferat.
Meir om Ålesund maraton
Postet av Olden IL den 12. Mai 2009
Helge Hafsås vann Ålesund maraton på ny årbeste
Postet av Olden IL den 9. Mai 2009
Meir om Strynehalleikane.
Postet av Olden IL den 5. Mai 2009
Som tidlegare nemnt hadde Olden største troppa på Strynehalleikane med heile 23 deltakarar. Utøvarar frå Olden gjekk til topps i 17 øvingar. Vi tek her med klassevinnarane :
J12 : Johanne Øye Hol, høgde. J14 : Kristine Eide, 40m og Janne Grete Myklebust, lengde. J17 : Lillian Eide, 40m, kule og lengde og Hildegunn Mykløen, høgde. G10 : Olav Egset (9), lengde. G11 : Sondre Ljosdal Galtung, høgde, kule, lengde og Mons Eirik Haugen Vangberg, 40m. G12 : Bendik Kvamme, høgde og Lars Marius Kveen Gjertsen, kule. G13 : Anders Egset, høgde. G16 : Anders Muri, 40m og Sondre Guddal Muri, kule.
Avslutning av idrettsskulen
Postet av Olden IL den 5. Mai 2009
Torsdag 16. april vart idrettsskulen 2008-2009 avslutta. I år, som i fjor, var det kanopadling på Floen som stod på programmet denne siste gongen. Både foreldre og ungar storkosa seg med grilling og diverse aktiviteter på land i tillegg til kanopadlinga.
Olden vann opa klasse på Breimstafetten
Postet av Olden IL den 3. Mai 2009
I år som i fjor gjekk Olden til topps i opa klasse på Breim. Vi var ca. 3,5 sek. føre Florø i mål. På tredjepass følgde Breimsbygda sitt 1. lag. Laget vårt som kun bestod av 16- og 17-åringar: Harald Andre L. Galtung, Lillian Eide, Ole Myklebust, Sondre Guddal Muri, Hildegunn Mykløen og Anders Muri. Etter 5 etappar veksla vi som nr. 4, men med ekspressen Anders Muri på siste etappe, var det aldri tvil om kvar sigeren ville hamne. Tida i år var 6/10 svakare enn i fjor.
Det svært unge gutelaget vårt vart i år nr. 10 av i alt 11 lag.
Tida for gutelaget var omlag som i fjor. Her sprang : Anders Egset, Sondre L. Galtung, Jens Guddal Muri, Mons Eirik Vangberg, Asgeir Flåten, Andreas Løken, Rasmus Skarstein og Odd Sindre Tonning. Laget hadde heile 9 år til gode på samla alder. Innsatsen tyder på at her har vi noko å byggje på i åra som kjem.
Dessverre greidde vi ikkje å stille med veteranlag i år, men vi er sikre på at veteranane kjem sterkare tilbake på neste Breimstafett.
Flott Oldestafett med to nye løyperekordar
Postet av Olden IL den 26. Apr 2009
Hyen vart det store laget på Oldestafetten i år. Både i gute- og herreklasse vann dei suverent på nye fantastiske løyperekordar. I herreklassa sprang hyarane (GFIL) på 8.27.3 og knuste dermed den gamle rekorden som GFIL sette i 1992 på 8.37,7. I guteklassa vart det og solid løyperekord. Tida 5.42.4 var 7,4 sek. betre enn den gamle rekorden til Jølster frå 2005. Førde vart her nr. 2 og Olden 1 nr. 3. Også Førde sprang under den gamle løyperekorden. Olden var suverene i veteranklassa. Jenteklassa vart vunnen av STIL. Fjellhug/Vereide-STIL vann dameklassa og i open klasse gjorde Bruspulverguttene ein flott stafettinnsats. |
Maratonsiger nr. 117 til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 26. Apr 2009
Helge Hafsås tok laurdag sin maratonsiger nr. 117 då han vann Rett vest i Florø. Dette var hans 10 siger i dette løpet på 11 år. Tida vart 2.48.08. Einar Strand vart nr. 2 på 10 km i klasse 50-59 år. |
Meir om Oldestafetten
Postet av Olden IL den 26. Apr 2009
Her kjem meir stoff om Olden sin innsats på heimebane i den 55. Oldestafetten.
Veteranane tok som tidlegare omtalt ein suveren siger vel 8 sek. føre Jølster. Joar Sunde la grunnlaget på 1. etappe og kunne gje pinnen til Roar Alsaker med solid leiing. Helge Hafsås, med maraton i beina frå dagen før, auka leiinga. Med Einar Strand på 4. etappe og Asbjørn Gjerde på siste, kunne Olden paradere inn til sin 7. siger i klassa for veteranar.
I guteklassen var det ikkje venta at vi kunne kjempe om sigeren i år. Ein 3. plass var eit veldig godt resultat av Sondre Guddal Muri, Are A. Tenden, Anders Muri, Sondre Ljosdal Galtung og Odd Sindre Tonning. 2. laget vart nr. 6 av 17 lag og leverte den beste tida (6.19) av eit 2. lag frå Olden nokon gong. Også 3 laget kom under 7. min denne gongen og presterte å legge to andre lag bak seg. Tida er den suverent beste av eit 3. lag frå Olden nokon gong.
Dei to jentelaga gjorde også ein solid innsats. 1. laget vart nr. 4 av 7 lag. Her sprang Kristine Eide, Kristine Tonning, Terese Tenden, Lise Mari Tonning og Janne Alsaker. Tida 7.29 er den beste Olde-jentene har prestert på svært lenge.
Det var og svært gledeleg at vi greidde å stable på beina eit damelag i år. Kun 2 damelag stilte opp i årets stafett. Sjølvsagt vart glopparane altfor sterke for dei unge "damene" våre, men likevel flott levert sidan 3 av "damene" hadde gjennomført etappar på jentestafetten like før.
Vi gratulerer alle deltakarane frå Olden med flott innsats. Det gjeld og alle dei som stilte opp på ministafetten. Neste oppgåve no er Breimstafetten 3. mai.
Vellukka Strynehalleikar
Postet av Olden IL den 18. Apr 2009
Helge Hafsås tilbake på vinnarsporet
Postet av Olden IL den 10. Apr 2009
God deltaking på lagsmeisterskapet innandørs
Postet av Olden IL den 10. Apr 2009
Det var svært god deltaking då Olden sitt lagsmeisterskap i friidrett innandørs vart avvikla i Olden skule 30. mars. Heile 37 utøvarar i alderen 6-17 år konkurrerte i øvingane stille lengde, stille høgde, stille tresteg og kule. Det vart oppnådd fleire gode resultat på stemnet.