Helge Hafsås sine prestasjonar
Postet av Olden IL den 16. Des 2010
Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL
Postet av Olden IL den 9. Des 2010
Friidrettstreningar før jul
Postet av Olden IL den 2. Des 2010
Det vert friidrettstrening i Olden skule måndag 6/12 og måndag 13/12. Treningane er lagde opp som basistrening både for friidrett og fotball. For dei yngste vil det bli lagt vekt på koordinasjon,teknikk, hurtighet, leik og moro. På gruppe 2 vil treningane fokusere meir på spenst, styrke, hurtighet og uthald. Vi skal likevel få plass til ballspel som basket og fotball. Treningane vil halde fram etter jul.
18.00-19-00 Gruppe 1 : 2. - 6. klasse
18.30-19.55 Gruppe 2 : 7. klasse og oppover
Gruppe 2 startar med løpetrening ute kl. 18.30. Hugs refleksvest og gjerne hovudlykt. Trening i gymsalen frå kl. 19.00.
Friidrettsgruppa.
Kontaktperson Hans-Petter Galtung tlf. 90418186
Vellukka avslutningsfest.
Postet av Olden IL den 1. Des 2010
Ca. 50 unge hadde møtt opp på avslutningsfesten for fotball og friidrett på kroa. I tillegg kom ein del vaksne. Alle som hadde delteke på fotball og/eller friidrettsaktivitetane i løpet av sesongen fekk flotte premiar. Bjarte Haugen hadde sett saman eit flott bildeshow med tilbakeblikk på 2010-sesongen. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Vinnarar her vart "Bedrevitarane" Knut og Kari Alsaker, Rasmus E. Skarstein, Sondre Guddal Muri og Harald Andre Ljosdal Galtung. Kun 1 poeng bak følgde "Team Casino" med Jonas H. Drageset, Tony Haugen, Olav Egset og Odd Sindre Tonning. Dei vaksne måtte ta til takke med 3. plassen. 9 lag deltok. Quizen viste at mange av dei unge er svært godt orientert i sportsverda. I pausen vart det servert pizza og brus. Leiar i Olden IL og vert Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane i fotball og friidrett. No er det berre å legge seg i trening framfor 2011-sesongen.
Bjarte har lagt ut mange fine bilete frå avslutningsfesten under bilder på fotballsida. Sjå link til fotballen i Olden i menyen.
Avslutningsfest på kroa onsdag 1. desember
Postet av Olden IL den 30. Nov 2010
Juleavslutning for idrettsskulen
Postet av Olden IL den 30. Nov 2010
Helge Hafsås vann Jessheim vintermaraton
Postet av Olden IL den 22. Nov 2010
Vellukka idrettslagsbasar søndag 21.nov
Postet av Olden IL den 22. Nov 2010
I år vart den årvisse idrettslagsbasaren lagt til ein søndag. Frammøtet vart etter kvart godt og idrettslaget kunne notere seg for ei bruttoinntekt på 32.450. Vi takkar basarkomiteen v/leiar Leiv Arne Egset for ein godt gjennomførd basar. Vi vil og takke alle som ga åregevinstar og loddgevinstar og bygdefolket for god støtte.
Rasmus E. Skarstein vart i pausen tildelt Olden IL sin stimulanspokal for 2010. Han fekk pokalen først og fremst for sine gode resultat i alpint. Sist vinter vart han m.a. krinsmeister i storslalom i klasse 13 år. Han vart nr. 2 samanlagt i Fjord1-cupen i storslalom. Under landsfinalen for 12/13-åringar på Oppdal kom han på premieplass i alle øvingar. Aller best gjekk det i storslalom der han fekk ein 22. plass av 110 deltakarar. Rasmus har og vore svært aktiv i friidrett og fotball. Han har i fleire år vore fast på Olden IL sitt gode stafettlag og var m.a. med på å vinne Breimstafetten i 2007. Han har hatt eit svært godt treningsframmøte og vist gode haldningar til idretten. Olden IL ynskjer han lukke til med den komande sesongen.
Olden IL ville og setje pris på sin mest profilerte utøvar, Helge Hafsås. Sjølvsagt sprang han også denne dagen maratonløp, og sjølvsagt kunne han innkassere ei ny topp-plassering. Denne gongen galdt det Jessheim vintermaraton. Blomsterbuketten måtte derfor overleverast i etterkant. Idrettslaget ville med den markere at han den 10. april tok ein ny offisiell NM-tiittel på 100km, den tredje i ultraløp på like mange forsøk. Han har elles så langt i 2010 vunne 11 maratonløp og står no bokført med heile 137 sigrar på maratondistansen.
Idrettsbasaren
Postet av Olden IL den 20. Nov 2010
Idrettsbasaren
Postet av Olden IL den 20. Nov 2010
Hafsås vann Bergen maraton
Postet av Olden IL den 24. Okt 2010
Idrettslagsbasaren
Postet av Olden IL den 22. Okt 2010
Den årlege basaren til Olden IL vert avvikla i Aldaheim søndag 21. november. Loddsal, åresal, matservering og utdeling av stimulanspokal. Ta godt imot loddseljarane som er på farten no i desse dagar.
Sesongens siste friidrettstrening
Postet av Olden IL den 4. Okt 2010
Løpskausellen
Postet av Olden IL den 1. Okt 2010
Foto:H.P Galtung |
Det tredje og siste løpet i løpskarusellen til Olden IL vart avvikla i joggestien ved Olden skule fredag 1. oktober. Litt skuffande var det at kun 13 løparar stilte til start. Men dei som var med gjorde ein flott innsats. Mange av dei sette fine personlege rekordar i joggeløypa.
3. løpet i løpskarusellen
Postet av Olden IL den 30. Sep 2010
Tredje og siste løpet i løpskarusellen vert avvikla ved Olden skule fredag 1. oktober kl. 18.00. Klassar frå 7 år (fødd 2003) og oppover. Det er ikkje nødvendig å ha vore med på dei tidlegare løpa for å stille opp. Alle som deltek vil uansett få premie på avslutningsfesten.
Friidrettsgruppa
Hafsås vann Flora-mila
Postet av Olden IL den 30. Sep 2010
http://www.firdaposten.no |
Krinsleikar i Førde
Postet av Olden IL den 19. Sep 2010
4 utøvarar frå Olden deltok i krinsleikane i friidrett i Førde på laurdag. Alle var i alderen 10-12 år. På KM som gjekk i Førde på laurdag og på Byrkjelo på søndag, hadde vi ingen deltakarar. Beste resultat i Førde oppnådde ti-åringen Olav Egset med 3.plass i liten ball (13 deltakarar) og 4.plass på 60m (15 deltakarar). Jens August Guddal Muri (11) fekk si beste plassering i lengde med ein 4. plass. Rafael Gildestad (11) vart nr. 5 på 60 m. Sondre L. Galtung (12)vart nr. 5 i liten ball.
Generelt viser resultata at her må det meir spesifikk friidrettstrening til . Olden IL lir elles veldig under mangelen på anlegg. Utøvarane får kun skikkelege tilhøve under konkurransar. Det er veldig tungt å drive friidrett i ein slik situasjon.
Oppdatert statistikk Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 16. Sep 2010
Hafsås tok sin 9,. siger i Trondheim maraton
Postet av Olden IL den 13. Sep 2010
Konkurransekåte Hafsås
Postet av Olden IL den 13. Sep 2010
Vi må og ta med at Helge Hafsås dagen før Trondheim maraton vann Nordstrandløpet som var årets siste løp i Nordfjordkarusellen. Maratonoppladninga elles var som vanleg nattbuss til trøndarane sin hovudstad. Konkurranse dagen før og nattbuss til løpet, er vel ikkje beste oppladninga til ein maraton. Likevel tok Helge sin 9. maratonsiger for året. Han kom under 2.40 for 2. gong denne sesongen.
På Nordstrandløpet deltok Einar Strand i klasse 50-54 år. Han vann denne klassa samanlagt i Nordfjordkarusellen.
KM OG KRINSLEIKAR I FRIIDRETT
Postet av Olden IL den 11. Sep 2010
Det har vore dårleg med stemnetilbod i krinsen denne sesongen m.a. p.g.a. reparasjonar på Byrkjelo stadion, men no er sjansen her.
Laurdag 18 september på Førde stadion :
Krinsleikar 10-12 år : 60m, lengde, liten ball og 600m.
Krinsmeisterskap : For alle 13 år og over. Alle løpsøvingane med stafettar.
Søndag 19 september på Byrkjelo :
KM : Hopp- og kastøvingar for dei som er 13 år og eldre.
Påmelding til Hans-Petter, tlf. 41530792, seinast onsdag 15. sept. kl. 20.00.
Laurdag : Avreise frå Ica kl. 10.45
Søndag : Etter nærare avtale.
Olden IL-jakke
Postet av Olden IL den 11. Sep 2010
To oldarar først over Brekka.
Postet av Olden IL den 9. Sep 2010
To oldarar først over Brekka.
Postet av Olden IL den 8. Sep 2010
Lagsmeisterskap i friidrett i Hornindal søndag 29.aug
Postet av Olden IL den 26. Aug 2010
Det har vore dårleg med stemnetilbod i friidrett denne hausten. Men Hornindal IL inviterer no til eit utvida lagsmeisterskap på Hornindal stadion søndag 29. august. Hornindal, Oppstryn, Vikane og Olden vil samarbeide om arrangementet.
Påmelding ved frammøte i Hornindal kl. 14.30. Stemnestart kl. 15.00. Tidspunktet er sett så seint fordi Hornindal denne dagen også arrangerer miniturnering i fotball. Dei som er med her kan no få prøve seg på nokre friidrettsøvingar etter fotballen.
Aldersgruppe frå 8 år og oppover. Ingen startkontingent. Olden vil premiere sine utøvarar på avslutningsfesten i Aldaheim. Øvingar : 60m/100m, lengde, høgde, liten ball, spyd, kule, 600m/800m.
Dei som treng transport må ta kontakt med Hans-Petter på førehand. Tlf. 41530792. Avreise frå Ica kl. 13.30
Maratonsiger nr. 134 til Hafsås
Postet av Olden IL den 26. Aug 2010
Sparebankleikane er avlyst.
Postet av Olden IL den 3. Aug 2010
Nok ein 2. plass til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 26. Jul 2010
Nok ein maratonsiger til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 6. Jul 2010
Laurdag 3. juli sikra Helge Hafsås seg sin 11. siger på Jølster maraton. Han sprang inn til ein suveren 1. plass på tida 2.47.07. Det var altfor varmt til å oppnå dei store tidene. Målaren viste 25 grader i skuggen. Einar Strand gjennomførde halvmaraton. Tida 1.35.09 heldt til ein 3. plass i klasse 50-54 år.
Det at Helge vinn maratonløp er ingen sensasjon. Det er ein langt større sensasjon at han blir nr. 2. Det skjedde på Nordmarka skogsmaraton den 12. juni. Alle som har sprunge i Nordmarka veit at dette er eit terreng som ikkje passar Helge spesielt godt. Likevel hadde han leiinga storparten av løpet. Men på slutten vart Harald Solhaug Næss frå idrettslaget Driv for sterk. Han kom først i mål på tida 2.48.20. Helge fekk 2.51.39 i sin debut i den kuperte traseen.
Fin friidrettsdag i Førde
Postet av Olden IL den 15. Jun 2010
Åtte frå Olden i alderen 9-12 år var blant dei ca. 150 deltakarane på YIT-leikane i Førde laurdag 12. juni. Ekstra gledeleg var det at vi denne gongen hadde jenter som stilte opp. Det vart ingen 1. plassar til Olden denne gongen, men flott innsats og mange personlege rekordar. I klasse 9 år vart Jannicke Melheim nr. 3 på 60m. Kristine Tonning (12) vart nr. 4 på 60m og fekk nest beste tid på 600m trass i at ho måtte springe heilt åleine i eit ekstra løp. Olav Egset (10) vart nr. 7 av 13 deltakarar på 60m. Rafael Gildestad (11) gjorde det best på 60m der han vart nr. 8 av 18 deltakarar. I lengde i same klasse vart Jens Guddal Muri nr. 8 av 17 deltakarar. Mathias Melheim (11) gjorde det best på 60m der han vart nr. 12 av 18. I 12-årsklassa vart Odd Sindre Tonning nr. 3 på 60m. Sondre L. Galtung vart nr. 3 i lengde. Han vart og nr. 3 i spyd i klasse 13 år.
No vert det pause i konkurransane. Neste banestemne vi skal stille på her i krinsen er Sparebankleikane på Byrkjelo 6-8 august. DM for Nordfjord er sett opp 22. august og KM 18-19sept. Vi skal og ha eit løp til i løpskarusellen og arrangere lagsmeisterskap på bane.
Flott Olden-innsats på Sandane
Postet av Olden IL den 7. Jun 2010
Omlag 90 utøvarar deltok i regionsleikane på Sandane på søndag. Det var strålande forhold, men litt skuffande at berre 4 frå Olden prioriterte å vere med på dette flotte rekrutteringsstemnet. Men dei som var med frå Olden gjorde ein flott innsats. Dei konkurrerte i øvingane 60m, lengde og liten ball. Sondre L. Galtung vann alle øvingane i 12-årsklassa. I klasse 10 år vann Olav Egset 60m, fekk delt 1. plass i lengde og vart nr. 2 i liten ball. Blant 11-åringane oppnådde Rafael Gildestad den beste plasseringa på 60m med ein 4, plass. I same øving vart Matias Melheim nr.5 av 9 deltakarar. På 4x60m stafett vann Olden sitt heat klart og vart totalt nr. 2 av i alt 21 lag, kun 1/10 sek. bak Brodd. Dei 4 gutane forsvarte dermed Olden sine sterke stafett-tradisjonar. For fullstendig resultatliste sjå heimesida til Fjellhug/Vereide !
Komande laurdag er det klart for YIT-leikane i Førde. Dette stemnet er for alle i alderen 8-22 år. Sjå innbyding under info. frå friiidrettsgruppa annan stad på nettsida ! Vi håpar at fleire frå Olden då vil nytte sjansen til å prøve seg i eit stemne før sommarferien.
Løpskarusellen
Postet av Olden IL den 6. Jun 2010
Andre løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløype ved Olden skule på laurdag. Det var svært skuffande at kun 7 deltakarar stilte opp i det flotte veret. Så dårleg deltaking har vi ikkje hatt på ti år. Kanskje tidspunktet var feil eller kanskje veret var for fint. Uansett gjorde dei som var med ein flott innsats. Fleire forbetra seg kraftig tidsmessig.
Hafsås raskast over Valdresflya
Postet av Olden IL den 5. Jun 2010
Olden-Loen 6-3
Postet av Olden IL den 3. Jun 2010
Årets kamp på Alda stadion
Postet av Olden IL den 2. Jun 2010
Helge vann på Hadeland.
Postet av Olden IL den 31. Mai 2010
Informasjon frå friidrettsgruppa
Postet av Olden IL den 23. Mai 2010
ENDRINGAR PÅ TERMINLISTA : KM som var terminfesta til 12-13/6, vert flytta til hausten p.g.a. at Byrkjelo stadion ikkje er klar etter rehabiliteringa fram mot Hovud-NM i 2011. Ny terminliste
YIT-leikane i Førde vert derfor flytta frå 6. juni til 12. juni. Vi satsar på å få med mange oldarar til Førde den 12. juni. Innbydinga vil bli lagt ut på Olden si nettside så snart den ligg føre. Sjå innbyding
Regionsleikar/kongleleikar vert i år arrangert på Sandane søndag 6. juni kl. 13.00. Dette stemnet har tidlegare gått seint på hausten. Det er eit rekrutteringsstemne for aldersgruppa 8-12 år (f. 2002-1998). Alle konkurrerer i øvingane 60m, lengde og liten ball + 4x60m stafett. Alle som deltek får medalje. Vi håpar at mange frå Olden vil prøve seg i dette stemnet. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 2. juni. Sjå innbyding !
Hafsås tok sin 12. siger i Ålesund maraton og sin 130. maratonsiger totalt.
Postet av Olden IL den 8. Mai 2010
Helge Hafsås vann i dag Ålesund maraton for 12. gong. Dette var hans 130. siger på maratondistansen. Tida vart 2.38.29 som er årsbeste. Ingen andre kom under 3 timar. Forholda var ikkje dei aller beste med regn og kun 6-7 grader. Einar Strand sprang halvmaraton og vart nr. 2 i klasse 50-54 år på tida 1.31.54.
Inge Asbjørn Haugen fullførte sitt maratonløp nr. 383. Dvs. at han har 17 løp igjen for å nå målet sitt om å springe sitt maratonløp nr. 400 i løpet av 2010. Neste veke skal han til Sverige for å springe 5 maratonløp på 5 dagar !
Statistikk om Helge Hafsås finner du her
Meir om Breimstafetten
Postet av Olden IL den 3. Mai 2010
Som nemnt vart det ein flott Breimstafett 2. mai. 50 lag deltok i hovudstafetten og i Kongleriket ministafett (skulelag for "småskulen") var 25 lag med. På Olden sitt vinnarlag i opa klasse (mix stafett) sprang : Harald Andre Galtung, Hildegunn Mykløen, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Ingrid Fjellestad og Anders Muri. Harald Andre veksla som nr. 2 av 7 lag på 1. etappe etter ei sterk forsering i motebakken. Hildegunn heldt godt følgje. Sondre plukka opp og Ole sprang oss opp i leiinga på 4. etappe. Ingrid heldt god fart, men måtte sleppe Breimsbygda forbi seg. Med Anders på siste etappe var det likevel ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne.
På det vinnande veteranlaget sprang : Helge Hafsås, Einar Strand, Joar Sunde, Roar Alsaker, Arild Hafsås og Asbjørn Gjerde. Helge sleit med tunge bein på 1. etappe, men både Joar og Roar plukka folk på sine etappar. Arild og Asbjørn kunne derfor sikre 1. plassen på dei to siste etappane.
På det svært unge gutelaget vårt sprang : Kristine Tonning (12), Sondre L. Galtung (12), Andreas Løken (13), Stian Olsbø (9), Asgeir Flåten (15), Jens Guddal Muri (11), Odd Sindre Tonning (12) og Jonas Henden Drageset (10). Dette gjev ein samla alder på 94 som er 10 år under den max.alderen vi kunne ha. Dei gjorde ein flott innsats og slo Fjellhug/Vereide og sprang raskare enn i fjor. Dette er absolutt løparar for framtida dersom dei er villige til å trene vidare.
Flott Breimstafett med to klassesigrar til Olden
Postet av Olden IL den 2. Mai 2010
Det vart ein flott stafettdag på Reed i dag. Fint ver, tørre løyper og to klassesigrar til Olden. I opa klasse vart det siger for 3. året på rad, knappe 7 sek føre Breimsbygda. Tida var kun 3/10 sek. svakare enn i fjor. Ny på laget i år var Ingrid Fjellestad. Ho sprang ein god etappe og viste sporty innstilling ved å stille opp på kort varsel. Veteranlaget gjorde og jobben og vann klart føre Jølster. Dette var Olden sin 5. siger i veteranklassa på Breim. Vi fekk og revansj over Jølster etter nederlaget på Oldestafetten. Imidlertid hadde Jølster sitt lag i superveteran-klassa betre tid. Det svært unge gutelaget vårt greidde å unngå sisteplassen og sprang på ei tid som var 7 sek betre enn ifjor. Laget kjem nok til å markere seg langt sterkare allereie neste år. Anders Muri kom seg ikkje til finalen i kraftprøva. I kvalifiseringsheatet fekk han ein dårleg start, men kom sterkt på slutten. Det måtte målfoto til for å avgjere finaleplassen. Finalen vart vunnen av Ørjan Midthjell. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete frå Breimstafetten seinare.
Meir om den 56. Oldestafetten
Postet av Olden IL den 27. Apr 2010
Som nemnt deltok 28 lag i Oldestafetten sist søndag I tillegg var 6 lag med på ministafetten på idrettsplassen. Johanna Nygjerd hadde fått det ærefulle oppdraget å halde appellen. Ho sette deltakarne i den rette stemninga før start. Det var heller kjøleg vårver under tilskipinga og på langt nær så gode tilhøve som i fjor. Derfor vart det heller ikkje sett nye rekordar i årets stafett.
Som vanleg var det best deltaking i guteklassa med 12 lag. Hyen kopierte her fjorårssigeren etter hard kamp mot Førde som hamna 1,6 sek. bak. Desse to laga var i særklasse. På 3. plass følgde STIL. Oppstryn gjorde det betre enn på lenge med ein fin 5. plass. Olden stilte i år med svært unge gutelag. Førstelaget kom i mål på 8. plass.
Hyen hadde og det beste jentelaget. Hornindal leia lenge, men måtte sjå seg slått på siste etappe. Olden låg lenge på 3. plass etter at Kristine Tonning hadde sprunge laget heilt opp i teten på 2. etappe. Men jentene måtte til slutt ta til takke med 4. plass for tredje året på rad. Elles var det gledeleg at Hornindal er tilbake og stilte to lag både i guteklassen og i jenteklassen.
I dameklassa var det også Hyen som var sterkast. Olden stilte eit reint søsterlag. Søstrene Eide (Løbakkane) imponerte og var ikkje altfor langt bak hyarane i mål. Dei leverte den desidert beste tida av eit damelag frå Olden nokon gong. Gratulerer til Audhild, Elisabet, Solvor, Kristine og Lillian.
I herreklassa stilte 3 lag. Jølster var denne gongen klart føre Gloppen FIL. Olden stilte med eit svært ungt lag, men dei fem 17-åringane våre greidde seg fint. Tida 9.45 er eit halvt min. betre enn det Olden presterte sist vi stilte seniolag i jubileumsstafetten i 2004.
Olden har vunne veteranstafetten mange gongar, men utan ein sjuk Asbjørn Gjerde på laget vart Jøster denne gongen for sterke.
I open klasse var "Dei fabelaktige fem" klart best og slo "Bruspulverguttene" med 34 sek. Tida var knapt 17 sek. betre enn den "Bruspulverguttene" oppnådde i fjor.
Og komande søndag er det Breimstafett.
Nok ein vellukka Oldestafett.
Postet av Olden IL den 25. Apr 2010
28 lag deltok i årets Oldestafett. Hyen vart også i år det store laget etter å ha gått til topps i 3 klassar ; gutar, jenter og damer. Jølster vann herreklassa og veteranklassa. I open klasse var det "Fabelaktige fem" som kom først i mål. På ministafetten deltok 6 lag. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete seinare.
Hafsås tok laurdag sin 129. maratonsiger
Postet av Olden IL den 24. Apr 2010
Oldestafetten
Postet av Olden IL den 23. Apr 2010
Laguttaket er no klart. Vi prøver å stille 2 gutelag, 2 jentelag, veteranlag og herrelag. I tillegg kjem laga i open klasse. Alle gutar og jenter må møte ved Aldaheim laurdag kl. 16.00
Sjå laguttak og infomasjon !
Oldestafetten på søndag
Postet av Olden IL den 23. Apr 2010
Det har ikkje sett heilt lyst ut med påmeldinga til den 56. Oldestafetten søndag 25.april. Men det ser no ut til at vi får minst 27 lag i dei ulike klassane. Kanskje kan vi og få fleire påmeldingar i siste liten. (I fjor deltok 33 lag). Olden stiller med 7 lag : 2 gutelag, 2 jentelag, veteranlag, herrelag og damelag. I tillegg kjem laga i open klasse og i ministafetten. For første gong sidan jubuileumsstafetten i 2004 stiller Olden i år også lag i herreklassa. Dette er eit lag med kun 17-åringar. Det vert nok altfor hardt å ta opp kampen mot "proffane" frå Gloppen og Jølster, men det er og viktig å prøve å måle krefter mot dei beste. Søstrene på Eide (Løbakkane) har og signalisert at dei vil stille lag i dameklassa eller open klasse. Alle har tidlegare vore sentrale på Olden sitt jentelag og det er flott at dei no stiller eit eige "søsterlag.
Elles har vi høyrt rykter om at det er fleire lag på gang i open klasse. Det gjenstår berre å sjå om desse kan omsetje ord til handling og stille opp når det gjeld på søndag.
Vi oppfordrar oldarane til å heise flagget på søndag. Oldestafetten er ein institusjon i bygda og det er fint for dei tilreisande å kome til ei flaggpryda bygd.
Vi oppfordrar og oldarane til å stille opp som publikum og på den måten slutte opp om eit viktig arrangement for bygda. Det er gratis adgang, kiosk og du deltek i lotteri med mange fine gevinstar ved å kjøpe programheftet.
Resultat Fjelltrimmen 2009
Postet av Olden IL den 15. Apr 2010
Fjelltrimmen 2009
Der var i 2009 12883 oppføringar mot 9334 året før. Skarsteinsætra er den klart mest besøkte posten med 3451 oppføringar framfor Huaren som har 2664.
Suveren vinnar samanlagt vart Birger Fagerlid som i 2008.
Frå i år innfører vi 100 bonuspoeng til dei som er innom alle postane. Det er lagt ut ny post på Fossen Brynestad og poenga på Murisætra er redusert tilsvarande. Heretter gjeld alle bøkene frå 1. oktober til 30. september året etter. Ny bok blir lagt ut i god tid før den gamle blir innsamla.
På dei ulike postane hadde vi desse registreringane. Tala for 2008 står i parentes:
Post | Poeng | Besøk | Flest turar | Turar |
Honnvasshytta | 5 | 791 | Anders Bruvoll | 104 |
-465 | Ola Vangberg | 55 | ||
Aage Eide | 45 | |||
Pål Skarstein | 37 | |||
Per W Skarstein | 36 | |||
Hans P Galtung | 33 | |||
Liv Elisabet Rygg | 31 | |||
Aslak Fure | 31 | |||
Kjell Bjarne Sunde | 23 | |||
Birger Fagerlid | 22 | |||
Svein Gildestad | 19 | |||
Reidun H Skarstein | 15 | |||
André Opheim | 15 | |||
Bente Ljosdal | 13 | |||
Anne Britt Eide | 13 | |||
Johan Fredheim | 12 | |||
Nonshaugen | 3 | 512 | Anders Bruvoll | 104 |
(Vangberg) | -204 | Ola Vangberg | 95 | |
Hans Petter Galtung | 42 | |||
Liv Elisabet Rygg | 29 | |||
Kjell Bjarne Sunde | 29 | |||
Aage Eide | 26 | |||
Pål Skarstein | 21 | |||
Birger Fagerlid | 19 | |||
Bente Ljosdal | 18 | |||
Per W Skarstein | 14 | |||
Johan Fredheim | 12 | |||
Svein Gildestad | 10 | |||
Vangbergsetra | 3 | 1041 | Birger Fagerlid | 200 |
(gamlesetra) | -760 | Ola Vangberg | 163 | |
Anders Bruvoll | 104 | |||
Hans P Galtung | 93 | |||
Bente Ljosdal | 75 | |||
Kjell Bjarne Sunde | 63 | |||
Svein Gildestad | 38 | |||
Johan Fredheim | 31 | |||
Liv Elisabet Rygg | 29 | |||
Aage Eide | 26 | |||
Pål Skarstein | 25 | |||
Per W Skarstein | 23 | |||
Arne Heggestad | 15 | |||
Reidun H Skarstein | 14 | |||
Agjeldsetra | 3 | 107 | Margun Nesje | 12 |
-135 | Amund Nesje | 10 | ||
Bjarne Nesje | 10 | |||
Kristian Nesje | 9 | |||
Magne Agjeld | 6 | |||
Skarsteinsetra | 3 | 3451 | Birger Fagerlid | 375 |
-2414 | Bente Ljosdal | 314 | ||
Svein Gildestad | 212 | |||
Reidun Horrig Skarstein | 211 | |||
Johanna Nygjerd | 204 | |||
Gro Birgit Egset | 133 | |||
Hans P Galtung | 120 | |||
Per Wilhelm Skarstein | 114 | |||
Gunnar Nygjerd | 104 | |||
Kjell Bjarne Sunde | 88 | |||
Anders Bruvoll | 58 | |||
Margun Bjerkvik | 53 | |||
Terje Bjerkvik | 53 | |||
Lone F Kvamme | 51 | |||
Johan Fredheim | 46 | |||
Aslak Fure | 46 | |||
Brita Kvamme | 41 | |||
Pål Skarstein | 41 | |||
Asbjørg Horrig Skarstein | 34 | |||
Ola Vangberg | 24 | |||
Arne Heggestad | 23 | |||
Aage Eide | 22 | |||
Hazel Gildestad | 21 | |||
Osvald Olsen | 21 | |||
Sigrid E Skarstein | 20 | |||
Huaren | 3 | 2664 | Anne Berit Bjørdal | 240 |
-2160 | Tove Kristin Vedlog | 213 | ||
Gerd Sunde | 147 | |||
Bruncak Lobomir | 111 | |||
Egil Solheim | 109 | |||
Kari G. Solheim | 100 | |||
Anne Karin Hafsås | 93 | |||
Arne Steinar Muri | 92 | |||
Kari Tonning | 70 | |||
Oddbjørg Bø Muri | 62 | |||
Berit Folven Bergesen | 48 | |||
Inge Brynestad | 46 | |||
Arild Sunde | 40 | |||
Halvard Muri | 39 | |||
Eldbjørg Skarstein | 36 | |||
Gerd H Brynestad | 30 | |||
Terje Sundsøy | 30 | |||
Ingunn M Tonning | 26 | |||
Avleisetra | 3 | 301 | Anne Berit Bjørdal | 64 |
-344 | Magne Bjørdal | 12 | ||
Ottar Åbrekk | 10 | |||
Aud Sissel Auflem | 7 | |||
Murisetra | 6 | 137 | Rasmus Brynestad | 20 |
-159 | Bjørn Muri | 19 | ||
Aslak Fure | 8 | |||
Sondre G Muri | 8 | |||
Halvard Muri | 5 | |||
Kvitefjellet | 3 | 181 | Liv Elisabet Rygg | 112 |
Bruvoll | (ny) | Magdeli Bruvoll | 18 | |
Lin Gunhild Bruvoll | 11 | |||
Annegrete Bruvoll | 8 | |||
Anders Bruvoll | 8 | |||
Solheimsætra | 5 | 126 | Roar Alsaker | 13 |
-77 | Arild Hafsås | 12 | ||
Stig Melheim | 10 | |||
Gunnar Melheim | 9 | |||
Linda Alsaker | 7 | |||
Ole Solheim | 7 | |||
Berit Melheim | 5 | |||
Laukisetra | 5 | 727 | Anne Britt Eide | 85 |
-540 | Terje Sundsøy | 32 | ||
Inger Marie Eide | 28 | |||
Mette Hansen | 22 | |||
Elbjørg Skarstein | 21 | |||
Roar Alsaker | 19 | |||
Linda Muri | 17 | |||
Linda Alsaker | 16 | |||
Knut Alsaker | 16 | |||
Hege Gjertsen | 16 | |||
Aslaug Eide | 14 | |||
Asbjørn Lekanger | 14 | |||
Ove Hafsås | 12 | |||
Liv Elisabet Rygg | 8 | |||
Oddbjørg Bø Muri | 8 | |||
Sundsetra | 3 | 600 | Einar Strand | 111 |
-566 | Gunnar Gjerde | 106 | ||
Bjarne Gjerde | 53 | |||
Asbjørn Gjerde | 35 | |||
Janne Helen Gjerde | 34 | |||
Jon Gjerde | 22 | |||
Elbjørg Sunde | 16 | |||
Joar Sunde | 11 | |||
Frode Myrold | 9 | |||
Sundsdalen | 5 | 196 | Bjarne Gjerde | 26 |
(Myrane) | -124 | Gunnar Gjerde | 22 | |
Svein Gjerde | 20 | |||
Elbjørg Sunde | 15 | |||
Asbjørn Gjerde | 15 | |||
Joar Sunde | 6 | |||
Einar Strand | 6 | |||
Raymond Molnes | 5 | |||
Yrisetra | 3 | 260 | Lillian Mykløen | 30 |
-280 | Einar Mykløen | 29 | ||
Kjell Magne Yri | 18 | |||
Rasmus Yri | 16 | |||
Rune Rustøen | 11 | |||
Stig Daniel Mykløen | 10 | |||
Audny Kvame | 9 | |||
Fredrik Kvame | 9 | |||
Høgalmesetra | 4 | 320 | Jan Høgalmen | 158 |
-449 | Nils Roger Høgalmen | 14 | ||
Mathilde Høgalmen | 13 | |||
Rune Åbrekk | 7 | |||
Rune Rustøen | 7 | |||
Asgeir Mykløen | 7 | |||
Jakob Åberg | 6 | |||
Kvamssetra | 5 | 302 | Jon Olav Kvamme | 35 |
-289 | Per Magne Kvamme | 25 | ||
Jakob R Åberg | 9 | |||
Jan Høgalmen | 8 | |||
Geirmund Kvamme | 8 | |||
Olav Ingard Fjeldstad | 8 | |||
Møyfrid S Kvamme | 7 | |||
Fredrik Kvame | 7 | |||
Flatsteinbu | 7 | 106 | Jan Høgalmen | 5 |
-103 | Fredrik Kvame | 3 | ||
Brenndalen | 3 | 161 | Signe Aabrekk | 83 |
-265 | Asbjørn Indrebø | 21 | ||
Jon Olav Kvamme | 7 | |||
Bendik Kvamme | 6 | |||
Jan Høgalmen | 6 |
Liste over dei som har over 400 poeng | ||
NAMN | POENG | |
1 | Birger Fagerlid | 1892 |
2 | Anders Bruvoll | 1372 |
3 | Bente Ljosdal | 1286 |
4 | Ola Vangberg | 1138 |
5 | Anne Berit Bjørdal | 1111 |
6 | Hans Petter Galtung | 930 |
7 | Svein Gildestad | 875 |
8 | Reidun Horrig Skarstein | 768 |
9 | Liv Elisabet Rygg | 766 |
10 | Jan Høgalmen | 701 |
11 | Kjell Bjarne Sunde | 655 |
12 | Per Wilhelm Skarstein | 645 |
13 | Tove Kristin Vedlog | 642 |
14 | Johanna Nygjerd | 617 |
15 | Aage Eide | 497 |
16 | Anne Britt Eide | 490 |
17 | Gerd Sunde | 475 |
18 | Pål Skarstein | 446 |
19 | Gunnar Gjerde | 428 |
20 | Gro Birgit Egset | 407 |
Oldestafetten 25.april
Postet av Olden IL den 13. Apr 2010
Søndag 25. april er det klart for den 56. Oldestafetten. Påmeldingsfristen er sett til tysdag 20. april. Idrettslaget har fått løyve til å opne brua over Laukifossen på stafettdagen. Dette betyr at jente- og guteløypa vert den same som dei siste åra. I fjor deltok totalt 33 lag i hovudstafetten. Heile 17 gutelag stilte til start. Her sette Hyen ny solid løyperekord. Hyen (GFIL) forbetra også rekorden i herreløypa.
Arrangøren håpar på mange deltakarlag og minner om open klasse som omfattar bedriftslag, familielag, grendalag eller andre konstellasjonar.
I fjor stilte Olden 3 gutelag, 2 jentelag, 1 damelag og 1 veteranlag. Vi håpar å få til minst det same i år. Vi satsar og på å få til eit herrelag.
Meir om NM i Bergen
Postet av Olden IL den 12. Apr 2010
Vi kan nemne at Helge passerte maraton på 2.42.51. Dette er faktisk den beste tida han har på distansen så langt i år. På siste delen av løpet gjekk km-tidene ganske mykje opp. Anna var vel heller ikkje å vente etter ei så hard opning. Uansett stod Helge distansen ut også denne gongen og vann med stor margin (tid : 7.17.21). Dette var hans 6. siger på 100 km i Bergen på rad sidan 2005. Audun Skogen vart nr. 4 i løpet på 8.14.13. Inge Asbjørn Haugen fullførte på 10.49.27. Sidan maratonpasseringa også vert godkjent som eit maratonløp, var dette Haugen sitt løp nr. 380 ! Imponerande ! Så vidt vi veit har han som mål å springe sin maraton nr. 400 i løpet av 2010. Ingen i Norge er i nærleiken av å ha gjennomført så mange løp. Neste mann på lista er Bjørn Gjerde med 326. I alt 67 norske løparar har passert 100 maratonløp. Helge Hafsås har registrert 170.
Neste oppgåver for Hafsås er maratonløpet Rett Vest i Florø 24.april og Oldestafetten dagen etter.
Helge Hafsås suveren norgesmeister
Postet av Olden IL den 10. Apr 2010
Lagsmeisterskap innandørs
Postet av Olden IL den 30. Mar 2010
27 deltakarar i alderen 9-17 år stilte opp då Olden IL arrangerte lagsmeisterskap i friidrett innandørs i Olden skule 23. mars. Mange viste god framgang, men dei heilt store resultata uteblei denne gongen. Neste år må vi nok organisere det heile på ein annan måte. Ein del venting førte til altfor mykje støy i gymsalen. Dette er ikkje bra for dei som skal konsentrere seg om å oppnå gode resultat.
Ut på ski !
Postet av Olden IL den 7. Mar 2010
Kuldeperioden ser ut til å vere over, men det er enno godt med snø. Mildveret gjer det nok litt vanskelegare å smørje, men det er no ein del av gamet. Olden IL vil køyre opp løyper så snart veret stabiliserer seg.
Vi vil slå eit slag for skiidretten og siterer Fridtjof Nansen : " Skiløpningen er den mest nasjonale av alle norske idretter og en herlig idrett er den,- fortjener noen navn av idrettenes idrett, så er det i sannhet den. Intet herder musklene og gjør legemet så kraftig som den,...., intet herder viljen og gjør sinnet så friskt som skiløpningen. Kan det tenkes noe sunnere og renere enn på en frisk vinterdag å få skiene på føttene og stryke til skogs? Kan det tenkes noe finere og edlere enn vår nordiske natur, når sneen ligger alendyp og hvit utover skog og åser ?"
Hafsås til topps i Bergen
Postet av Olden IL den 21. Feb 2010
Friidrettstrening
Postet av Olden IL den 2. Feb 2010
Tysdagar i Olden skule. Gruppe 1 8-12 år (2-6 klasse) kl. 17.30-18.30. Gruppe 2 frå 13 år (7. klasse) og oppover 18.15-19.30 Gruppe 2 startar med løpstrening ute frå kl. 18.15
Friidrettsgruppa
Ny maratonsiger til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 23. Jan 2010
Skiløyper
Postet av Olden IL den 23. Jan 2010
Aktivitetsområde på Oldeleirane
Postet av Olden IL den 23. Jan 2010