Vellukka idrettslagsbasar søndag 21.nov

Postet av Olden IL den 22. Nov 2010

I år vart den årvisse idrettslagsbasaren lagt til ein søndag. Frammøtet vart etter kvart godt og idrettslaget kunne notere seg for ei bruttoinntekt på 32.450. Vi takkar basarkomiteen v/leiar Leiv Arne Egset for ein godt gjennomførd basar. Vi vil og takke alle som ga åregevinstar og loddgevinstar og bygdefolket for god støtte.

Rasmus E. Skarstein vart i pausen tildelt Olden IL sin stimulanspokal for 2010. Han fekk pokalen først og fremst for sine gode resultat i alpint. Sist vinter vart han m.a. krinsmeister i storslalom i klasse 13 år. Han vart nr. 2 samanlagt i Fjord1-cupen i storslalom. Under landsfinalen for 12/13-åringar på Oppdal kom han på premieplass i alle øvingar. Aller best gjekk det i storslalom der han fekk ein 22. plass av 110 deltakarar. Rasmus har og vore svært aktiv i friidrett og fotball. Han har i fleire år vore fast på Olden IL sitt gode stafettlag og var m.a. med på å vinne Breimstafetten i 2007. Han har hatt eit svært godt treningsframmøte og vist gode haldningar til idretten. Olden IL ynskjer han lukke til med den komande sesongen.

Olden IL ville og setje pris på sin mest profilerte utøvar, Helge Hafsås. Sjølvsagt sprang han også denne dagen maratonløp, og sjølvsagt kunne han innkassere ei ny topp-plassering. Denne gongen galdt det Jessheim vintermaraton. Blomsterbuketten måtte derfor overleverast i etterkant. Idrettslaget ville med den markere at han den 10. april tok ein ny offisiell NM-tiittel på 100km, den tredje i ultraløp på like mange forsøk. Han har elles så langt i 2010 vunne 11 maratonløp og står no bokført med heile 137 sigrar på maratondistansen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.