Skarsteinsetra opp 2021
Postet av Olden IL den 27. Aug 2021
Skarsteinsetra Opp er ein unik motbakkekonkurranse der løparane startar i Olden sentrum og konkurrerer om å kome raskast opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6 km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Konkurranseklasse frå13 år.
Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre.
Sjølv om vi framleis må forholde oss til restriksjonar finn vi at det er mogleg å gjennomføre Skarsteinsetra Opp sin konkurranseklasse løp i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Dette grunna brei trase og intervallstart. Vi ber alle respektere reglane om hygiene og minst ein meter avstand til einkvar tid før, under og etter løpet. Det vil vere plass til maksimalt 150 deltakarar og påmelding vil vertestoppa om vi skulle nå denne grensa.
Grunna restriksjonane i smitevernreglane vil det ikkje verte sykkelklasse eller organisert trimklasse i år. Det vil heller ikkje verte premieutdeling eller kiosk på setra.
Praktisk informasjon:
Laurdag 11. september 2021 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe
Intervallstart løp frå kl 13:00
https://www.facebook.com/SkarsteinsetraOpp
Påmelding:
Frist : 09.09.2021 kl 23:59. NB! Ingen moglegheit for etteranmelding.
Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana "påmeldingskjema" på www.oldenil.no.
Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp namn, telefon, klasse, fødselsår og klubb, samt forventa sluttid for rengering av startrekkefølge.
Startkontingent til Olden IL, kontonr 3770 20 32211:
Kr 250 ved påmelding. G/J 13-14 år kr 100. Familie kr 350. Ingen kontant betaling på start.
NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens kr. 30,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL.
Startnummer hentast i startområdet.
Klassar:
J/G: 13-14år,
D/H: 15-17år, 18-20år, 21-29år, 30-39år, 40-49år, 50-59år, 60-69år, 70+
Premiering:
• Kr 500 til klassevinnar
• Kr 3.000 for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
• Kr 1.500 til beste tid G/J/D/H
Parkering i sentrum. Vennligst ikkje parker langs løypetraseen
Sakliste til årsmøtet i Olden IL 25. mars kl.20:00
Postet av Olden IL den 16. Mar 2021
Olden IL skal ha årsmøte 25. mars kl.20:00 på Yris Cafe. Om smittesituasjonen gjer slik at vi ikkje kan møtast fysisk vert årsmøtet helde digitalt. Vedlagt ligg sakliste. På grunn av smittesituasjonen ynskjer styret påmelding til årsmøtet .Send påmelding på messenger til Silje-Katrin Opheim eller til silje_opheim@hotmail.com innan 20.mars.
Sakliste årsmøte 2020 for Olden IL.docx
-Styret-
Styremedlemmar i Olden IL i 2020
Postet av Olden IL den 25. Feb 2021
Styremedlemmar i Olden IL 2020.docx
Oversikt over styremedlemmar i Olden idrettslag 2020
Hovudstyret |
|
|
|
Leiv Arne Egset | 2017 | Leiar | |
Tove Kristin Vedlog | 2012 | Kasserer | |
Silje Opheim | 2015 | Sekretær | |
Randi Gjengedal | 2016 | Styremedlem | |
Idrettsskulen |
|
|
|
Therese Sunde | 2018 | Leiar | |
Cecilie Sunde | 2019 |
|
|
|
|
|
|
Fotballgruppa |
|
|
|
Sondre Guddal Muri | 2014 | Leiar | |
Ragnvald Flåten | 2011 |
|
|
Frode Gjerde | 2015 |
|
|
Helene Jørgensen | 2019 |
|
|
Bobby Mangard | 2017 |
|
|
Camilla Ostad | 2019 |
|
|
Friidrettsgruppa |
|
|
|
Sondre Guddal Muri | 2015 | Leiar | |
Gry Ingvild Agjeld | 2019 |
|
|
Jostein Gjerde | 2016 |
|
|
Kjersti Haugland | 2019 |
|
|
Linda Sanden Rake | 2019 |
|
|
Skigruppa |
|
|
|
Hans Petter Galtung | 1999 | Leiar | Hans.petter.galtung@vestland.no |
Rune Holen | 2019 |
|
|
Roar Alsaker | 2003 |
|
|
Alpingruppa |
|
|
|
Andreas Drageset | 2011 | Leiar | Drageset.andreas@gmail.com |
Rune Fredheim | 2017 |
|
|
Banenemd |
|
|
|
Knut Alsaker | 2016 | Leiar |
|
Daniel Brynestad | 2018 |
| Brynestad_91@hotmail.com |
Oldestafettnemd |
|
|
|
Dagfinn Gytri | 2000 | Leiar | gryta@gryta.no |
Arne Sandnes | 2008 |
|
|
Rasmus Bruvoll | 2018 |
| |
Geir Flåten | 2017 |
|
|
Pål Skarstein | 2017 |
|
|
Idrettsmerkegruppa |
|
|
|
Alvhild Flåten | 2017 | Leiar | Alvhild.flaaten@gmail.com |
Arne Muri | 2009 |
|
|
Fjelltrimgruppa |
|
|
|
Caroline Lindvik Gjerde | 2015 | Leiar | carolinelindvikgjerde@live.no |
Anders Bruvoll | 2003 |
|
|
Osvald Olsen | 2011 |
|
|
Joar Sunde | 2019 |
|
|
Anita Vigdis Guddal | 2019 |
|
|
Premieansvarleg |
|
|
|
Leiv Arne Egset | 2015 |
| |
Valnemd |
|
|
|
Else Fredheim | 2018 | Leiar |
|
| 2020 |
|
|
Mette Hansen | 2019 |
|
|
Husnemd |
|
|
|
Kjartan Urne | 2020 | Leiar |
|
Anita Skarstein | 2020 |
|
|
Revisorar |
|
|
|
Linda Alsaker | 2017 |
| r-alsak@online.no |
Roar Alsaker | 2017 |
|
|
Innkalling til årsmøte 25. mars 2021
Postet av Olden IL den 3. Feb 2021
Olden IL skal ha årsmøte 25. mars på Yris Kafe kl. 20:00. Om møtet ikkje kan gjennomførast grunna smittevernreglar i forbindelse med Covid-19 vert årsmøte helde digitalt. Om De ynskjer å melde inn saker til årsmøtet må desse vere innmeldt seinast 11. mars til leiv.arne.egset@enivest.net. Fullstendig sakliste med alle saksdokumenter vert tilgjengelig her seinast 18. mars. Håpar vi sjåast. Vel møtt! -Styret-