Godt Nytt år !
Postet av Olden IL den 31. Des 2012
Olden IL ynskjer alle aktive,leiarar,trenarar,funksjonærar,sponsorar og andre støttespelarar eit retteleg Godt Nytt år ! Vi satsar på at 2013 skal bli eit nytt godt idrettsår for Olden IL. Nyttårsynskjet vårt er at vi skal få friidrettsanlegget/aktivitetsområdet ved Olden skule klart i løpet av det komande året.
Styret
Ny maratonsiger til Hafsås..
Postet av Olden IL den 1. Des 2012
Friidrettssamling i Forø.
Postet av Olden IL den 1. Des 2012
Hafsås vann Jessheim vintermaraton
Postet av Olden IL den 19. Nov 2012
Endeleg friidrettsanlegg i Olden.
Postet av Olden IL den 19. Nov 2012
Måndag 12. nov starta vi for alvor arbeidet med grunnarbeidet for eit framtidig delanlegg for friidrett i Olden. Overskotsmassa vert køyrt til Sandnes ved Oldevatnet og tunnellmasse frå Agjeldstunnellen vert fylt på etterkvart. Håpet er at anlegget skal stå ferdig i august 2013. Anlegget skal innehalde 6 løpebaner på 100m + anlegg for kule, høgde og lengde/tresteg. I tillegg vert det eit aktivitetsområde for basketball og badminton. Anlegget ligg like ved skuleplassen til Olden skule og vi er dermed sikra ein høg bruksfrekvens. Olden IL byggjer også eit lagerbygg like ved anlegget.
Olden IL har prøvd å få til eit friidrettsanlegg i bygda sidan slutten av 1970-talet, så det er sanneleg på tide med ei realisering. Men dette vert eit stort økonomisk løft for idrettslaget m.a. ser sjølve grunnarbeidet ut til å bli ein god del dyrare enn kalkulert
Ny fjelltrimsesong godt i gong
Postet av Olden IL den 18. Nov 2012
Den nye fjelltrimsesongen starta 1. okt. Det har så langt vore godt besøk på mange av postane, særleg Skarsteinsetra og Huaren. Når det gjeld topp-plassering kan det sjå ut til at det bryggjer opp til eit gigantisk oppgjer mellom fjellmannen Kjell Bjarne Sunde og maratonmannen Helge Hafsås. Pr. 11. nov. hadde Kjell m.a. allereie teke 24 turar til Honnvasshytta og Helge hadde runda heile 100 turar på Huaren.
Fjelltrimgruppa satsar no på å trekkje dei yngre med i større grad. Det vil i år bli ei eiga klasse for desse. Nærare informasjon om dette seinare.
Avslutningsfesten fredag 23.november
Postet av Olden IL den 11. Nov 2012
Flott idrettslagsbasar i Aldaheim søndag 11. nov.
Postet av Olden IL den 11. Nov 2012
Det var godt frammøte på den årlege basaren til Olden IL i Aldaheim. Basarkomiteen med Else Fredheim i spissen hadde laga flott til og fått inn mange flotte gevinstar både på årar og lodd. I pausen var det lysbilete frå årets sesong og premieutdeling for fjelltrimmen. Det kom inn vel kr. 38.000 brutto. Dette er berre litt mindre enn i fjor som er foreløpig rekord. Pengane kjem vel med både til aktivitet og anlegg.
Olden IL vil takke bygdefolket for god støtte, basarkomiteen for eit godt arrangement og alle dei firma og privatpersonar som bidrog med lodd- og åregevinstar til basaren.
Suveren vinnar av fjelltrimmen vart i år som i fjor Kjell Bjarne Sunde med heile 2414 poeng. Dette er ny rekord. Han hadde sjølv den gamle med 2258 p. frå i fjor. Vi kan nemne at Kjell m.a. hadde heile 122 turar til Honnvasshytta. Fjelltrimgeneral Anders Bruvoll sin rekord frå 2009 på 105 Honnvasshytte-turar er dermed sletta Nr. 2 totalt vart Birger Fagerlid med 1290p. Like bak følgde Johan Fredheim med 1229p.
På einskildpostar sette Helge Hafsås ny solid rekord på Huaren med 384 turar. Dette er flest turar på ein post nokon gong. Tidlegare rekord her hadde Birger Fagerlid med 375 turar til Skarsteinsetra i 2009. Totalt er det registrert 11.160 besøk på dei 19 postane. Dette er ca. 500 meir enn i fjor, men eit stykke bak rekordåret 2009 då det vart notert 12.883 besøk. Det mest populære turmålet er framleis Skarsteinsetra med 3412 besøk. Ein god nr. 2 er Huaren med 2668 besøk. 14 personar har vore innom alle dei 19 postane. Dette er ein del færre enn i 2011. Fullstendig resultatliste vil bli lagt ut her på nettsida med det første. Resultatlista er foreløpig uoffisiell. Ver venleg å ta kontakt med Anders Bruvoll dersom du oppdagar feil.
Ny-utdanna trenarar i Olden IL.
Postet av Olden IL den 10. Nov 2012
Idrettslagsbasar i Aldaheim søndag 11. nov Kl. 15.00
Postet av Olden IL den 6. Nov 2012
Søndag 11. november kl. 15.00 er det klart for den årlege idrettslagsbasaren i Aldaheim. Olden IL satsar no stort på anleggsutbyggjing og vi treng all den støtte vi kan få.
Det vert loddsal, åresal og matservering. I pausen vil vi vise bilete frå all aktiviteten i Olden IL i 2012 inklusiv Skarsteinsetra Opp. Det vert og premieutdeling for fjelltrimmen 2012.
Vi oppfordrar medlemmane i idrettslaget til å levere to åregevinstar til basaren. Desse kan leverast i Aldaheim søndag mellom 10.00 og 12.00.
Møt opp og støtt det verdfulle arbeidet til idrettslaget !
Ny maratonsiger til Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 20. Okt 2012
Statistikk for Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 9. Okt 2012
Alle statistikkar for Helge Hafsås sine prestasjonar er no oppdaterte (pr. 07.10.12). Du finn dei under Helge Hafsås i menyen til venstre.
Ei lta oppsummering : Helge har no sprunge 200 maratonløp og vunne heile 150 av dei. Han er dermed den løparan i verda som har vunne flest maratonløp. Rett nok har 3 damer vunne fleire løp, men på så dårlege tider at vi ikkje kan ta damestatistikken heilt seriøst. Helge har vunne 18 ulike maratonløp rundt omkring i Noreg. Han har gjeldande løyperekord i 9 av desse løpa. Han har 42 maratonløp under 2.35 og 97 (inkl. maratonpassering på ultraløp) under 2.40. (Nokon betre ?). Vidare har Helge 3 offisielle NM-titlar i ultraløp, to på 100km og ein i 6t-løp. Han har framleis den offisielle norske rekorden på 100 km (6.50.15) og verdsrekorden på 50 km på tredemølle med tida 3.10.19. For meir opplysningar sjå dei ferske statistikkane !
Ny månadsrekord for nettsida vår
Postet av Olden IL den 1. Okt 2012
Friidrett
Postet av Olden IL den 1. Okt 2012
Treningane er avslutta for denne sesongen. Det er mogleg at vi arrangerer eit lagsmeisterskap på bane i eller etter haustferien. Dette får vi kome tilbake til seinare. Uansett vert det ikkje noko arrangement denne veka. Vi startar opp igjen med fellestreningar i byrjinga av november månad (løping ute + innetrening i gymsalen). Det vert 1-2 treningar pr. veke, alt etter interesse.
Friidrettsgruppa
Siste løpet i løpskarusellen.
Postet av Olden IL den 28. Sep 2012
Det 3. og siste løpet i løpskarusellen 2012 vart arrangert i joggeløypa ved Olden skule 28. sept. 16 utøvarar i alderen 7-17 år stilte opp. Best tid blant jentene fekk Jannike Melheim (11). I guteklassen vart det dødt løp mellom Mathias Melheim(13) og Asgeir Flåten (17). Med tida 1.27.9 sette Mathias løyperekord i 13-årsklassa. Elles var det mange som viste fin framgang i høve tidlegare løp.
Strålande av oldarane på Byrkjelo.
Postet av Olden IL den 23. Sep 2012
Laurdag 22. sept. vart DM i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord avvikla på Byrkjelo stadion. DM var for dei som var 13 år og eldre. I tillegg var det rekrutteringsstemne for 10-12-åringane. Dei tre 13-åringane våre leverte varene og sette flotte personlege rekordar. På 60m vart det eit hardt oppgjer mellom Rafael Gildestad og Matias Melheim. Rafael vart distriktsmeister på 8.64. Matias fekk 8.69 og sikra dobbelt-siger til Olden. I lengde forbetra Matias persen sin med 80 cm ! og sikra seg gull med resultatet 4.69. Her vart det bronse til Rafael med 4,26. I kule vart det bronse til Matias med 9.25, ei personleg rekordforbetring med over 1m. Jens Guddal Muri fekk sølv på 600m og bronse i høgde. Elles prøvde oldarane seg for første gong i diskos. Medaljer vart det ikkje, men med meir teknikktrening kjem nok resultata også her. På 4x60m stafett vart vi denne gongen slått av Breimsbygda med 6/10. sek.
Jannike Melheim (11) og Lars Martin Melheim (10) deltok på rekrutteringsstemnet. Begge viste fin framgang og sette personlege rekordar i fleire øvingar. Jannike var og med på stafettlaget som tok sølv.
Biletet er teke på Utvikfjellet der vi køyrde nokre motbakkedrag medan vi venta på at vegen Innvik-Olden skulle opne. Frå v. Rafael Gildestad, Lars Martin Melheim, Matias Melheim, Jannike Melheim og Jens Guddal Muri.
Helge Hafsås med to triumfar på same dag
Postet av Olden IL den 15. Sep 2012
Laurdag 15, sept. vart ein travel dag for Helge Hafsås og Einar Strand. Kl. 11.00 starta begge i det 8,4 km lange Kvivsvegløpet. Løpet starta med ein runde på Kalvatn på Sunnmøre før det heldt fram gjennom den 6,5 km lange tunnellen gjennom Kviven. Tunnellen skal først opnast neste helg, så dette vart som ein generalprøve. Helge kom som vanleg først i mål. Einar Strand fekk nest beste tid, ca. 3 min bak. Kl. 14.00 starta begge på Strynemila. I år gjekk løpet i delevis ny trase med start ved Isehaug kafeteria. Fotballspelaren Jon Terje Tjellaug imponerte og heldt lenge følgje med Helge, men ved Scania sette Hafsås inn det avgjerande rykket og i mål var differansen mellom dei ca. 2.20 min. i Helge sin favør. Tjellaug hadde tidlegare på dagen vunne sykkel-løpet i same traseen og sleit med krampe på slutten. Det var elles lagt inn spurtprisar i løpet. Tjellaug tok den første og Hafsås den andre.
Elles kan vi opplyse at dagens VG har ein to-siders reportasje om maratonkongen frå Olden.
DM i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord laurdag 22/9
Postet av Olden IL den 13. Sep 2012
Laurdag 22. sept frå kl. 12.00 vert distriktsmeisterskapen for Nordfjord arrangert på Byrkjelo. DM for Sunnfjord er og lagt hit. DM gjeld for aldersgruppa 13-18 år. I tillegg vert det rekruttarrrangement for 10-12 år. Det vert og arrangert 4x60m stafett 11-14 år. Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag kveld 20/9. Dette vert årets siste stemne og vi håpar at mange frå Olden vil stille opp.
NCC-leikane på Osterøy
Postet av Olden IL den 10. Sep 2012
Tre løyperekordar på Skarsteinsetra Opp
Postet av Olden IL den 8. Sep 2012
Trass i dårleg ver, med vind og regn, vart det sett tre nye løyperekordar på Skarsteinsetra Opp i dag. Først på setra var Erlend Eide, Eidsfossen Sykkel. Han sykla den 4,6 km lange traseen på fantastiske 19.10. Han knuste dermed faren, Dag Arne Eide, si vinnartid frå i fjor med nesten 3 min. Det vart og sykkelrekord i dameklassen. Janne Bruhn Henriksen, Stryn Sykkelklubb, fekk her den gode tida 25.54. Blant løparane vart det ikkje uventa ein ny siger til Helge Hafsås. Han sletta sin eigen rekord frå i fjor med 49 sek. og kom inn på tida 22.40. Beste dame vart ein sprek 74-åring frå Lørenskog, Signy Henden Rustlie. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete. Bileta vert forsinka p.g.a. dataproblem.
37 stilte i konkurranseklassane, 26 på sykkel og 11 på løp. Arrangøren er godt fornøgd med deltakinga i sykkelklassen. Her stilte Eidsfossen Sykkel åleine med heile 9 utøvarar. Men det er skuffande at berre 11 stilte opp i løpsklassen. Skuffande er det og at totalt berre 3 damer stilte til start.
Derimot var det flott at heile 83 trimmarar tok turen til Skarsteinsetra i det dårlege veret.
Bilder (Foto : Hildegunn Muri, Reidar Holen og Alfhild Flåten.)
Skarsteinsetra Opp
Postet av Olden IL den 7. Sep 2012
Kvar blir det av jentene/damene ?
Postet av Olden IL den 5. Sep 2012
Ny siger til Hafsås
Postet av Olden IL den 2. Sep 2012
Vi gratulerer Helge med sin 150. maratonsiger.
Postet av Olden IL den 1. Sep 2012
Kan Hafsås ta sin 150 maratonsiger i morgon ?
Postet av Olden IL den 31. Aug 2012
Friidrettstrening i Stryn tysdag 4.sept.
Postet av Olden IL den 31. Aug 2012
To frå Olden uttekne til NCC-leikane i friidrett.
Postet av Olden IL den 30. Aug 2012
Framleis mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp
Postet av Olden IL den 28. Aug 2012
Det er kome inn bra med påmeldingar til Skarsteinsetra Opp laurdag 8.sept., særleg i sykkelklassen. Det vil likevel vere mogleg med førehandspåmelding i konkurranseklassane heilt fram til fredag 7.sept. utan auke i startkontingenten. Denne er på kr. 200,- Konkurransedagen vil det vere mogleg med påmelding inntil 1 time før start. Startkontingenten vert då kr. 300,-
Påmelding til Hans-Petter Galtung tlf. 90418186 eller helst på mail til hans.petter.galtung@sfj.no Hugs å gje opp klasse/fødselsår og om påmeldinga gjeld løp eller sykkel.
Status påmelding Skarsteinsetra Opp:
Hafsås vann Nordvestmaraton for 10.gong
Postet av Olden IL den 19. Aug 2012
7 KM-medaljar til Olden
Postet av Olden IL den 19. Aug 2012
I helga var det KM og krinsleikar i friidrett på Byrkjelo stadion. Fire frå Olden deltok i KM og fire i krinsleikane (10-12 år). Olden vart krinsmeister på 4x60m stafett for 13-14 år. På dei neste plassane følgde Breimsbygda og Sandane. Vinnarlaget bestod av Rafael Gildestad, Sondre L. Galtung, Per William Hoddevik og Matias Melheim. Sist vi vart krinsmeistrar på denne stafetten var i 2007.
Matias Melheim (13) tok sølv på 60m, berre 1/10 frå gull. Rafael vart her nr. 4, 5/100 frå bronse. Elles tok Rafael bronse i lengde på ny flott pers. Per William (14) tok gull på 600m og sølv på 60m. Sondre L. Galtung tok sølv i spyd og i lengde. På krinsleikane deltok Steffen Melheim, Jannike Melheim, Kari Alsaker og Lars Martin Melheim. Alle gjorde det flott og sette fleire nye personlege rekordar på 60m, i lengde, liten ball og på 600m.
Regionsleikane i friidrett er utsett
Postet av Olden IL den 10. Aug 2012
Hafsås i god form.
Postet av Olden IL den 9. Aug 2012
Helge Hafsås vann Heiamila onsdag 8. august. Alle turane på Huaren (opptil 8 turar pr. dag) i sommar ser ut til å ha hjelpt godt på forma. Vinnartida 35.50 var 2 min. raskare enn i fjor. Einar Strand fekk best tid i klasse 50-59 år.
Fra Kondis.no
Hafsås vann Hornindalsvatnet maraton for 16. gong
Postet av Olden IL den 30. Jul 2012
Skarsteinsetra opp laurdag 8. september
Postet av Olden IL den 14. Jul 2012
I menyen til venstre finn du innbydinga og dessutan resultat og bilete frå fjorårets arrangement. Arrangementet følgjer malen frå i fjor med fellesstart for løparar og syklistar. Eit av dei store spenningsmomenta i løpet er om det er syklist eller løpar som kjem først opp på Skarsteinsetra. I fjor var Dag Arne Eide på sykkel 1.27 min. føre Helge Hafsås. I dameklassen sykla Anne Britt Eide 1.34 min. raskare enn Solbjørg Vedde.
Nytt av året er at det er sett opp kr. 2000,- for løyperekordar. Det vil og bli teke mellomtid på Gildestad. Trimmarar kan i år få lov å sykle eller kombinere sykkel med gåing/løping. Dvs. at ein i trimklassen f.eks. kan sykle til Gildestad og gå resten av strekninga.
Påmelding :
Førehandspåmelding i konkurranseklassane innan 27. august. Til Hans-Petter Galtung tlf. 904 18 186, men helst skriftleg til hans.petter.galtung@sfj.no. Løparar kan og melde seg på via www.sportsadmin.no (klubbvis) eller www.minidrett.no (utøvarar enkeltvis)
Hafsås vann jubileumsmaraton på Jølster
Postet av Olden IL den 8. Jul 2012
Jølster maraton vart arrangert for 30. gong på laurdag. Helge Hafsås var som vanleg først over målstreken. Med tida 2.45.06 var han vel 5 min. føre Sverre Gunnar Brunstad frå Velledalen. Helge har vunne 13 av dei 17 maratonløpa han har delteke i på Jølster. Han er no oppe i 147 maratonsigrar totalt. Dette er berre ein siger bak Chuck Engle frå USA. Spørsmålet no er kven av dei to som først når 150 sigrar.
Einar Strand deltok på halvmaraton. Han vart nr. 2 i klasse 55-59 år med tida 1.36.59.
8 friidrettsmedaljar til oldarane i Førde
Postet av Olden IL den 11. Jun 2012
Fine forhold på løpskarusellen
Postet av Olden IL den 9. Jun 2012
17 deltakarar i alderen 7-14 år stilte opp på det andre løpet i løpskarusellen fredag kveld. I dei tørre løypene og det fine veret vart det oppnådd mange gode tider. Per William Hoddevik fekk best tid blant gutane. Kari Alsaker var den raskaste jenta. Vi kjem til bake med bilete
2. løpet i løpskarusellen i kveld
Postet av Olden IL den 8. Jun 2012
Friidrett i Førde
Postet av Olden IL den 8. Jun 2012
Friidrettstrening i Stryn tysdag 5. juni
Postet av Olden IL den 4. Jun 2012
Tysdag 5. juni legg vi friidrettstreninga til det nye anlegget på Stryn stadion. Avreise frå Ica kl. 18.00. Trening 18.30-19.30. Sprint med blokkstart og lengde.
Karusell-løp ved Olden skule fredag 8. juni kl. 20.00.
Søndag 10. juni håpar vi å få med ein del deltakarar på Åsen og Øvrelid-leikane i Førde. påmeldingsfrist onsdag 7. juni.
Suveren siger til Hafsås i Ålesund
Postet av Olden IL den 13. Mai 2012
Kan Hafsås ta sin14. siger i Ålesund maraton ?
Postet av Olden IL den 11. Mai 2012
Laurdag 12. mai skal Helge Hafsås prøve å vinne Ålesund maraton for 14. gong. Helge likar seg godt i Ålesund og har levert mange gode maratonløp i Sunnmørsbyen. Det var her han runda sin maratonsiger nr. 100. i 2007. Helge sin personlege rekord er også sett i dette løpet.
Helge Hafsås kan framleis kalle seg europas mestvinnande maratonløpar. Amerikanaren Chusk Engle har no 147 sigrar mot Helge sine 145.
Friidrettstrening tysdag 8. mai
Postet av Olden IL den 7. Mai 2012
Vinterleg Breimstafett
Postet av Olden IL den 6. Mai 2012
Trass i kald vind og snøbyger vart Breimstafetten 2012 ein suksess. Heile 53 lag var i aksjon i dei ulike klassane. I tillegg kjem alle skulelaga. Vi gratulerer Hornindal med ein ny sterk stafettsiger i guteklassa. Her vart Olden nr. 7 av 13 lag. Tida var 19 sek. svakare enn i fjor. Dette skuldast nok i stor grad dei vinterlege tilhøva. Veteranane vart nr. 4 av 6 lag. Fjellhug/Vereide var her suverene. Kanskje den nye løypa passa oss dårlegare ? Elles må det seiast at vi stilte med eit skadeprega lag. Mindre trening på fleire av deltakarane er nok og ei medverkande årsak til at veteranane leverte sin "dårlegaste" Breimstafett plasseringsmessig på svært lenge.
Jølster vann herreklassa knapt føre Hyen. Blant jentene var Førde suverene. Opa klasse vart vunnen av Stårheim/Eid. Olden stilte ikkje lag her i år.
Breimstafetten søndag 6. mai
Postet av Olden IL den 3. Mai 2012
Flott Oldestafett i strålande vårver. Hornindal vann gutestafetten for første gong.
Postet av Olden IL den 29. Apr 2012
I alt 29 lag stilte opp i den 58. Oldestafetten som vart avvikla under gode forhold. I tillegg kjem dei 9 laga på ministafetten. Dette betyr at over 180 stafettløparar var i sving denne dagen. I guteklassa tok Hornindal sin første siger nokon gong i Oldestafetten. Dei greidde også å få eit lag inn på 3. plass. 2. plassen her gjekk til STIL. Hyen ,som har vunne dei 3 siste åra, var uheldig og mista pinnen på 1. etappe. Dei enda til slutt på 4. plass. STIL vann jentestafetten. GFIL var best i dameklassa, Jølster i herreklassa og Olden i veteran. I open klasse kom dei "Fabelaktige fem" på 1.plass.
Bilder(tar liitt tid å laste)
Vinnertidene i dei ulike klassane i år var langt bak rekordane og stort sett svakare enn dei siste åra. Dette kan skuldast realativt kjøleg ver og litt tungt der det var grasmark. Eller kanskje nivået rett og slett er blitt dårlegare ? Relativt sett var det damene frå GFIL som presterte den beste tida. 8.57.6 er den beste tida i denne klassa sidan 2005.
I herreklassa sikra Jølster seg vandrepokalen til odel og eige. Det same greidde GFIL i dameklassa og Olden i klassa for veteranar.
Olden viste god breidde i Oldestafetten
Postet av Olden IL den 29. Apr 2012
Olden stilte med 5 lag i årets Oldestafett. 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag. I tillegg kjem laga i open klasse og på ministafetten. Dvs. at over 50 stafettløparar frå Olden var i sving denne dagen. Flott !
I guteklasa vart dei ulike Oldelaga nr. 5, 7 og 10 av 11 lag. Flott innsats! 2.laget var berre 7.sek bak første-laget. Dette lovar bra framfor Breimstafetten neste helg, der det er 8 etappar. Vi hadde ikkje venta å kjempe heilt i teten dette året, men berre vent til neste år ! Men då må det trenast! Jentelaget vart nr. 4 av 7 lag. Tida 7.14.9 er den beste eit jentelag frå Olden har prestert sidan 2003. På jentelaget sprang : Kristine Holen, Kari Alsaker, Kristine Tonning, Jannike Melheim og Lise Mari Tonning. På det beste gutelaget sprang : Matias Melheim, Thomas Tonning, Anders Egset, Olav Egset og Rafael Gildestad. Det svært unge 3. gutelaget vårt, med fleire under 11. år på laget, gjorde og ein flott innsats. Dette lovar bra for framtida. Vi gratulerer elles det gode veteranlaget vårt som tok vandrepokalen til odel og eige. "Still going strong after all these years ".
Hafsås tilbake på vinnarsporet
Postet av Olden IL den 22. Apr 2012
Stafett-trening
Postet av Olden IL den 22. Apr 2012
1. løpet i løpskarusellen 2012
Postet av Olden IL den 16. Apr 2012
Første løpet i løpskarusellen 2012 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule laurdag 14. april. Kun13 stilte opp i den kalde nordavinden. Vi håpar på fleire deltakarar i neste løp. Dagens beste tid fekk 17-åringen Asgeir Flåten. Matias Melheim sletta Anders Muri sin løyperekord for 13-åringar med 1.1 sek.
Friidrettstreningar fram til Oldestafetten
Postet av Olden IL den 16. Apr 2012
Laurdag 21. april kl. 16.30-18.00
Tysdag 24. april kl. 18.00-19.30
Fredag 27. april kl. 20.00-21.00
Alle som vil vere med på Oldestafetten må møte opp. Laurdag og tysdag vert det trening og uttaking på etappane. Fredag spring dei oppsette laga gj. løypa.
Lagsmeisterskap innandørs
Postet av Olden IL den 11. Apr 2012
16 oldarar i alderen 8-19 år deltok på lagsmeisterskapet innandørs i Olden skule. Av desse var heile 15 gutar. Kvar blir jentene av i friidretten ? Dei heilt store resultata uteblei, men mange viste fin framgang.
Chuck Engle er no verdas mestvinnande maratonløpar.
Postet av Olden IL den 5. Apr 2012
Den 58. Oldestafetten søndag 29.april
Postet av Olden IL den 5. Apr 2012
Det er vår og stafettane nærmar seg. Oldestafetten går som vanleg siste helga i april, søndag 29/4, og Breimstafetten første helga i mai, søndag 6/5.
Olden reknar med å stille med 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag i Oldestafetten. Vidare vert og oldarar representert i open klasse. Veteranlaget har to aksjer i vandrepokalen og kan ta denne til odel og eige i år. I herrestafetten har både Jølster og GFIL to aksjer. Vi går ut i frå at eitt av desse laga stikk av med vandrepokalen i år. Det dominerande laget i Oldestafetten dei siste åra har elles vore Hyen. Dei stiller nok sterkt også i årets stafett.
Oldestafetten har lange tradisjonar og lever i beste velgåande. Deltakinga har vore god i gute- og jenteklassen dei siste åra. Vi håpar no på at fleire vaksne stiller opp i dei ordinære klassane eller i open klasse. Alle som er for unge til å delta på hovudstafetten, kan delta på stafettleiken for born (6-10 år) på idrettsplassen.
Løypa er rydda etter "Dagmar" sine herjingar i jula og alt er klart for ein ny flott Oldestafett,
Påmeldingsfristen går ut 24.april, men vi tek imot etteranmeldingar.
Vellukka Strynehalleikar
Postet av Olden IL den 26. Mar 2012
Strynehalleikane vart avvikla etter tradisjonelt mønster laurdag 25.mars. Kun 57 delatakarar stilte opp i år. Dette er det lågaste deltakartalet vi har hatt. Kollisjon med diverse andre arrangement får ta hovudskulda for dette. På den andre sida var det gledeleg at 11 ulike lag var representerte.
I år hadde vi med 9 deltakarar frå Olden. Dette er det lågaste deltakartalet vi har hatt på svært mange år. Dei som stilte opp gjorde imidlertid sine saker svært bra og viste fin framgang. Anders Muri viste at han framleis er veldig rask. Han hadde best tid på 40m av alle deltakarane med 5,4. Så vidt vi veit er Strynehallrekorden på 40 m 5,3.
Gode alpinresultat av Rasmus E. Skarstein
Postet av Olden IL den 26. Mar 2012
Ramus E. Skarstein er for tida på Hovudlandsrenn i alpint for 14-15 åringar på Bjorli. Så langt har han oppnådd to premieplassar. I slalomrennet vart han nr. 29 av over 100 deltakarar. I storslalom vart det ein 34. plass. Også her var det over 100 deltakarar. Vi gratulerer med gode resultat så langt.
Hafsås vann ikkje !
Postet av Olden IL den 26. Mar 2012
Strynehalleikane i morgon
Postet av Olden IL den 23. Mar 2012
Det er meldt på 59 deltakarar til Strynehalleikane laurdag 24. mars. Dette er noko mindre enn dei siste åra. 7 frå Olden stiller opp. Elles kjem deltakarne frå Oppstryn, Stryn, Vikane, Breimsbygda, Fiskå, Skjåk, Hornindal,Haugen, Eid og Markane. Stemnestart kl. 12.00
Verdas mestvinnande maratonløpar
Postet av Olden IL den 21. Mar 2012
Friidrettstrening måndag 19. mars
Postet av Olden IL den 18. Mar 2012
Skarsteinsetra Opp laurdag 8. sept.
Postet av Olden IL den 15. Mar 2012
Skarsteinsetra opp vert i år arrangert laurdag 8. september. Konseptet vert omlag som i fjor med fellesstart for løparar og syklistar. Olden IL satsar i år på å få til eit "Mini-Skarsteinsetra Opp" for dei yngre årklassane.
Set av datoen no og still opp med eller utan tidtaking !
Friidrett
Postet av Olden IL den 11. Mar 2012
Strynehalleikane laurdag 24. mars
Postet av Olden IL den 6. Mar 2012
Strynehalleikane kan i år feire 25-årsjubileum. Det første stemnet vart arrangert i den då nye Strynehallen i 1987. Dvs. at årets arrangement er det 26 i rekkja.
Som vanleg er øvingane 40m, kule, lengde m/tilløp og høgde med tilløp. Alle som er 10 år (f. 2002) og eldre kan vere med, men 9-åringar kan delta i 10-årsklassa. Påmeldingsfrist seinast onsdag 21/3 kl. 23.59.
Oldarar melder seg på til Hans-Petter tlf. 90418186 seinast onsdag 21/3 kl. 20.00.
Norwell-leikane i Florø laurdag 17.mars
Postet av Olden IL den 6. Mar 2012
Laurdag 17. mars vert Norwell-leikane i friidrett arrangert i Florø. Dersom det er interesse tek vi turen. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 14. mars kl. 20.00.
Løypekøyring
Postet av Olden IL den 6. Mar 2012
Jonas og Rasmus uttekne til landsfinale/hovudlandsrenn i alpint.
Postet av Olden IL den 6. Mar 2012
Joans Henden Drageset er kvalifisert til landsfinalen i alpint for 12-13 åringar i Sauda 15-18 mars. Han kom på 5. plass samanlagt i kvalifiseringa. Rasmus E. Skarstein er klar for hovudlandsrennet for klasse 14-15 år på Bjorli 24-30 mars. Rasmus vart nr. 2 i kvalifiseringa. Olden IL gratulerer dei uttekne løparane med flott innsats så langt i alpinsesongen og ynskjer lukke til i Sauda og på Bjorli.
I finalen i Fjord 1-cupen i storslalom i Sogndal laurdag 3/3 fekk Jonas 3. plass og Olav Egset 6. plass i klasse 12-13 år. Blant 14-15-åringane vart Rasmus nr. 3.
Søndag 4/3 var det slalom på Utvikfjellet. Her vart det 4. plass til Jonas og 5. plass til Olav. Rasmus oppnådde 2. plass.
Friidrett våren 2012
Postet av Olden IL den 24. Feb 2012
Dette er dei viktigaste stemna før sommarferien ;
I løpet av av mars : Lagsmeisterskap innandørs
Laurdag 17/3 : Norwell-leikane i Florø
Laurdag 24/3 : Strynehalleikane
Søndag 29/4 : Oldestafetten
Søndag 6/5 : Breimstafetten
Søndag 10/6 :Åsen og Øvrelidleikane, Førde
Du som er interessert i fiidrett må setje av desse datoane no !
Ny-oppkøyrde skiløyper
Postet av Olden IL den 20. Feb 2012
Rasmus E. Skarstein KM-vinnar i storslalom
Postet av Olden IL den 20. Feb 2012
Friidrettstrening
Postet av Olden IL den 6. Feb 2012
Friidrettstrening måndag 6. feb. kl. 17.30-19.00 i gymsalen på Olden skule. Alder frå 9 år og oppover
Friidrettsgruppa
Oppkøyrde skiløyper
Postet av Olden IL den 3. Feb 2012
Adelskalender
Postet av Olden IL den 31. Jan 2012
Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL pr 2011
Post |
Flest turar |
Antal |
År |
Agjeldsetra |
Amund Nesje |
15 |
-10 |
|
Kristian Nesje |
14 |
-10 |
|
Bjarne Nesje |
14 |
-10 |
Honnvasshytta |
Anders Bruvoll |
104 |
-09 |
|
Kjell Bjarne Sunde |
85 |
-11 |
|
Ola Vangberg |
68 |
-10 |
Nonshaugen |
Kjell Bjarne Sunde |
120 |
-11 |
|
Anders Bruvoll |
104 |
-09 |
|
Ola Vangberg |
95 |
-09 |
Vangbergsetra |
Birger Fagerlid |
200 |
-09 |
|
Kjell Bjarne Sunde |
195 |
-11 |
|
Ola Vangberg |
163 |
-09 |
Skarsteinsetra |
Birger Fagerlid |
375 |
-09 |
|
Bente Ljosdal |
314 |
-09 |
|
Kell Bjarne Sunde |
295 |
-11 |
Huaren |
Anne Berit Bjørdal |
277 |
-10 |
|
Tove Kristin Vedlog |
224 |
-10 |
|
Kari G. Solheim |
186 |
-11 |
Avleisetra |
Anne Berit Bjørdal |
107 |
-06 |
|
Kari Solheim |
53 |
-06 |
|
Egil Solheim |
32 |
-06 |
Murisetra |
Bjørn Muri |
34 |
-08 |
|
Rasmus Brynestad |
20 |
-09 |
|
Terje Sundsøy |
13 |
-10 |
Fossen |
Gunnar Melheim |
44 |
-10 |
|
Berit Melheim |
40 |
-10 |
|
Roar Alsaker |
22 |
-11 |
Kvitefjellet |
Liv Elisabet Rygg |
112 |
-09 |
|
Magdeli Bruvoll |
21 |
-10 |
|
Lin Gunhild Bruvoll |
11 |
-09 |
Solheimsætra |
Mari Kr. Melheim |
41 |
-11 |
|
Roar Alsaker |
13 |
-09 |
|
Arild Hafsås |
13 |
-10 |
Laukisetra |
Anne Britt Eide |
85 |
-09 |
|
Bente Ljosdal |
76 |
-10 |
|
Elbjørg Skarstein |
69 |
-10 |
Sundsetra |
Bjarne Gjerde |
124 |
-11 |
|
Gunnar Gjerde |
114 |
-10 |
|
Einar Strand |
111 |
-09 |
Sundsdalen |
Gunnar Gjerde |
43 |
-11 |
|
Svein Gjerde |
34 |
-11 |
|
Bjarne Gjerde |
26 |
-09 |
|
|||
Yrisetra |
Lillian Mykløen |
37 |
-10 |
|
Einar Mykløen |
37 |
-10 |
|
Anne Mykløen |
22 |
-06 |
Høgalmesetra |
Jan Høgalmen |
275 |
-08 |
|
Reidun Høgalmen |
71 |
-08 |
|
Tore Høgalmen |
69 |
-10 |
Kvamssetra |
Jakob Kvamme |
84 |
-10 |
|
Jon Olav Kvamme |
64 |
-09 |
|
Kari Kvamme |
33 |
-04 |
Flatsteinbu |
Fredrik Kvame |
7 |
-08 |
|
Jakob Kvamme |
6 |
-11 |
|
Jon Olav Kvamme |
5 |
-08 |
|
Jan Høgalmen |
5 |
-09 |
Brenndalen |
Signe Aabrekk |
103 |
-07 |
|
Asbjørn Indrebø |
54 |
-07 |
|
Veronika Nitsch |
20 |
-11 |
|
|||
|
|||
TOTAL POENGSUM OVER 500: |
|||
NAMN |
POENG |
ÅR | |
1 |
Kjell Bjarne Sunde |
2258 |
-11 |
2 |
Birger Fagerlid |
1892 |
-09 |
3 |
Anders Bruvoll |
1372 |
-09 |
4 |
Anne Berit Bjørdal |
1354 |
-10 |
5 |
Bente Ljosdal |
1286 |
-09 |
6 |
Jan Høgalmen |
1173 |
-08 |
7 |
Ola Vangberg |
1138 |
-09 |
8 |
Reidun H. Skarstein |
962 |
-11 |
9 |
Svein Gildestad |
934 |
-10 |
10 |
Hans Petter Galtung |
930 |
-09 |
11 |
Tove Kristin Vedlog |
807 |
-11 |
12 |
Liv Elisabet Rygg |
788 |
-10 |
13 |
Mari Kr. Melheim |
704 |
-11 |
14 |
Per W.Skarstein |
694 |
-11 |
15 |
Anne Britt Eide |
670 |
-10 |
16 |
Kari Solheim |
658 |
-06 |
17 |
Johanna Nygjerd |
617 |
-09 |
18 |
Johan Fredheim |
566 |
-11 |
19 |
Bjørn Muri |
552 |
-10 |
20 |
Gunnar Gjerde |
548 |
-11 |
21 |
Oddbjørg Bø Muri |
519 |
-10 |
22 |
Bjarne Gjerde |
509 |
-11 |
23 |
Alf Muri |
506 |
-05 |
Adelskalenderen_Fjelltrimmen_OIL.doc
Framleis fint skiføre.
Postet av Olden IL den 30. Jan 2012
Hafsås vann halvmaraton
Postet av Olden IL den 24. Jan 2012
Friidrettstrening måndagar
Postet av Olden IL den 23. Jan 2012
Oppkøyrde skiløyper
Postet av Olden IL den 21. Jan 2012
Ny årsrekord for nettsida til Olden IL
Postet av Olden IL den 3. Jan 2012