Vinterleg Breimstafett
Postet av Olden IL den 6. Mai 2012
Trass i kald vind og snøbyger vart Breimstafetten 2012 ein suksess. Heile 53 lag var i aksjon i dei ulike klassane. I tillegg kjem alle skulelaga. Vi gratulerer Hornindal med ein ny sterk stafettsiger i guteklassa. Her vart Olden nr. 7 av 13 lag. Tida var 19 sek. svakare enn i fjor. Dette skuldast nok i stor grad dei vinterlege tilhøva. Veteranane vart nr. 4 av 6 lag. Fjellhug/Vereide var her suverene. Kanskje den nye løypa passa oss dårlegare ? Elles må det seiast at vi stilte med eit skadeprega lag. Mindre trening på fleire av deltakarane er nok og ei medverkande årsak til at veteranane leverte sin "dårlegaste" Breimstafett plasseringsmessig på svært lenge.
Jølster vann herreklassa knapt føre Hyen. Blant jentene var Førde suverene. Opa klasse vart vunnen av Stårheim/Eid. Olden stilte ikkje lag her i år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024