Birger Fagerli vinnar av fjelltrimmen 2008
Postet av Olden IL den 23. Des 2008
|
Birger Fagerli vart klar vinnar av Olden IL sin fjelltrim 2008. Han oppnådde heile 1328 poeng. Han hadde bl.a. 248 turar på Skarsteinsetra. Også Jan Høgalmen og Anne Berit Bjørdal kom over 1000 poeng. Folk har trimma som aldri før og registreringane viser ein auke i høve til 2007 på heile 50 %. Skarsteinsetra er elles den mest besøkte posten med 2414 registreringar. |
Helge norsk meister på100km
Postet av Olden IL den 19. Okt 2008
![]() |
Laurdag tok Helge Hafsås ikkje uventa sin 1 NM-tittel nokon gong. Han vann 100 km i Bergen med over 19 min til nestemann. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare |
Lagsmeisterskap i friidrett på Byrkjelo
Postet av Olden IL den 16. Okt 2008
5. oktober avslutta Olden og Vikane friidrettssesongen ved å samarbeide om å avvikle lagsmeisterskap på Byrkjelo. Kjøleg og etter kvart dårleg ver la ikkje nokon dempar på aktiviteten. Vi let oss imponere av stor innsatsvilje blant dei som stilte til start. Utøvarane fekk prøve seg på 60m, 400m, 600m, lengde, høgde,liten ball, spyd og diskos. Det var noko skuffande at kun 11 frå Olden stilte til start. Noko av årsaka til manglande oppslutning skuldast nok sjukdom og haustferie. Elles viser det seg gong på gong at vi får større oppslutning på dei arrangementa vi kan gjennomføre heime i Olden. Ei utbyggjing av eit mindre friidrettsanlegg må derfor vere ei høgt prioritert oppgåve for idrettslaget.
Trass i til dels dårlege forhold, vart det oppnådd mange fine resultat og sett fleire personlege rekordar. På ny var det Anders Muri (15) som imponerte aller mest. 7,4 på 60m i kjøleg ver og 1,46 m/sek motvind er ein svært sterk prestasjon. Mykje tyder på at dette er det beste baneresultatet på 60m av ein oldar nokon gong uansett klasse. Anders sprang og, tilhøva teke i betraktning, ein god 400m på 56,9.
Helge stiller på NM på 100km
Postet av Olden IL den 16. Okt 2008
VELKOMMEN TIL KLUBBEN ONLINE X!
Postet av Olden IL den 23. Sep 2008
Du som er ansvarlig for denne løsningen må logge deg på i verktøykassa i venstre meny for å legge ut nyheter på siden. Der kan du også slette denne "startnyheten". Passord og bruker har du mottatt på mail fra n3sport.
Ditt Klubben Online X-abonnement gir klubben:
- Egen hjemmeside på internett, tilgjengelig for alle klubbmedlemmer.
- Informasjon fra krets og forbund samt terminlister, resultater og tabeller.
- Medlemsregister som er lett tilgjengelig for de tillitsvalgte, oversiktlig og enkelt å vedlikeholde.
- Diskusjonsside hvor alle kan si sin mening om det som skjer i klubben.
- Arkiv for dokumenter og bilder.
- Aktivitetskalender med egne aktiviteter som f eks treninger, møter etc.
- Mulighet til å sende SMS fra hjemmesiden.
Du kan også få spesialutviklet et eget design for hjemmesiden din. Ta kontakt med n3sport for mer informasjon om dette.
Link til brukerveiledning for Klubben Online X Kontakt n3sport as
Du når oss på e-post: post@n3sport.no eller telefon: 48 100 800.
Du får også mer informasjon om Klubben Online på http://idrett.speaker.no.
18 DM-medaljar til Olden.
Postet av Olden IL den 22. Sep 2008
Medaljeoversikt DM :
G11 : Lars Marius Kveen Gjertsen : Sølv i høgde og i kule
G12 : Are A. Tenden : bronse på 600m
J14 : Janne Alsaker : sølv på 60m
Therese Tenden : bronse på 60m og i lengde
G15 : Anders Muri : Gull i lengde og på 100m, bronse i kule
Ole Myklebust : Gull i kule, sølv på 100m
Sondre Guddal Muri : Gull på 800m, Sølv på 100m, i lengde og i spyd
G16 : Johnny Myklebust : Gull i kule og på 100m.
Stafett : Gull på 4 x 100m i klasse 15-18 år
(Sondre Guddal Muri, Johnny Myklebust, Ole Myklebust og Anders Muri)
Det må vere svært lengde sidan Olden har stilt lag på ein 4x100m stafett. Vi har ikkje funne noko registrert tid, så mykje kan tyde på at tida 51.13 er lagsrekord for Olden IL.
Dei 4 som deltok på regionsleikane var Jens Guddal Muri (9) og 10-åringane Mons Eirik Vangberg, Odd Sindre Tonning og Sondre Ljosdal Galtung. Alle leverte flott innsats og sette fleire personlege rekordar. Sondre fekk delt 1. plass i lengde med 3,32. Odd Sindre vart nr. 2 på 60m med tida 10.52
UM Sigdal
Postet av Olden IL den 30. Aug 2008
Tre frå Olden IL i Skåla opp.
Postet av Olden IL den 17. Aug 2008
Kun 3 frå Olden IL prøvde seg på tid i Skåla opp på laurdag. Sondre Guddal Muri som berre er 15 år stilte opp i klasse 16-17 år og kom inn på den gode tida 1.48.15. Det heldt til ein 8. plass i klassa. I klasse 35-39 år vart Roar Alsaker nr. 15 av dei 72 som fullførde. Tida 1.34.54 var noko betre enn i fjor. I klasse 50-54 år, greidde Hans-Petter Galtung såvidt å kare seg under 2 timars grensa med 1.59.29
Friidrettstreninga startar opp igjen
Postet av Olden IL den 17. Aug 2008

Hafsås til topps i Hornindal.
Postet av Olden IL den 29. Jul 2008
Hafsås klar for Hornindalsvatnet maraton på laurdag
Postet av Olden IL den 23. Jul 2008
Helge Hafsås nr. 4 i maraton -NM
Postet av Olden IL den 7. Jul 2008

Som vanleg tok Helge leiinga frå start, men måtte sleppe etter ca. 5 km. Han passerte halvmaraton på ca. 1.20. Det var lenge usikkert om kongen av Jølster maraton, med heile 10 sigrar, i det heile teke kunne stille opp denne gongen. Men som den pliktoppfyllande løparen Helge er, fann han ut at han ikkje kunne svikte når NM skulle gå nesten på heimebane.
I kvinneklassa vart det gull til Sogn og Fjordane. Audhild Hestad frå Gaular kom for første gong under 3 timar og vann på tida 2.57.25
Mange flotte resultat på Sparebankleikane.
Postet av Olden IL den 30. Jun 2008
Sparebankleikane 2008 vart eit kvalitetsstemne både med omsyn til resultat og arrangement. Frå Olden hadde vi med 6 deltakarar. Vår fremste utøvar, Anders Muri valde fornuftig nok å stå over denne helga. Han kjende seg ikkje 100 % etter den harde helga på Lillehammer og fotballskule sist veke.
Dei andre oldarane greidde seg imidlertid fint i den harde konkurransen. Sondre Guddal Muri (15) vann 800m, vart nr. 2 på 100m og nr. 3 i lengde og spyd. I spyd manglar han framleis vel ein meter på å kvalifisere seg til ungdomsmeisterskapen i slutten av august. Knut Alsaker (15) oppnådde si beste plassering på 100m med ein 3. plass. Både Sondre og Knut sette fine nye personlege rekordar på 100m. I 10- års klassa fekk Jens Guddal Muri (9) ein fin 3. plass i høgde.
Dei 3 andre frå Olden, Rasmus E. Skarstein,(11) Are A. Tenden (12) og Anders Egset (12) sette og fine personlege rekordar i stemnet. Det var fine tilhøve på Byrkjelo begge dagane.
Elles kan vi nemne at Hans-Petter Galtung, Olden saman med fleire andre var oppe til praktisk eksamen som krinsstartar på Byrkjelo denne helga. Alle 3 som var oppe bestod eksamen. Dei to andre var Håkon Løseth, Førde og Arne Klakegg, Fjellhug/Vereide.
For resultat, sjå www.sffik.no
Meir om Veidekkeleikane.
Postet av Olden IL den 30. Jun 2008
Anders heilt til topps også på 100m.
Postet av Olden IL den 22. Jun 2008
Anders Muri kunne innkassere sitt 2.gull under Veidekkeleikane på Stampesletta i dag. Han hadde den beste tida også i forsøket med 11.85. I finalen vart det 11.66. Dette var 4/100 betre enn Andreas H. Kristiansen frå Lørenskog. Medvinden var imidlertid for sterk (+3,6) til at tida kan godkjennast som personleg rekord. Uansett ei kraftig forbetring av persen også på denne distansen.
Flere bilder finner du her
Totalt denne helga står då Anders med 1. plass på 200m og 100m, 2. plass på 400m og 5. plass i lengde. Vi gratulerer med fantastiske prestasjonar.
Sondre Guddal Muri deltok i dag på 800m. Tida 2.18.22 var ny pers. og heldt til ein 19.plass. Sondre er nok mest fornøgd med finaleplassen i lengde der han greidde ein flott 7. plass.
Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete seinare
Meir om Veidekke-leikane
Postet av Olden IL den 21. Jun 2008
I dag har vi to oldarar i aksjon på Lillehammer. Anders Muri skal prøve seg på 400m og i lengde. Sondre Guddal Muri deltek i lengde og spyd. Stemnet held fram på søndag. Då er våre påmelde på 100m og 800m. Sidan 800m går før 100m, er det nok tvilsomt at dei stiller til start på denne distansen.
Nytt imponerande resultat av Anders.
Postet av Olden IL den 21. Jun 2008
To oldarar i lengdefinalen på Lillehamer.
Postet av Olden IL den 21. Jun 2008
Både Anders Muri og Sondre Guddal Muri kom til finalen i lengde i G15 under Veidekke-leikane på Lillehammer. Sondre fekk ein flott 7.plass med resultatet 5.11, som er klar pers. Anders hoppa 5.50 og vart nr. 5, men med med betre planke i nest siste hoppet hadde nok ei plassering blant dei 3 beste vore i boks. Dessutan, ein knallhard 400m like før lengdekonkurransen, er ikkje nett den beste oppladninga. Men akkurat i dag var det 400m som var prioritert.
Sondre kasta ca. 37.50 i spyd (600 gr.). Dette heldt ikkje til finaleplass denne gongen.Det har blitt lite spydtrening i år, men vi trur at med litt finpuss skal Sondre ha kvalifiseringskravet til ungdomsmeisterskapen på 39m innan rekkevidde.
Resultater finner du her
Anders Muri vann 200m på Lillehammer.
Postet av Olden IL den 20. Jun 2008
Anders Muri gjekk heilt til topps på 200m under Veidekke-leikane på Lillehammer i kveld. I det seeda heatet vann Anders på tida 24.11. På dei neste plassane følgde Håkon Morken, Lillehammer IF med 24.19 og Øystein Rødsjø, Selsbakk IF, med 24.27. Anders har vore nær på i mange større stemne dei siste to åra, men i kveld lukkast han fullt ut og gjekk heilt til topps. Olden IL gratulerer Anders med fantastisk flott innsats. Han er den første frå Olden IL som går heilt til topps i dette store stemnet på Lillehammer som samlar dei beste frå heile landet.
Anders viste på nytt at han er veldig god når det gjeld som mest. Under Førdeleikane forrige helg vann han 200m poå 24.75. Denne personlege bestenoteringa vart no forbetra med heile 64/100. Forrige sesong var han ikkje under 26.00 på 200m. Rødsjø på 3. plass er den same som "lurte" Anders for sigeren på 60m i fjor. Tida 24.11 er elles den beste elektroniske tida som er oppnådd av ein oldar nokon gong på 200m uansett alder. Omrekna til manuell tidtaking er dette omlag ei tangering av Sverre Kirtkhorn sin manuelle lagsrekord på 23.9. På sprintdistansane er nemleg omrekningsfaktoren mellom elektronisk og manuell tidtaking 0,2.
Vi kjem tilbake med meir stoff frå stemnet seinare. Olden IL stiller med to deltakarar på Lillehammer, begge i klasse 15 år. Anders Muri stiller også til start i desse øvingane : 100m, 400m, 800m og lengde. Sondre Guddal Muri skal prøve seg på 100m, 800m, leingde og spyd. Sondre har tidlegare hevda seg best i spyd, men har denne sesongen også vist fin framgang i løpsøvingane.
Her er det berre å følgje med. Vi skal prøve å oppdatere heimesida utover i helga.
Stor stafettdag på Breim. Helge Hafsås tildelt Breimstafettmedaljen, Olden vann opa klasse
Postet av Olden IL den 4. Mai 2008
Det vart ein stor dag for Helge Hafsås og for Olden på Breimstafetten søndag. Helge vart som første oldar nokon gong tildelt den gjeve Breimstafettmedaljen. Dette er ei utmerking som heng svært høgt. I opa klasse tok Olden ein suveren siger 14 sek. føre Breimsbygda. Seks lag stilte i denne klassen. I veteranklassa vart Florø for sterke også i år. Olden sitt lag sprang 7. sek raskare enn i fjor og tok ein klar 2. plass knappe 9 sek. bak Florø. I guteklassa stilte vi i år eit svært ungt lag, som måtte ta til takke med 11 og siste plass. Men desse gutane kjem nok langt sterkare tilbake allereie neste år.
Reglane for opa klasse tilseier at det skal vere minimum 2 av kvart kjønn på laget. Olden heldt heile tida godt følgje med teten. Ved siste veksling var vi nr. 2 bak Breimsbygda, men med Anders Muri på ankeretappen, var det ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne. Desse sprang på vinnarlaget : Knut Alsaker, Lillian Eide, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Hildegunn Mykløen og Anders Muri.
Klart for Breimstafetten på søndag
Postet av Olden IL den 2. Mai 2008
Ny månadsrekord for heimesida vår.
Postet av Olden IL den 2. Mai 2008

Nesten for Olden sitt gutelag, fantastisk ankeretappe av Anders Muri
Postet av Olden IL den 29. Apr 2008
Det vart ein stor stafettdag i Olden på søndag. Veret var flott og løypene tørre og fine. Det som først og fremst vil bli hugsa er nok det knallharde oppgjeret i guteklassa mellom Førde, Olden og Jølster og Andre Opheim sin flotte apell med avsluttande stafettstev.
Olden har lenge hatt som mål å vinne gutestafetten på heimebane. Draumen var å slå Jølster som hadde vunne dei 9 siste åra. Vi klarte Jølster, men det mangla nokre få cm. på at draumen om siger skulle gå i oppfylling. Ved siste veksling var Olden nr.3, eit godt stykke bak Jølster og Førde. Anders Muri leverte ei fantastisk opphenting, passerte Jølster ca. 30m før mål og med ein sugande sluttspurt kom han nesten ajour med Førde sin ankermann Torstein Frøholm. Hadde stafetten berre vore ein meter lenger, trur vi Olden hadde vore først. Det var lenge usikkert kven som hadde vunne, men måldommarane var einige om at Førde hadde dei nødvendige centimeterane på si side. Førde tok dermed sin første siger i gutestafetten sidan 1966. Olden vann sist i 1973, men kanskje neste år .... Sjølv om Førde var 3,5 sek. bak Jølster sin løyperekord frå i fjor, har nivået på dei beste laga aldri vore høgare sidan omlegginga frå 10 til 5 etappar. Dei 5 frå Olden som nesten vann Oldestafetten var : Ole Myklebust, Rasmus Skarstein, Sondre Guddal Muri, Odd Sindre Tonning og Anders Muri.
I gutestafetten deltok 14 lag som er det meste sidan jubileet i 2004. Olden 2 vart nr. 7. Tida 6.25 er den beste tida eit 2. lag frå Olden har oppnådd. Olden 3 vart nr. 13.
Førde gjekk og til topps i jenteklassa føre Jølster og Hyen. Olden 2 vart her nr. 3 på ei tid som er betre enn på lenge. Olden 1 vart nr. 6 av 7 lag.
GFIL 1 vann herrestafetten føre Jølster.
I veteran var Markane i år sterkare enn oldarane. Sjølv om Asbjørn Gjerde hadde vore på Olden sitt lag, trur vi det hadde vore vanskeleg å hamle opp med Markane denne gongen.
Blant damene var GFIL, Hyen raskast. Markane og Olden springers deltok her i open klasse. Oldedamene leverte flott innsats, men måtte konstatere at Markane var 4 sek. føre i mål.
Totalt deltok 29 lag i den 54. Oldestafetten. På ministafetten deltok 5 lag. På hovudstafetten hadde Olden med heile 7 lag. Stafetten viste at Olden IL for tida både har topp og breidde innafor friidretten.
30 lag påmelde på Oldestafetten
Postet av Olden IL den 26. Apr 2008
Hafsås tok sin 9. siger i Rett Vest
Postet av Olden IL den 21. Apr 2008
Ny maratonsiger til Hafsås
Postet av Olden IL den 13. Apr 2008
KM terrengløp på Sandane
Postet av Olden IL den 13. Apr 2008
Løpskarusellen 2008. løp 1
Postet av Olden IL den 8. Apr 2008
Første løpet i Olden IL sin løpskarusell 2008 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule på måndag. 30 deltakarar frå 7 år og oppover stilte opp i det fine vårveret. Alle klassar sprang ei runde og vi fekk mange fine spurtoppgjer. Veteranen Joar Sunde greidde så vidt å halde unggutane bak seg og sette offisiell løyperekord med tida 1.18.7.
75 deltakarar på Strynehalleikane, 22 frå Olden IL
Postet av Olden IL den 7. Apr 2008
Olden hadde største troppa med heile 22 delakarar då Strynehalleikane vart avvikla på laurdag. Alle gjorde ein flott innsats med gode plasseringar og mange personlege bestenoteringar. Fleire av desse deltok på eit større friidrettsstemne for første gong. I det heile teke viser stemnet at det er bra rekruttering til friidretten i Olden, men vi skulle gjerne hatt med fleire jenter i dei yngste årsklassane.
Olden IL og Oppstryn vil takke vår hovudsponsor Sparebanken, Sogn og Fjordane og dessutan Olden Brevatn som sytte for gratis drikke til alle deltakarane. Vidare ei stor takk til alle funksjonærane som også i år sytte for eit vellukka arrangemnet.
Olden IL fekk følgjande klassevinnarar :
J11 : Julie Beines : Kule
G10 : Jens Guddal Muri : høgde
G11 : Lars Marius Gjertsen Kveen : 40m, høgde og kule
G15 : Anders Muri : 40m og lengde
Ole Myklebust : Kule
Elles fekk Olden også svært mange andre gode plasseringar i klassane 10-12 år. I klassane frå og med 13 år vart det 8 sølv- og 6 bronsemedaljar til oldarane.
Gode resultat på seriestemne i friidrett.
Postet av Olden IL den 2. Apr 2008
Det var stor innsats og mange gode resultat då det andre lagsstemnet i friidrett vart avvikla i Olden skule måndag 31. mars. Alle aldersgrupper fekk prøve seg i kulestøt, medan dei eldste også fekk høve til å delta i stille lengde og stille tresteg. Også denne gongen vart det oppnådd fleire resultat på godt nasjonalt nivå.
I stille tresteg kom både Sondre Guddal Muri og Anders Muri over 7m. Anders sitt lengste hopp målte 7.84. Dette er foreløpig det neste beste resultatet i Norge i år, 29 cm bak 1. plassen. Med 7.08 er Sondre nr. 5 på statistikken i denne øvinga.
Ole Myklebust forbetra seg kraftig i kule. Han støytte 4 kg-kula 10.80, noko som held til ei plassering blant dei 10 beste på norgesstatistikken. Erik Sunde (13) oppnådde 8.95 med 3kg-kule. Dette held til ein 13 plass på den nasjonale statistikken. Også 11-åringen Lars Marius Gjertsen Kveen viste god kuleform framfor Strynehalleikane på laurdag. Jentene som deltok viste og fin framgang både i hopp utan tilløp og i kule.
Landsfinalen i alpint på Kvitfjell
Postet av Olden IL den 1. Apr 2008
Helga Skarstein (13) representerte Olden og Sogn og Sogn og Fjordane på ein svært god måte då landsfinalen i alpint vart arrangert på Kvitfjell sist helg. Beste plasseringa fekk ho i slalåm med ein 30. plass. Dette var beste plasseringa blant jentene frå Sogn og Fjordane i denne øvinga. I storslalåm oppnådde Helga ein 37. plass. Beste lokale plassering fekk Tomas Sårheim, Breimsbygda med ein 7. plass i storslalåm.
Helge Hafsås er i gong igjen !
Postet av Olden IL den 31. Mar 2008
Helge Hafsås har slite med betennelse i beinmuskulaturen sidan 100km på Bergen Ultra 20. oktober. Laurdag var han tilbake igjen med ein ny siger i Bergen maraton. Med tida 2.49.43 var han vel 8 min. føre nr. 2 i løpet. Dette var Helge sin maratonsiger nr. 108. Vi håpar han no er kvitt skadeproblema og at han får trent skikkeleg fram mot NM i maraton på Jølster og det første offisielle NM på 100km til hausten.
Sjå elles reportasje og resultat på www.kondis.no
Helga og Rasmus Skarstein til topps i Fjord 1 cupen
Postet av Olden IL den 26. Mar 2008
Helga og Rasmus Skarstein vann begge sine klassar i det avsluttannde storslalomrennet (finalen) i Fjord 1 cupen på Jølster 16.mars. Med dette gjekk dei og til topps samanlagt. Dei andre 5 deltakarane frå Olden gjorde det og bra i sine klassar.
Helga er og kvalifisert til landsfinalen for 13-åringar på Kvitfjell 28-30 mars. Her skal ho køyre slalåm, storslalåm og super G. Olden IL ynskjer Helga lukke til i den harde konkurransen på Kvitfjell. Totalt reiser 4 jenter og 4 gutar frå Sogn og Fjordane skikrins.
Gjensidigeleikane i Florø
Postet av Olden IL den 11. Mar 2008

Stor deltaking og flotte resultat på LM i friidrett innandørs
Postet av Olden IL den 11. Mar 2008
Lagsmeisterskapen i friidrett innandørs vart avvikla i Olden skule sist måndag. Heile 39 utøvarar i alderen 7-50 år stilte opp i øvingane lengde u/tilløp, tresteg u/tilløp, høgde u/tilløp og kule. Det var ekstra gledeleg at det var veldig mange deltakarar i aldersgruppa 14-16år.
15-åringane Ole Myklebust og Anders Muri oppnådde dei aller beste resultata. Ole hoppa 1.28 i stille høgde. Dette er så langt det 3. beste resultatet i Norge i år. Med 1.25 gjekk Anders inn på 4. plass på Norgesstatistikken i denne øvinga. I stille tresteg hoppa Anders 7.46. Dette er det foreløpig beste resultatet i Norge i år. I lengde u/tilløp oppnådde han 2.59 som held til ein foreløpig 6. plass på norgesstatistikken. Elles vart det oppnådd mange fine resultat og sett mange personlege rekordar både blant jentene og gutane. P.g.a. tidsnød fekk vi ikkje avvikla kule for dei som er 12 år og eldre. Denne øvinga vil vi ta igjen ved eit seinare høve. Vi kjem tilbake med ei fullstendig resultatliste seinare.Nye friidrettsdrakter til våren
Postet av Olden IL den 6. Mar 2008
Olden IL har inngått avtale med Trimtex om levering av friidrettsdrakter. Det er bestilt tights, singlet og t-skjorter i Olden-fargane blått og gult. Vi er lovde at draktene skal vere oss i hende i god nok tid før Oldestafetten 27. april. Vi vil kome tilbake med prisar seinare, men håpar at vi skal kunne selje dei for under halvparten av innkjøpsprisen.
Rasmus Skarstein vann storslalåm på Utvikfjellet.
Postet av Olden IL den 2. Mar 2008
Det var god Olden-innsats då krinsmeisterskapen i slalåm og storslalåm vart avvikla på Utvikfjellet i helga. Søndag tok Rasmus Skarstein ein klar siger i 11-årsklassa i storslalåm, 2,48 sek. føre Sander Ness frå Sogndal. Laurdag fekk han 3. plass i slalåm.
(Fant dessverre bare bilde fra lørdag)
Helga Skarstein vart nr. 3 i begge disiplinar. Aller best gjekk det i storslalåm der ho kun mangla 1,05 sek. på å gå heilt til topps. I andre omgong hadde ho beste tid. Mathias Fjellestad (11) vart nr. 6 i slalåm og Anders Egset (12) nr. 13 i storslalåm. I klassa 8 år og yngre vart Jonas H. Drageset nr. 6 og Olav Egset nr. 7.Fjelltrimmen 2008
Postet av Olden IL den 24. Feb 2008
|
Fjelltrimsesongen 2008 er godt i gong. Trass i mykje dårleg ver er det gode besøkstal på mange av postane. Vi presenterer her status for besøkstala for nokre av postane og dei 3 som har flest turar til desse postane. Tala kan ikkje heilt samanliknast sidan bøkene vart bytte på ulike tidspunkt. Pr. 23/2 : Skarsteinsetra 549 (frå 7/10-07) : Birger Fagerli 91, Kjell Bjarne Sunde 82, Bente Ljosdal 50. Huaren 316 (frå 1/12-07) : Anne Berit Bjørdal 61, Kari Solheim 52, Arne Steinar Muri 52. Vanbergssetra 175 (frå 3/10-07) : Kjell Bjarne Sunde 52, Ola Vangberg 33, Birger Fagerli 31. Dersom våren og sommaren slår til med godt ver, vil det bli arrangert fellesturar på setrar og einskilde fjelltoppar. Dette vil bli kunngjort ved oppslag i sentrum og på heimesida. Les meir om postar og poeng i 2008 : |
Bøker ligg ute på følgjande setrar/stadar :
Agjeldssetra : 3 p.
Honnvasshytta : 5
Vanbergssetra (gamlesetra) : 3
Nonshaugen (Vanberg) : 3
Skarsteinsetra : 3
Huaren : 3
Avleisetra : 5
Murisetra : 6
Melheim/Solheimsetra : 5
Laukisetra : 5
Sundssetra : 3
Sundsdalen (Myrane) : 5
Yrisetra : 3
Høgalmesetra : 4
Kvamssetra : 5
Flatsteinbu : 7
Brenndalen : 3
Helga Skarstein tok KM-gull i Super G
Postet av Olden IL den 21. Feb 2008
Basistreningar for friidrett/fotball
Postet av Olden IL den 16. Feb 2008
9-12 år : Måndagar 17.30-18.30 i gymsalen på Olden skule
13 år og oppover :
Måndagar : 18.30-20.00 : 18.30-19.00 løpetrening ute. 19.00-20.00 i gymsalen, sirkeltrening, ballspel m.m
Laurdagar : 10.30-12.00 For dei som er 13 år og eldre. Hovudvekt på spenst- og hurtighetstrening + ballspel. Gymsalen Olden skule.
Treningane går som normalt også i vinterferien.
Ny dato for Strynehalleikane 2008
Postet av Olden IL den 16. Feb 2008
Anders Muri med sølvmedalja i lengde
Postet av Olden IL den 5. Feb 2008
![]() |
Dette er første gong ein utøvar frå Olden IL tek medalje i eit slikt meisterskap. Olden IL gratulerer Anders med medalja og dei andre flotte resultata under UM i Drammen. Vi vil på same tid gratulere faren, Halvard Muri, for flott oppfølgjing under UM og på andre friidrettsstemner.
Utøvarar frå Sogn og Fjordane tok 5 gull, 6 sølv og 4 bronse i meisterskapen. Inger Anne Frøysedal,tidlegare Oppstryn, no Tjalve tok heile 4 medaljar i klasse 18/19 år. Det vart gull i høgde og kule, sølv i lengde og tresteg. |

Idrettsskulen høsten 2008
Postet av Olden IL den 4. Feb 2008
Fram til 10. april står desse aktivitetane på programmet: ski, friidrett, klatring, handball, innebandy, balleik og kanopadling. Noko for ein kvar smak skulle vi tru.
Anders tok sølv i lengde
Postet av Olden IL den 3. Feb 2008
I Drammenshallen i dag føremiddag tok Anders Muri sølv i lengde i ungdomsmeisterskapen. Det var kun 12 cm opp til gullmedalja.
Anders hoppa 5.64. Vinnaren Mathias Øverland, Vegårshei oppnådde 5,76. Anders hadde ein svært god serie og hoppa 5.64 to gongar.
På 100m vart det ikkje finaleplass denne gongen. Tida 12. 33 (pers.) i forsøket heldt til ein 8. plass. Det mangla 7/100 på å kome med i finalen som går seinare i dag. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare.
Anders 1/100 frå sølv på 60m under UM
Postet av Olden IL den 2. Feb 2008
Under første dag av ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammen vart det 4.plass på 60 m til Anders Muri. Med tida 7.64 hadde han nest beste tid i forsøket. I finalen pressa han seg ned til 7.62 som kun var 1/100 unna sølvmedalje. Denne vart nemleg delt av to løparar på tida 7.61. Gullet gjekk til Tapio Stensletten, Os Turnforening på 7.46. Uansett, fantastisk innsats av Anders, men sjølvsagt litt surt å mangle så lite på medalje. I morgon er det imidlertid nye sjansar på 100m og i lengde.
Så vidt vi veit er 7.62 den beste 60m-tida med elektronisk tidtaking oppnådd av ein oldar nokon gong. Dette gjeld uansett klasse.
Her er finaleresultata, klasse 15 år :
1. Tapio Stensletten, Os Turnforening 7.46
2. Markus Foss Johansen, Driv IL 7.61
3. Øystein Rødsjø,Selsbakk 7.61
4. Anders Muri, Olden IL 7.62
5. John Huse Olsen, GTI 7.65
6. Chrsitian H. Ellingstad, Nesodden 7.65
7. Nirethan Panchalingam, Lørenskog 7.84
Fullstendige resultatlister kan ein finne på : www.ifhellas.no
Anders Muri til UM innandørs i Drammen
Postet av Olden IL den 30. Jan 2008
![]() |
Førstkomande helg skal Anders Muri delta på ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammenshallen. Her får han måle krefter mot norges aller beste sprintarar og lengdehopparar i klasse 15 år. På laurdag prøver han seg på 60m og på søndag vert det 100m og lengde. Eit blikk på startlistene viser at konkurransen vert knallhard. Målet for Anders må i første omgang vere å greie å kome med til finalane, men med full klaff kan og medalje vere innan rekkevidde.
Frå Sogn og Fjordane er det påmeldt 18 utøvarar. Florø har den største troppen med 8 deltakarar. Sjå elles heimesida til friidrettskrinsen : www.sffik.no |
Bestemannspremiar til Anders Muri på YIT-leikane
Postet av Olden IL den 21. Jan 2008
Anders Muri (15) imponerte på YIT-leikane i Førdehuset søndag 20.januar. Han fekk bestemannspremien for beste guteresultat (13-18 år) både i løp (60m) og hopp (lengde). Anders ser dermed ut til å halde fram der han slapp i fjor. Han vann 3 øvingar, 60m, lengde og 400m. I lengde fekk han opp eit sprang på heile 5.85. På 60m vart tida 7.81 og på 400m 60.0. Alle resultata er personlege rekordar innandørs. Dette lovar bra framfor ungdomsmeisterskapen, 15-22 år, i Drammenshallen 1-3. feb. La oss håpe at Drammenshallen vert same lukke-arenaen for Anders som det har vore for det norske herre-landslaget i handball.
Det var få oldarar med denne gongen. I tillegg til Anders deltok Terese Auflem Tenden (14) i lengde og kule.
Tillitsvalde Olden Idrettslag 2012
Postet av Olden IL den 8. Jan 2008
Hovedstyret: |
Innv. År |
Funksjon | |
Per Magne Muri |
2009 |
Leiar | |
Hans Petter Galtung |
2002 |
Nestleiar | |
Tove Kristin Vedlog |
2012 |
Kasserar | |
Terese Sunde |
2007 |
Sekretær | |
Geir Øyvind Vangberg |
2012 |
||
Idrettsskulen: |
|
||
Bente Kjørslevik |
2010 |
Leiar | |
Else Fredheim |
2010 |
||
Hege Gjerde |
2011 |
||
Kjetil Hansen |
2011 |
||
Fotballgruppa: |
|
||
Bjarte Haugen |
2006 |
Leiar | |
Andreas Drageset |
2007 |
||
Anne Lise Solheim |
2009 |
||
Anne Karin Melheim |
2012 |
||
Odd Kjetil Tonning |
2011 |
||
Ragnvald Flåten |
2011 |
||
Friidrettsgruppa: |
|
||
Hans Petter Galtung |
2002 |
Leiar | |
Joar Sunde |
2007 |
||
Sissel Kvamme |
2008 |
||
Andre Opheim |
2010 |
||
Leiv Arne Egset |
2009 |
||
Skigruppa: |
|
||
Hans Petter Galtung |
1999 |
Leiar | |
Andreas Skogli |
1995 |
||
Roar Alsaker |
2003 |
||
Osvald Olsen |
1999 |
||
Alpingruppa: |
|
||
Pål Skarstein |
2005 |
Leiar | |
Andreas Drageset |
2011 |
||
Banenemd: |
|||
Birger Beinnes |
2008 |
Leiar | |
Kjell Arne Løken |
2008 |
||
Oldestafettnemd: |
Innv. År |
Funksjon | |
Anders Bruvoll |
1995 |
Leiar | |
Jan Høgalmen |
2009 |
||
Dagfinn Gytri |
2000 |
||
Asbjørn Gjerde |
2002 |
||
Arne Sandnes |
2008 |
||
Idrettsmerkegruppa: | |||
Bernt Bergesen |
2007 |
Leiar | |
Arne Muri |
2009 |
||
Rigmor Sunde |
2006 |
||
Fjelltrimgruppa: |
|
||
Anders Bruvoll |
2003 |
Leiar | |
Asbjørn Gjerde |
2004 |
||
Anne Berit Bjørdal |
2007 |
||
Jon Olav Kvame |
2007 |
||
Osvald Olsen |
2011 |
||
Terje Sundsøy |
2011 |
||
Valnemd: |
|
||
Kari Tonning |
2010 |
Leiar | |
Halvard Muri |
2011 |
||
Joar Sunde |
2012 |
||
Revisorar: |
|
||
Oddbjørg Bø Muri |
2002 |
||
Alvhild Flåten |
2002 |
||
31. januar 2012
Tillitsvalde Olden Idrettslag 2007
Postet av Olden IL den 8. Jan 2008
![]() |
Oversikt over tillitsvalde i laget for 2007 finner du her. |
Tillitsvalde Olden Idrettslag 2007
Hovedstyret |
Tlf priv. |
mob. |
arbeid |
e-post |
fax |
Leiv Arne Egset, Leiar |
57871314 |
97732331 |
57873510 |
leiv.arne.egset@enivest.net |
57873516 |
Hans Petter Galtung, Nestleiar |
57873050 |
41530792 |
57874900 |
hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no |
57874949 |
John Gunnar Mørch, kasserar |
91325614 |
john_g_morch@yahoo.com |
|||
Ingrid Fjellestad |
ifjellestad@hotmail.com |
||||
Liv Rygg |
41500731 |
||||
(ny person) |
|||||
repr frå idrettsskule |
|||||
Fotballgruppa |
|||||
Bjarte Haugen |
57873366 |
91103111 |
bjarte.haugen@enivest.net |
||
Frode Myrold |
57 87 16 11 |
||||
Silje Opheim |
|||||
Andreas Drageset |
57 87 71 38 |
||||
Per Briksdal |
57 87 34 74 |
||||
Inge Sandvik |
|||||
Friidrettsgruppa |
|||||
Hans Petter Galtung, leiar |
57873050 |
97746787 |
57874900 |
hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no |
57874949 |
Sigrid Skarstein |
57873179 |
98893424 |
sigrides@start.no |
||
Joar Sunde |
57 87 71 86 |
||||
Sissel Kvamme |
|||||
Idrettsskulen |
|||||
Hilde Olsbø |
57877846 |
90870461 |
hilde.olsbo@enivest.net |
||
Rita Haugen |
|||||
Mette Hansen |
57 87 33 06 |
||||
Randi Auflem |
|||||
Alpingruppe |
| ||||
Pål Skarstein, leiar |
57873179 |
41621190 |
paal@skarstein-walaker.no |
||
Benny Fredheim |
90996045 |
||||
Idrettsmerkegruppe |
|||||
Egil Solheim |
57873359 |
||||
Rigmor Sunde |
57873260 |
97746552 |
|||
Bernt Bergersen |
|||||
Tlf priv. |
mob. |
arbeid |
e-post |
fax | |
Ski/ Skiskyttargruppe |
|||||
Hans Petter Galtung |
57873050 |
97746787 |
57874900 |
hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no |
57874949 |
Roar Alsaker |
57873219 |
90504719 |
r-alsak@frisurf.no |
||
Osvald Olsen |
57873463 |
92607374 |
57873470 |
||
Andre Opheim |
|||||
Fjelltrimgruppe |
|||||
Anders Bruvoll |
57873445 |
99524511 |
bruvoll@stryn.no |
||
Ola Vangberg |
57873217 |
48117234 |
|||
Ole Johan Haugland |
57873493 |
57873928 |
ojhaugl@frisurf.no |
||
Asbjørn Gjerde |
57873017 |
91336863 |
agjerder@online.no |
||
Ole Andre Kvamme |
97007754 |
||||
Anne Berit Bjørdal |
|||||
Jon Olav Kvamme |
|||||
Banenemd |
|||||
Jostein Gjerde |
57873441 |
||||
Rasmus Bjarne Brynestad |
|||||
Kjell Nesje |
|||||
|
|
|
|
| |
Oldestafettnemd |
|||||
Anders Bruvoll, leiar |
57873445 |
99524511 |
bruvoll@stryn.no |
||
Andreas Skogli |
57873190 |
||||
Dagfinn Gytri |
57875936 |
dgytri@online.no |
|||
Asbjørn Gjerde |
57873017 |
91336863 |
agjerder@online.no |
||
Arne Sandnes |
|||||
Valnemd |
|||||
Reidun Høgalmen |
|||||
Ståle Solheim |
|||||
Sageir Stokke |
|||||
Revisorar |
|||||
Oddbjørg Bø Muri |
57873423 |
95744775 |
57876774 |
oddbjoerg@skogstadsport.no |
|
Alvhild Flåten |
57875949 |
91372629 |
geflaa@online.no |