75 deltakarar på Strynehalleikane, 22 frå Olden IL

Postet av Olden IL den 7. Apr 2008

Olden hadde største troppa med heile 22 delakarar då Strynehalleikane vart avvikla på laurdag. Alle gjorde ein flott innsats med gode plasseringar og mange personlege bestenoteringar. Fleire av desse deltok på eit større friidrettsstemne for første gong. I det heile teke viser stemnet at det er bra rekruttering til friidretten i Olden, men vi skulle gjerne hatt med fleire jenter i dei yngste årsklassane.

Olden IL og Oppstryn vil takke vår hovudsponsor Sparebanken, Sogn og Fjordane og  dessutan Olden Brevatn som sytte for gratis drikke til alle deltakarane. Vidare ei stor takk til alle funksjonærane som også i år sytte for eit vellukka arrangemnet.

Resultater

Olden IL fekk følgjande klassevinnarar :

J11 : Julie Beines : Kule

G10 : Jens Guddal Muri : høgde

G11 : Lars Marius Gjertsen Kveen : 40m, høgde og kule

G15 : Anders Muri : 40m og lengde

        Ole Myklebust : Kule

Elles fekk Olden også svært mange andre gode plasseringar i klassane 10-12 år. I klassane frå og med 13 år vart det 8 sølv- og 6 bronsemedaljar til oldarane.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.