Mange flotte resultat på Sparebankleikane.
Postet av Olden IL den 30. Jun 2008
Sparebankleikane 2008 vart eit kvalitetsstemne både med omsyn til resultat og arrangement. Frå Olden hadde vi med 6 deltakarar. Vår fremste utøvar, Anders Muri valde fornuftig nok å stå over denne helga. Han kjende seg ikkje 100 % etter den harde helga på Lillehammer og fotballskule sist veke.
Dei andre oldarane greidde seg imidlertid fint i den harde konkurransen. Sondre Guddal Muri (15) vann 800m, vart nr. 2 på 100m og nr. 3 i lengde og spyd. I spyd manglar han framleis vel ein meter på å kvalifisere seg til ungdomsmeisterskapen i slutten av august. Knut Alsaker (15) oppnådde si beste plassering på 100m med ein 3. plass. Både Sondre og Knut sette fine nye personlege rekordar på 100m. I 10- års klassa fekk Jens Guddal Muri (9) ein fin 3. plass i høgde.
Dei 3 andre frå Olden, Rasmus E. Skarstein,(11) Are A. Tenden (12) og Anders Egset (12) sette og fine personlege rekordar i stemnet. Det var fine tilhøve på Byrkjelo begge dagane.
Elles kan vi nemne at Hans-Petter Galtung, Olden saman med fleire andre var oppe til praktisk eksamen som krinsstartar på Byrkjelo denne helga. Alle 3 som var oppe bestod eksamen. Dei to andre var Håkon Løseth, Førde og Arne Klakegg, Fjellhug/Vereide.
For resultat, sjå www.sffik.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024