To oldarar i lengdefinalen på Lillehamer.

Postet av Olden IL den 21. Jun 2008

Foto:Halvard MuriBåde Anders Muri og Sondre Guddal Muri kom til finalen i lengde i G15 under Veidekke-leikane på Lillehammer. Sondre fekk ein flott 7.plass med resultatet 5.11, som er klar pers. Anders hoppa 5.50 og vart nr. 5, men med med betre planke i nest siste hoppet hadde nok ei plassering blant dei 3 beste vore i boks. Dessutan, ein knallhard 400m like før lengdekonkurransen, er ikkje nett den beste oppladninga. Men akkurat i dag var det 400m som var prioritert.

Sondre kasta ca. 37.50 i spyd (600 gr.). Dette heldt ikkje til finaleplass denne gongen.Det har blitt lite spydtrening i år, men vi trur at med litt finpuss skal Sondre ha kvalifiseringskravet til ungdomsmeisterskapen på 39m innan rekkevidde.

Resultater finner du her


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.