Anders 1/100 frå sølv på 60m under UM
Postet av Olden IL den 2. Feb 2008
Under første dag av ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammen vart det 4.plass på 60 m til Anders Muri. Med tida 7.64 hadde han nest beste tid i forsøket. I finalen pressa han seg ned til 7.62 som kun var 1/100 unna sølvmedalje. Denne vart nemleg delt av to løparar på tida 7.61. Gullet gjekk til Tapio Stensletten, Os Turnforening på 7.46. Uansett, fantastisk innsats av Anders, men sjølvsagt litt surt å mangle så lite på medalje. I morgon er det imidlertid nye sjansar på 100m og i lengde.
Så vidt vi veit er 7.62 den beste 60m-tida med elektronisk tidtaking oppnådd av ein oldar nokon gong. Dette gjeld uansett klasse.
Her er finaleresultata, klasse 15 år :
1. Tapio Stensletten, Os Turnforening 7.46
2. Markus Foss Johansen, Driv IL 7.61
3. Øystein Rødsjø,Selsbakk 7.61
4. Anders Muri, Olden IL 7.62
5. John Huse Olsen, GTI 7.65
6. Chrsitian H. Ellingstad, Nesodden 7.65
7. Nirethan Panchalingam, Lørenskog 7.84
Fullstendige resultatlister kan ein finne på : www.ifhellas.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024