Olden viste god breidde i Oldestafetten
Postet av Olden IL den 29. Apr 2012
Olden stilte med 5 lag i årets Oldestafett. 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag. I tillegg kjem laga i open klasse og på ministafetten. Dvs. at over 50 stafettløparar frå Olden var i sving denne dagen. Flott !
I guteklasa vart dei ulike Oldelaga nr. 5, 7 og 10 av 11 lag. Flott innsats! 2.laget var berre 7.sek bak første-laget. Dette lovar bra framfor Breimstafetten neste helg, der det er 8 etappar. Vi hadde ikkje venta å kjempe heilt i teten dette året, men berre vent til neste år ! Men då må det trenast! Jentelaget vart nr. 4 av 7 lag. Tida 7.14.9 er den beste eit jentelag frå Olden har prestert sidan 2003. På jentelaget sprang : Kristine Holen, Kari Alsaker, Kristine Tonning, Jannike Melheim og Lise Mari Tonning. På det beste gutelaget sprang : Matias Melheim, Thomas Tonning, Anders Egset, Olav Egset og Rafael Gildestad. Det svært unge 3. gutelaget vårt, med fleire under 11. år på laget, gjorde og ein flott innsats. Dette lovar bra for framtida. Vi gratulerer elles det gode veteranlaget vårt som tok vandrepokalen til odel og eige. "Still going strong after all these years ".
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024