Helge Hafsås med to triumfar på same dag
Postet av Olden IL den 15. Sep 2012
Laurdag 15, sept. vart ein travel dag for Helge Hafsås og Einar Strand. Kl. 11.00 starta begge i det 8,4 km lange Kvivsvegløpet. Løpet starta med ein runde på Kalvatn på Sunnmøre før det heldt fram gjennom den 6,5 km lange tunnellen gjennom Kviven. Tunnellen skal først opnast neste helg, så dette vart som ein generalprøve. Helge kom som vanleg først i mål. Einar Strand fekk nest beste tid, ca. 3 min bak. Kl. 14.00 starta begge på Strynemila. I år gjekk løpet i delevis ny trase med start ved Isehaug kafeteria. Fotballspelaren Jon Terje Tjellaug imponerte og heldt lenge følgje med Helge, men ved Scania sette Hafsås inn det avgjerande rykket og i mål var differansen mellom dei ca. 2.20 min. i Helge sin favør. Tjellaug hadde tidlegare på dagen vunne sykkel-løpet i same traseen og sleit med krampe på slutten. Det var elles lagt inn spurtprisar i løpet. Tjellaug tok den første og Hafsås den andre.
Elles kan vi opplyse at dagens VG har ein to-siders reportasje om maratonkongen frå Olden.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024