Krinsleikar i Førde
Postet av Olden IL den 19. Sep 2010
4 utøvarar frå Olden deltok i krinsleikane i friidrett i Førde på laurdag. Alle var i alderen 10-12 år. På KM som gjekk i Førde på laurdag og på Byrkjelo på søndag, hadde vi ingen deltakarar. Beste resultat i Førde oppnådde ti-åringen Olav Egset med 3.plass i liten ball (13 deltakarar) og 4.plass på 60m (15 deltakarar). Jens August Guddal Muri (11) fekk si beste plassering i lengde med ein 4. plass. Rafael Gildestad (11) vart nr. 5 på 60 m. Sondre L. Galtung (12)vart nr. 5 i liten ball.
Generelt viser resultata at her må det meir spesifikk friidrettstrening til . Olden IL lir elles veldig under mangelen på anlegg. Utøvarane får kun skikkelege tilhøve under konkurransar. Det er veldig tungt å drive friidrett i ein slik situasjon.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024
Innkalling til årsmøte
23.01.2024