Meir om NM i Bergen

Postet av Olden IL den 12. Apr 2010

Vi kan nemne at Helge passerte maraton på 2.42.51. Dette er faktisk den beste tida han har på distansen så langt i år. På siste delen av løpet gjekk km-tidene ganske mykje opp. Anna var vel heller ikkje å vente etter ei så hard opning. Uansett stod Helge distansen ut også denne gongen og vann med stor margin (tid : 7.17.21).  Dette var hans 6. siger på 100 km i Bergen på rad sidan 2005. Audun Skogen vart nr. 4 i løpet på 8.14.13. Inge Asbjørn Haugen fullførte på 10.49.27. Sidan maratonpasseringa også vert godkjent som eit maratonløp, var dette Haugen sitt løp nr. 380 ! Imponerande ! Så vidt vi veit har han som mål å springe sin maraton nr. 400 i løpet av 2010. Ingen i Norge er i nærleiken av å ha gjennomført så mange løp. Neste mann på lista er Bjørn Gjerde med 326.  I alt 67 norske løparar har passert 100 maratonløp. Helge Hafsås har registrert 170.

Neste oppgåver for Hafsås er maratonløpet Rett Vest i Florø 24.april og Oldestafetten dagen etter.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.