Litt om Olden IL sin basar den 24.november 2019

Postet av Olden IL den 2. Des 2019

Olden idrettslag fekk inn 48 480kr på årets basar i Aldaheim. Styret ynskjer å takke alle som hjelpte til med arrangementet og vi vil takke dei som gav gevinstar. Og sist men ikkje minst, takk til alle frammøtte! 

Vi vil også takke elevane ved Olden skule som gjekk ut av 10.klasse våren 2019 for ei gåve til arenabygget på 5394kr. 

Steffen Melheim og Ruben Eide Gjerde fekk også velfortent heider og ære under arrangementet for gode prestasjonar i friidretten. 

Sjå resultat frå fjelltrimmen 2018/2019 i eigen post på heimesida til Olden IL.



-Styret-



Resultat fjelltrimmen 2018/2019

Postet av Olden IL den 2. Des 2019

Takk til alle som deltok i fjelltrimåret 2018/2019. 

Sjå resultat her:

Fjelltrimresultat 2019.xlsx





Registreringsskjema fjelltrimmen 2019-2020

Postet av Olden IL den 19. Sep 2019

1. september starta fjelltrimåret 2019 - 2020. 

Her er link til skjemaet:

registreringsskjema-for-fjelltrimmen-2019-2020.docx


Ha ein riktig god tur!





Skarsteinsetra opp 2019

Postet av Olden IL den 19. Sep 2019

Ei lita oppsummering av Skarsteinsetra opp 2019. Seint, men forhåpentlegvis godt.

Deltakarantalet var i år som følgjer : ca. 150 i trimklassen, 29 i løpsklassen og 7 i sykkelklassen. Dette gjev totalt 186 deltakarar som er ei tangering av deltakarrekorden frå 2017. Når det gjeld dårleg deltaking i sykkelklassen skuldast nok dette at den gjekk ut i fjor og ikkje minst at Sandane Sykkelklubb i år ikkje stilte med deltakarar.Vi håpar å ha dei gode syklistane frå Gloppen på plass neste år.

Det vart 3 nye løyperekordar i år. Marius Vedvik, IL Gular har forbetra Helge Hafsås sin tidlegare løyperekord dei siste 3 åra, 20,21 i 2017, 20.10 i fjor og 20.02 i år. Han har lovt å kome tilbake neste år, og dersom tilhøva er bra har vi då tru på at han kan springe på under 20 min !

Trym Dalset Lødøen, Haugen IL forbetra løyperekorden i sykkelklassen med 17 sek. Han fekk tida 18,22. Imponerande !

I løp klasse 13-14 år sette Isak Skogen, Vikane IL ny rekord med tida 24.53. Dette var 5 sek betre enn Håvard Klakegg sin rekord frå 2016.

Kva med lokale løparar? Vi har tidlegare nemnt Lars Martin Melheim (17) sin sterke prestasjon med tida 23,41 i løpsklassen. Av Oldarar er det kun Helge Hafsås som har sprunge raskare, 22,40 i 2012. Lars Martin si tid er den 6. beste løpstida på Skarsteinsetra opp gjennom tidene uansett klasse.

På sykkel imponerte også Emil Drageset. Han vart den klart beste i den interne familiekonkurransen og knuste både far Andreas Drageset og Andre Opheim. Tida 25,47 er berre 2 sek. bak Andreas si bestetid frå 2017. Neste år tek han nok den tida ! Elles imponerande av Andre og Andreas som jobbar knallhardt for dette arrangementet i forkant, men likevel har overskot tiil å sykle fort i konkurranseklassen.

Neste år kan Skarsteinsetra Opp feire 10-årsjubileum. Då får vi finne på noko ekstra. Uansett har arrangementet m.a. gjennom svært ivrige reklameseljarar og utviklingsretta personar ( m.a. Andre og Andreas) utvikla seg til å bli det mest inntektsbringande i Olden IL Men kanskje noko av det viktigaste er alle trimmarane i alle aldrar som stiller på år etter år og skapar ei fin ramme rundt arrangementet. Utan alle dykk hadde ikkje Skarsteinsetra Opp vore nokon stas.

Fullstendig statistikk 2011-2019 vil om ikkje lenge bli å finne på nettsida til OLden IL. 


Tekst: Hans-Petter Galtung 

Foto : Fjordingen v/Leif Vinsrygg  



Resultat frå årets Oldestafett

Postet av Olden IL den 29. Apr 2019

Den 65. Oldestafetten vart arrangert i varmt og fint vårvêr søndag 28. april 2019. Det var 29 påmelde lag, med 27 som stilde til start. Dette er 11 fleire påmelde lag enn i 2018.

Jølster sette ny løyperekord for gutestafetten med tida 5:36:9.


Resultat Oldestafetten 2019.docx





Velkomen til den 65. Oldestafetten den 28. april

Postet av Olden IL den 17. Apr 2019

Olden idrettslag inviterer til den 65. Oldestafetten søndag 28.april 2019.

Påmelding kan sendast på e-post til:

geflaa@online.no innan tysdag 23. april.

Sjå meir info under fana "Oldestafetten" her på heimesida til Olden IL.






Arenabygg og 100-års jubileum

Postet av Olden IL den 25. Mar 2019





Her er dei tillitsvalde i Olden IL

Postet av Olden IL den 12. Mar 2019

40 personar, nokre av dei med fleire verv, sit i ulike grupper i Olden IL. Det er stor aktivitet og dugnadsvilje i Olden IL, og det er vi stolte av. Her kan du sjå kven som sit i kva slags gruppe, samt finne kontaktinformasjon. 

Tillitsvalde i Olden IL .docx






Resultat frå Strynehalleikane 2019

Postet av Olden IL den 11. Mar 2019

66 deltakarar på Strynehalleikane i år, fleire enn i fjor. Når det gjeld den interne kampen mellom arrangørlaga om  å stille flest deltakarar, vart Oppstryn IL ein klar vinnar. Veldig imponerande at ei lita bygd stiller med heile 29 deltakarar! Til samanlikning stilte Stryn med 18 og Olden med 10. Strynehalleikane er eit "lågterskelstemne" og eit rekrutteringsstemne. Det viktigaste er å delta. Flott at så mange stiller opp utan å ha all verdens erfaring med friidrett.
Elles var det fleire frå Olden IL som leverte gode resultat og viste fin framgong. I klasse 13 år var Mård Agjeld best på 40m, i høgde, lengde og kule. Aurora Sanden Rake var åleine i 12-årsklassen, men oppnådde likevel gode resultat. I klasse 10 år vann Simone Garlid Tenden kule og lengde. Gaute Fredheim Urne vann 40m og lengde i klasse 10 år. Dei andre som deltok for Olden IL, oppnådde også fine resultat. (Tekst Hans-Petter Galtung) 

Her kan du sjå resultata: 

Strynehalleikane_2019_Resultatliste.docx





Velkomne til lagsmeisterskap på Olden skule måndag 4. mars!

Postet av Olden IL den 2. Mar 2019

Olden IL inviterer til innendørs lagsmeisterskap i friidrett måndag 4. mars kl.17:30 i gymsalen. Stemnet er frå 7 år (fyller 7 år i 2019) til veteran. Så her kan også foreldre og besteforeldre delta. 

Øvingar:

Lengde utan tilløp 

Tresteg utan tilløp (13 år+)

Høgde utan tilløp

Høgde med tilløp

Kule 


Påmelding ved oppmøte! 



Strynehalleikane 2019

Postet av Olden IL den 2. Mar 2019

Velkomne til Strynehalleikane laurdag 9.mars. kl.12.00 i Strynehallen. Ope for alle klassar (rekruttar 7, 8 og 9år, gutar/jenter 10-18 år og jun./sen./veteran)       

           
ØVINGAR: 40m, høgde (m.tilløp), lengde (m.tilløp) og kule. Det vert tre forsøk i lengde og fire forsøk i kule, på 40m eitt løp og tid avgjerande. Det er påbode med hallsko eller lyse sålar (ikkje piggsko).  


PREMIERING: Deltakarpremie til alle i rekrutt-, 10-, 11- og 12årsklassen. Vanleg premiering i dei andre klassane, i tillegg premiar uttrekning på startnummer.  


PÅMELDING: Det blir nytta web-påmelding som stengjer onsdag 6.mars kl. 23.59. Direkte link til påmelding finn du i minidrett.no via denne linken: https://minidrett.nif.no/Event#326530-011  eller via nettbasert terminliste på friidrett.no under menyen arrangement. Innbyding og link til påmelding er og lagd ut på krinsen si nettside: www.sffik.no


Startkontingent skal betalast ved påmelding, til kontonummer: 3705.13.51305.


Kontaktpersonar:  Ola Berge tlf: 57877257 / 94349363. E-post: ola.berge@enivest.net  
                              Harald Berge tlf: 57878159 / 91133078. E-post: harald.berge@enivest.net  


STARTKONTINGENT:                
kr. 50 pr. øving for klassane 10-14 år (betaling ved påmelding i minidrett.no) kr. 70 pr. øving for klassane 15 år og eldre (betaling ved påmelding i minidrett.no) kr.100 pr. deltakar i rekruttklassane (fritt antal øvingar)  
 
Velkomne til Stryn!


Helsing friidrettsgruppene i Olden IL, Oppstryn IL og Stryn T&IL
                         
 
                 



28. april er det Oldestafetten!

Postet av Olden IL den 24. Jan 2019



Oldestafetten 2019, den 65. i rekka, vert arrangert søndag 28. april på idrettsplassen ved Aldaheim. Det er greitt å starte trening og planlegging allereie no. Vi vil oppmode om at så mange som muleg deltek på dette spanande og tradisjonelle arrangementet. Set i gong og "finpuss forma"  til denne siste søndagen i april😄Der er god plass til alle. Lag og Bedrifter. Born og vaksne. Og ikkje minst publikum. Heia Olden!😅



Stor friidrettssesong for Olden IL

Postet av Olden IL den 24. Jan 2019

Stimulanspokal til Ruben Eide Gjerde og treningsstipend til Mathias og Steffen Melheim.


Under den årlege basaren til Olden IL vart det gjort ære på utøvarar i sesongen 2018. Sondre Guddal Muri frå friidrettsgruppa stod for utdelinga.

Ricco Vero –pokalen (stimulanspokalen) gjekk dette året til Ruben Eide Gjerde (13 år). Han har innfridd alle dei krava som gjeld for ein slik pokal ; vist utviklingspotensiale, stått for gode haldningar til idretten, vist treningsiver med godt treningsframmøte og stått for gode prestasjonar i si årsklasse.

Ruben toppar dette året norgesstatistikken på 100m med resultatet 12.36. Vidare på norgesstatistikken er han nr. 5 på 60m og nr. 5 i lengde. Innandørs har han det nest beste reultatet i Norge i lengde med 5.38. På Veidekkeleikane på Lillehammer vann han 3 øvingar ; 60m,100m og lengde. Han var og på krinslaget til Sogn og Fjordane på Lerøyleikane på Osterøy der det vart 3 individuelle pallplassar. På KM for Sogn og fjordane vart det gull i lengde og sølv på 60m.




Treningsstipend til Mathias og Steffen Melheim.



Mathias Melheim :

Mathias er den som dei siste åra har vist vegen for andre utøvarar i Olden IL gjennom sine store prestasjonar, sin store treningsvilje og sin vilje til å hjelpe andre utøvarar på veg opp.

I 2018 har han teke heile 3 NM-titlar i kule i klasse 18/19 år. Han vart ungdomsmeister i øvinga innandørs i Steinkjer, vart norsk juniormeister på Bislet og norsk ungdomsmeister i Overhalla. Under ungdomsmeisterskapen i Overhalla tok han i tillegg sølvmedalje i diskos og bronsemedalje i slegge. Han vann også kulekonkurransen i Verdsungdomsspelen i Gøteborg. Mathias toppar norgesstatistikken i kule både med 6kg. og 7.26 kg  for si klasse både innandørs og utandørs. Han toppar og norgesstatistikken for si klasse med 2kg diskos.


Steffen Melheim.

Steffen har gjennomført ein fantastisk sesong i klasse 15 år. Han debuterte i ungdomsmeisterskapen i Overhalla med å vinne gull både i diskos og kule. I tillegg vart det her sølv i slegge og ein 5. plass i spyd. Under UM innandørs vart det sølv i kule, berre cm frå gullmedaljen. Under verdsungdomsspelen i Gøteborg vart det i konkurranse med dei beste i Europa, 1. plass i diskos og 3. plass i kule. 

Norgesstatistikken  viser at Steffen toppar denne utandørs i diskos 1kg,1,5 kg, 1,75 kg og 2kg. Han er og nr. 1 i kule og nr. 2 i slegge. Innandørs er han nr. 2 i kule(4kg) nr. 1 i kule (5kg)  og i nr. 2 i høgde utan tilløp.

Vi må og setje Steffen sine resultat i 2018 inn i ein historisk samanheng. 

I diskos (1kg) oppnådde han i år 62.99. Dette er det nest beste resultat i diskos av ein 15 åring i Norge gjennom alle tider. Rekorden er 64.24 frå 1973. Med tyngre diskosvekter for klassen toppar no Steffen norgesstatistikken gjennom alle tider med  1,5 kg, 1,75 kg og 2kg.

Steffen er for sesongen 2019 utteken på rekrutteringslandslaget i kast.


(Tekst: Hans-Petter Galtung)