Skarsteinsetra opp 2019

Postet av Olden IL den 19. Sep 2019

Ei lita oppsummering av Skarsteinsetra opp 2019. Seint, men forhåpentlegvis godt.

Deltakarantalet var i år som følgjer : ca. 150 i trimklassen, 29 i løpsklassen og 7 i sykkelklassen. Dette gjev totalt 186 deltakarar som er ei tangering av deltakarrekorden frå 2017. Når det gjeld dårleg deltaking i sykkelklassen skuldast nok dette at den gjekk ut i fjor og ikkje minst at Sandane Sykkelklubb i år ikkje stilte med deltakarar.Vi håpar å ha dei gode syklistane frå Gloppen på plass neste år.

Det vart 3 nye løyperekordar i år. Marius Vedvik, IL Gular har forbetra Helge Hafsås sin tidlegare løyperekord dei siste 3 åra, 20,21 i 2017, 20.10 i fjor og 20.02 i år. Han har lovt å kome tilbake neste år, og dersom tilhøva er bra har vi då tru på at han kan springe på under 20 min !

Trym Dalset Lødøen, Haugen IL forbetra løyperekorden i sykkelklassen med 17 sek. Han fekk tida 18,22. Imponerande !

I løp klasse 13-14 år sette Isak Skogen, Vikane IL ny rekord med tida 24.53. Dette var 5 sek betre enn Håvard Klakegg sin rekord frå 2016.

Kva med lokale løparar? Vi har tidlegare nemnt Lars Martin Melheim (17) sin sterke prestasjon med tida 23,41 i løpsklassen. Av Oldarar er det kun Helge Hafsås som har sprunge raskare, 22,40 i 2012. Lars Martin si tid er den 6. beste løpstida på Skarsteinsetra opp gjennom tidene uansett klasse.

På sykkel imponerte også Emil Drageset. Han vart den klart beste i den interne familiekonkurransen og knuste både far Andreas Drageset og Andre Opheim. Tida 25,47 er berre 2 sek. bak Andreas si bestetid frå 2017. Neste år tek han nok den tida ! Elles imponerande av Andre og Andreas som jobbar knallhardt for dette arrangementet i forkant, men likevel har overskot tiil å sykle fort i konkurranseklassen.

Neste år kan Skarsteinsetra Opp feire 10-årsjubileum. Då får vi finne på noko ekstra. Uansett har arrangementet m.a. gjennom svært ivrige reklameseljarar og utviklingsretta personar ( m.a. Andre og Andreas) utvikla seg til å bli det mest inntektsbringande i Olden IL Men kanskje noko av det viktigaste er alle trimmarane i alle aldrar som stiller på år etter år og skapar ei fin ramme rundt arrangementet. Utan alle dykk hadde ikkje Skarsteinsetra Opp vore nokon stas.

Fullstendig statistikk 2011-2019 vil om ikkje lenge bli å finne på nettsida til OLden IL. 


Tekst: Hans-Petter Galtung 

Foto : Fjordingen v/Leif Vinsrygg  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.