Skarsteinsetra opp 2021

Postet av Olden IL den 27. Aug 2021

Skarsteinsetra Opp er ein unik motbakkekonkurranse der løparane startar i Olden sentrum og konkurrerer om å kome raskast opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6 km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Konkurranseklasse frå13 år.

 

Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre.

 

Sjølv om vi framleis må forholde oss til restriksjonar finn vi at det er mogleg å gjennomføre Skarsteinsetra Opp sin konkurranseklasse løp i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Dette grunna brei trase og intervallstart. Vi ber alle respektere reglane om hygiene og minst ein meter avstand til einkvar tid før, under og etter løpet. Det vil vere plass til maksimalt 150 deltakarar og påmelding vil vertestoppa om vi skulle nå denne grensa.

 

Grunna restriksjonane i smitevernreglane vil det ikkje verte sykkelklasse eller organisert trimklasse i år. Det vil heller ikkje verte premieutdeling eller kiosk på setra.

 

Praktisk informasjon:
Laurdag 11. september 2021 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe


Intervallstart løp frå kl 13:00

 

https://www.facebook.com/SkarsteinsetraOpp

 

Påmelding:
Frist : 09.09.2021 kl 23:59. NB! Ingen moglegheit for etteranmelding.
Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana "påmeldingskjema" på www.oldenil.no.

 

Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp namn, telefon, klasse, fødselsår og klubb, samt forventa sluttid for rengering av startrekkefølge.

 

Startkontingent til Olden IL, kontonr 3770 20 32211:
Kr 250 ved påmelding. G/J 13-14 år kr 100. Familie kr 350. Ingen kontant betaling på start.

 

NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens kr. 30,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL.


Startnummer hentast i startområdet.

 

Klassar:
J/G: 13-14år,
D/H: 15-17år, 18-20år, 21-29år, 30-39år, 40-49år, 50-59år, 60-69år, 70+

 

Premiering:
• Kr 500 til klassevinnar
• Kr 3.000 for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
• Kr 1.500 til beste tid G/J/D/H

 

Parkering i sentrum. Vennligst ikkje parker langs løypetraseen

 




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline