Resultatet frå fjelltrimmen i 2016/2017

Postet av Olden IL den 20. Jun 2018

Olden IL beklagar at resultata ikkje har blitt lagt ut på eit tidlegare tidspunkt. Olden IL si heimeside var ikkje i drift når resultatet var klart i oktober. Vi skal publisere det her inne til rett tid i år. Her kjem litt informasjon om trimåret 2016/2017. Under ligg lenkjer med resultata. 

Det har vore ein nedgang i registrerte fjellturar i Olden og Oldedalen. I trimåret 2016/2017 var det registrert 12 656 fjellturar fordelt på dei 20 fjelltrimpostane vi har i Olden og Oldedalen. Dette er ein nedgang på 1 158 turar frå førre fjelltrimår. Vi ser også ein nedgang på 13 av våre 20 fjelltrimpostar, men 7 av fjelltrimpostane har hatt fleire besøkjande denne sesongen i forhold til året før. Dei som har hatt fleire besøk denne sesongen er Nonshaugen ,Melheim/Solheimsetra, Avleisetra, Fossen, Gytridalen, Brenndalen og Kvitfjell.

Det er Skarsteinsetra som har størst nedgang i besøkjande. 643 færre besøk enn året før. . Deretter Huaren med ein nedgang på 285 turar.

22 personar leverte inn registreringsskjema på at dei har gått alle fjelltrimpostane  i Olden og Oldedalen. Av desse var 4 under 16 år, med gode poeng .

Anne Berit Bjørdal vann fjelltrimmen suverent med 1972 poeng, deretter Liv Elisabet Rygg på 2. plass og Anders Bruvoll fikk 3. plass. Desse pokalane vart utdelt på basaren til Olden IL som var i november. Det vart også delt ut pokalar til 6 born/ungdom for god deltaking i fjelltrimmen.

Eit mål for denne fjelltrimsesongen er at fleire deltek, slik at vi aukar besøkstala i sesongen 2017/2018.  

Registreringsskjema for fjelltrimpostane finn dykk på Olden IL sine nettsider, samt på Bunnpris i Olden.

Fjelltrimresultat 2017.xlsx

Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL 2017.doc

Registreringsskjema for fjelltrimmen 2017-2018.docx 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.