Steffen sletta rekordar frå 70-talet

Postet av Olden IL den 19. Des 2018

Melheim prøvde seg med både 1kg, 1,5kg, 1,75kg og 2 kg diskos. Sistnemnde er seniorstorleik. Han sette personlege rekordar i alle klassane.

Han kasta 1kg-diskosen 62,99 meter, som er personleg rekord med 3cm og berre 1,25 m bak det beste resultatet gjort nokon gong av ein 15-åring i Norge. Ein må heilt tilbake til 1973 for å finne det kastet.

Neste år skal Steffen kaste 1,5kg-diskos og helgas resultat lovar svært godt. Her oppnådde Melheim 51,62m, som er ny aldersrekord i Norge. Den gamle var på 51.16 frå 1977. Steffen kasta også 1,75 kg diskosen til bestenotering for sin årsklasse. Resultatet her vart 46,28 meter, nesten 3,5m forbetring frå tidlegare i år.

Og som om ikkje det var nok. Steffen prøvde seg altså med seniordiskosen på 2kg. Med kastet på 41,50 tronar han også øvst her over resultat oppnådd av ein 15-åring. Torgeir Skogset hadde den gamle rekorden med 41,24 frå 1973.


(Henta frå Fjordingen)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.