Meir om Oldestafetten

Postet av Olden IL den 26. Apr 2009

Foto:Hans-Petter GaltungHer kjem meir stoff om Olden sin innsats på heimebane i den 55. Oldestafetten.

Bilete

Veteranane tok som tidlegare omtalt ein suveren siger vel 8 sek. føre Jølster. Joar Sunde la grunnlaget på 1. etappe og kunne gje pinnen til Roar Alsaker med solid leiing. Helge Hafsås, med maraton i beina frå dagen før, auka leiinga. Med Einar Strand på 4. etappe og Asbjørn Gjerde på siste, kunne Olden paradere inn til sin 7. siger i klassa for veteranar.

I guteklassen var det ikkje venta at vi kunne kjempe om sigeren i år. Ein 3. plass var eit veldig godt resultat av Sondre Guddal Muri, Are A. Tenden, Anders Muri, Sondre Ljosdal Galtung og Odd Sindre Tonning. 2. laget vart nr. 6 av 17 lag og leverte den beste tida  (6.19) av eit 2. lag frå Olden nokon gong. Også 3 laget kom under 7. min denne gongen og presterte å legge to andre lag bak seg. Tida er den suverent beste av eit 3. lag frå Olden nokon gong.

Dei to jentelaga gjorde også ein solid innsats. 1. laget vart nr. 4 av 7 lag. Her sprang Kristine Eide, Kristine Tonning, Terese Tenden, Lise Mari Tonning og Janne Alsaker. Tida 7.29 er den beste Olde-jentene har prestert på svært lenge.

Det var og svært gledeleg at vi greidde å stable på beina eit damelag i år. Kun 2 damelag stilte opp i årets stafett. Sjølvsagt vart glopparane altfor sterke for dei unge "damene" våre, men likevel flott levert sidan 3 av "damene" hadde gjennomført etappar på jentestafetten like før.

Vi gratulerer alle deltakarane frå Olden med flott innsats. Det gjeld og alle dei som stilte opp på ministafetten. Neste oppgåve no er Breimstafetten 3. mai.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.