Birger Fagerli vinnar av fjelltrimmen 2008

    Postet av Olden IL den 23. Des 2008

     (Foto:Anders Bruvoll) Birger Fagerli vart klar vinnar av Olden IL sin fjelltrim 2008. Han oppnådde heile 1328 poeng. Han hadde bl.a. 248 turar på Skarsteinsetra. Også Jan Høgalmen og Anne Berit Bjørdal kom over 1000 poeng. Folk har trimma som aldri før og registreringane viser ein auke i høve til 2007 på heile 50 %. Skarsteinsetra er elles den mest besøkte posten med 2414 registreringar.

    Sjå årsmelding og resultat !




    Helge norsk meister på100km

    Postet av Olden IL den 19. Okt 2008

     (Foto:nrk.no) Laurdag tok Helge Hafsås ikkje uventa sin 1 NM-tittel nokon gong. Han vann 100 km i Bergen med over 19 min til nestemann. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare



    Lagsmeisterskap i friidrett på Byrkjelo

    Postet av Olden IL den 16. Okt 2008

    5. oktober avslutta Olden og Vikane friidrettssesongen ved å samarbeide om å avvikle lagsmeisterskap på Byrkjelo. Kjøleg og etter kvart dårleg ver la ikkje nokon dempar på aktiviteten. Vi let oss imponere av stor innsatsvilje blant dei som stilte til start. Utøvarane fekk prøve seg på 60m, 400m, 600m, lengde, høgde,liten ball, spyd og diskos. Det var noko skuffande at kun 11 frå Olden stilte til start. Noko av årsaka til manglande oppslutning skuldast nok sjukdom og haustferie. Elles viser det seg gong på gong at vi får større oppslutning på dei arrangementa vi kan gjennomføre heime i Olden. Ei utbyggjing av eit mindre friidrettsanlegg må derfor vere ei høgt prioritert oppgåve for idrettslaget.

    Trass i til dels dårlege forhold, vart det oppnådd mange fine resultat og sett fleire personlege rekordar. På ny var det Anders Muri (15) som imponerte aller mest. 7,4 på 60m i kjøleg ver og 1,46 m/sek motvind er ein svært sterk prestasjon. Mykje tyder på at dette er det beste baneresultatet på 60m av ein oldar nokon gong uansett klasse. Anders sprang og, tilhøva teke i betraktning, ein god 400m på 56,9.

    Resultater




    Helge stiller på NM på 100km

    Postet av Olden IL den 16. Okt 2008

    Laurdag er det klart for det første offisielle NM på 100 km. Løpet vert avvikla i Fana ved Bergen. Sjølv om Helge Hafsås har vore mykje plaga av belastningsskade denne sesongen, må han likevel finne seg i å stille som favoritt. Han har sjølv den offisielle bestenoteringa på distansen med 6.50.15 i Bergen i 2006. I fjor vann han 100 km under Bergen Ultra på 7.07.33. Spørsmålet er om forma er god nok til slike tider akkurat no, men vi har likevel tru på at Helge har god sjanse til å sikre seg sin første offisielle NM-tittel.



    VELKOMMEN TIL KLUBBEN ONLINE X!

    Postet av Olden IL den 23. Sep 2008

    Klubben Online er et hjemmeside-verktøy levert av n3sport. Løsningen er utviklet i samarbeid med Norges Idrettsforbund og norske særforbund.

    Du som er ansvarlig for denne løsningen må logge deg på i verktøykassa i venstre meny for å legge ut nyheter på siden. Der kan du også slette denne "startnyheten". Passord og bruker har du mottatt på mail fra n3sport.

    Ditt Klubben Online X-abonnement gir klubben:

    • Egen hjemmeside på internett, tilgjengelig for alle klubbmedlemmer.
    • Informasjon fra krets og forbund samt terminlister, resultater og tabeller.
    • Medlemsregister som er lett tilgjengelig for de tillitsvalgte, oversiktlig og enkelt å vedlikeholde.
    • Diskusjonsside hvor alle kan si sin mening om det som skjer i klubben.
    • Arkiv for dokumenter og bilder.
    • Aktivitetskalender med egne aktiviteter som f eks treninger, møter etc.
    • Mulighet til å sende SMS fra hjemmesiden.

    Du kan også få spesialutviklet et eget design for hjemmesiden din. Ta kontakt med n3sport for mer informasjon om dette.

    Link til brukerveiledning for Klubben Online X

    Kontakt n3sport as
    Du når oss på e-post: post@n3sport.no eller telefon: 48 100 800.
    Du får også mer informasjon om Klubben Online på http://idrett.speaker.no.




    18 DM-medaljar til Olden.

    Postet av Olden IL den 22. Sep 2008

    Olden stilte med heile 14 deltakarar på friidrettsstemnet på Byrkjelo sist søndag. 10 deltok på DM for Nordfjord og 4 var med på regionsleikar for 9/10-åringar. Oldarane tok i alt 18 medljar, 7 gull, 7 sølv og 4 bronse. Flott innsats! Anders Muri (15) oppnådde nok ein gong dei beste resultata med 12.05 på 100m og 5.57 i lengde. Dei andre som tok gull var Johnny Myklebust (16) i kule og på 100m, Ole Myklebust (15) i kule, Sondre Guddal Muri (15) på 800m og stafettlaget på 4x100m (15-18 år). På stafettlaget deltok Sondre Guddal Muri, Johnny Myklebust, Ole Myklebust og Anders Muri.

    Medaljeoversikt DM :

    G11 : Lars Marius Kveen Gjertsen : Sølv i høgde og i kule

    G12 : Are A. Tenden : bronse på 600m

    J14 : Janne Alsaker : sølv på 60m

           Therese Tenden : bronse på 60m og i lengde

    G15 : Anders Muri : Gull i lengde og på 100m, bronse i kule

            Ole Myklebust : Gull i kule, sølv på 100m

            Sondre Guddal Muri : Gull på 800m, Sølv på 100m, i lengde og i spyd

    G16 : Johnny Myklebust : Gull i kule og på 100m.

    Stafett : Gull på 4 x 100m i klasse 15-18 år

            (Sondre Guddal Muri, Johnny Myklebust, Ole Myklebust og Anders Muri)

    Det må vere svært lengde sidan Olden har stilt lag på ein 4x100m stafett. Vi har ikkje funne noko registrert tid, så mykje kan tyde på at tida 51.13 er lagsrekord for Olden IL.

    Dei 4 som deltok på regionsleikane var Jens Guddal Muri (9) og 10-åringane Mons Eirik Vangberg, Odd Sindre Tonning og Sondre Ljosdal Galtung. Alle leverte flott innsats og sette fleire personlege rekordar. Sondre fekk delt 1. plass i lengde med 3,32. Odd Sindre vart nr. 2 på 60m med tida 10.52




    UM Sigdal

    Postet av Olden IL den 30. Aug 2008

    Foto: H.P GaltungAnders Muri fikk bronse i lengde 2 cm fra sølvplass!

    Resultater lengde

    Resultater 100 m

    Resultater 3 steg

    Alle resultater finner du her!

    Hjemmesiden til UM 2008

    Foto:H.P Galtung



    Tre frå Olden IL i Skåla opp.

    Postet av Olden IL den 17. Aug 2008

    Foto: www.skaala.noKun  3 frå Olden IL prøvde seg på tid i Skåla opp på laurdag. Sondre Guddal Muri som berre er 15 år stilte opp i klasse 16-17 år og kom inn på den gode tida 1.48.15. Det heldt til ein 8. plass i klassa. I klasse 35-39 år vart Roar Alsaker nr. 15 av dei 72 som fullførde. Tida 1.34.54 var noko betre enn i fjor. I klasse 50-54 år, greidde Hans-Petter Galtung såvidt å kare seg under 2 timars grensa med 1.59.29

    Resultater




    Friidrettstreninga startar opp igjen

    Postet av Olden IL den 17. Aug 2008

    Friidrettstreninga startar opp igjen måndag 18. august kl. 18.30 på Alda stadion. Det vil bli trening kvar måndag utover hausten.



    Hafsås til topps i Hornindal.

    Postet av Olden IL den 29. Jul 2008

    I sterk varme tok Helge Hafsås sin 111 maratonsiger totalt då han sist laurdag vann Hornindalsvatnet maraton.Tida 2.46.08 må seiast å vere bra  under slike temperaturforhold. Nr 2. i løpet kom i mål over 19 min. bak. Einar Strand vann klasse 50-54 år på halvmaraton med tida 1.35.33.



    Hafsås klar for Hornindalsvatnet maraton på laurdag

    Postet av Olden IL den 23. Jul 2008

    Laurdag 26. juli vert Hornindalsvatnet maraton arrangert for 17. gong. Helge Hafsås debuterte på maratondistansen her i 1994. Han har vunne maraton 12 gongar og halvmaraton 2 gongar. I fjor måtte han imidlertid finne seg i å bli slått av Robert Gulbrandsen. Kan Helge ta sin 13 maratonsiger i Honndalen i år?Einar Strand stiller til start på halvmaraton i klasse 50-54 år.



    Helge Hafsås nr. 4 i maraton -NM

    Postet av Olden IL den 7. Jul 2008

    Foto: kondis.no(fra Jølster maraton 07)NM på maraton var i år lagt inn i Jølster maraton som vart avvikla sist laurdag. Trass i problem med overbelasta muskulatur greidde Hafsås å bli nr. 4 totalt og dessutan vinne klasse 40-44 år. Tida 2.47.27 er årsbeste og må seiast å vere eit steg i rett retning sidan det var veldig varmt for maratonløp denne laurdagen. Vinnar vart Henrik Sandstad, Steinkjer med 2.28.36. Einar Strand vann halvmaraton i klasse 50-54 år på tida 1.35.22.

    Som vanleg tok Helge leiinga frå start, men måtte sleppe etter ca. 5 km. Han passerte halvmaraton på ca. 1.20. Det var lenge usikkert om kongen av Jølster maraton, med heile 10 sigrar, i det heile teke kunne stille opp denne gongen. Men som den pliktoppfyllande løparen Helge er, fann han ut at han ikkje kunne svikte når NM skulle gå nesten på heimebane.

    I kvinneklassa vart det gull til Sogn og Fjordane. Audhild Hestad frå Gaular kom for første gong under 3 timar og vann på tida 2.57.25




    Mange flotte resultat på Sparebankleikane.

    Postet av Olden IL den 30. Jun 2008

    Sparebankleikane 2008 vart eit kvalitetsstemne både med omsyn til resultat og arrangement. Frå Olden hadde vi med 6 deltakarar. Vår fremste utøvar, Anders Muri valde fornuftig nok å stå over denne helga. Han kjende seg ikkje 100 % etter den harde helga på Lillehammer og fotballskule sist veke.

    Dei andre oldarane greidde seg imidlertid fint i den harde konkurransen. Sondre Guddal Muri (15) vann 800m, vart nr. 2 på 100m og nr. 3 i lengde og spyd. I spyd manglar han framleis vel ein meter på å kvalifisere seg til ungdomsmeisterskapen i slutten av august. Knut Alsaker (15) oppnådde si beste plassering på 100m med ein 3. plass. Både Sondre og Knut sette fine nye personlege rekordar på 100m. I 10- års klassa fekk Jens Guddal Muri (9) ein fin 3. plass i høgde.

    Dei 3 andre frå Olden, Rasmus E. Skarstein,(11) Are A. Tenden (12) og Anders Egset (12) sette og fine personlege rekordar i stemnet. Det var fine tilhøve på Byrkjelo begge dagane.

    Elles kan vi nemne at Hans-Petter Galtung, Olden saman med fleire andre var oppe til praktisk eksamen som krinsstartar på Byrkjelo denne helga. Alle 3 som var oppe bestod eksamen. Dei to andre var Håkon Løseth, Førde og Arne Klakegg, Fjellhug/Vereide.

    For resultat, sjå www.sffik.no




    Meir om Veidekkeleikane.

    Postet av Olden IL den 30. Jun 2008

    Det er mange som har blitt imponert av Anders Muri sine prestasjonar på Lillehammer sist helg. Tida hans på 200m, 24.11, er faktisk den nest beste tida ein 15-åring frå Sogn og Fjordane nokon gong har oppnådd. Berre den sterke sprintaren Ørjan Midthjell frå Fjellhug/Vereide har nokon gong sprunge distansen raskare som 15-åring. Han er no blant dei aller beste 16- åringane i Norge både på 100m og 200m. Så vidt vi veit har heller ingen frå Olden (heller ikkje seniorar) sprunge ein så rask 100m med elektronisk tidtaking (11.66) som Anders, med eller utan vind.



    Anders heilt til topps også på 100m.

    Postet av Olden IL den 22. Jun 2008

    Foto:Halvard MuriAnders Muri kunne innkassere sitt 2.gull under Veidekkeleikane på Stampesletta i dag. Han hadde den beste tida også i forsøket med 11.85. I finalen vart det 11.66. Dette var 4/100 betre enn Andreas H. Kristiansen frå Lørenskog. Medvinden var imidlertid for sterk (+3,6) til at tida kan godkjennast som personleg rekord. Uansett ei kraftig forbetring av persen også på denne distansen.

    Flere bilder finner du her

    Totalt denne helga står då Anders med 1. plass på 200m og 100m, 2. plass på 400m og 5. plass i lengde. Vi gratulerer med fantastiske prestasjonar.

    Sondre Guddal Muri deltok i dag på 800m. Tida 2.18.22 var ny pers. og heldt til ein 19.plass. Sondre er nok mest fornøgd med finaleplassen i lengde der han greidde ein flott 7. plass.

    Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete seinare




    Meir om Veidekke-leikane

    Postet av Olden IL den 21. Jun 2008

    I dag har vi to oldarar i aksjon på Lillehammer. Anders Muri skal prøve seg på 400m og i lengde. Sondre Guddal Muri deltek  i lengde og spyd. Stemnet held fram på søndag. Då er våre påmelde på 100m og 800m. Sidan 800m går før 100m, er det nok tvilsomt at dei stiller til start på denne distansen.

    Resultater 400m

    Resultater lengde.




    Nytt imponerande resultat av Anders.

    Postet av Olden IL den 21. Jun 2008

    Anders Muri følgde opp innsatsen på 200m frå i går med å ta ein sterk 2. plass på 400m i dag. Tida vart så god som 54.02, ei personleg rekordforbetring med 4,6 sek. Vinnaren, Martin Haddal Sæther, frå Dimna IL hadde 53.32. Sæther vart i går nr. 7 på 200m, eit godt stykke bak Anders. Vi kjem tilbake med resultata frå spyd og lengde så snart dei ligg føre.



    To oldarar i lengdefinalen på Lillehamer.

    Postet av Olden IL den 21. Jun 2008

    Foto:Halvard MuriBåde Anders Muri og Sondre Guddal Muri kom til finalen i lengde i G15 under Veidekke-leikane på Lillehammer. Sondre fekk ein flott 7.plass med resultatet 5.11, som er klar pers. Anders hoppa 5.50 og vart nr. 5, men med med betre planke i nest siste hoppet hadde nok ei plassering blant dei 3 beste vore i boks. Dessutan, ein knallhard 400m like før lengdekonkurransen, er ikkje nett den beste oppladninga. Men akkurat i dag var det 400m som var prioritert.

    Sondre kasta ca. 37.50 i spyd (600 gr.). Dette heldt ikkje til finaleplass denne gongen.Det har blitt lite spydtrening i år, men vi trur at med litt finpuss skal Sondre ha kvalifiseringskravet til ungdomsmeisterskapen på 39m innan rekkevidde.

    Resultater finner du her




    Anders Muri vann 200m på Lillehammer.

    Postet av Olden IL den 20. Jun 2008

    Anders Muri gjekk heilt til topps på 200m under Veidekke-leikane på Lillehammer i kveld. I det seeda heatet vann Anders på tida 24.11. På dei neste plassane følgde Håkon Morken, Lillehammer IF med 24.19 og Øystein Rødsjø, Selsbakk IF, med 24.27. Anders har vore nær på i mange større stemne dei siste to åra, men i kveld lukkast han fullt ut og gjekk heilt til topps. Olden IL gratulerer Anders med fantastisk flott innsats. Han er den første frå Olden IL som går heilt til topps i dette store stemnet på Lillehammer som samlar dei beste frå heile landet.

    Resultater 200m

    Anders viste på nytt at han er veldig god når det gjeld som mest. Under Førdeleikane forrige helg vann han 200m poå 24.75. Denne personlege bestenoteringa vart no forbetra med heile 64/100. Forrige sesong var han ikkje under 26.00 på 200m. Rødsjø på 3. plass er den same som "lurte" Anders for sigeren på 60m i fjor. Tida 24.11 er elles den beste elektroniske tida som er oppnådd av ein oldar nokon gong på 200m uansett alder. Omrekna til manuell tidtaking er dette omlag ei tangering av Sverre Kirtkhorn sin manuelle lagsrekord på 23.9. På sprintdistansane er nemleg omrekningsfaktoren mellom elektronisk og manuell tidtaking 0,2.

    Vi kjem tilbake med meir stoff frå stemnet seinare. Olden IL stiller med to deltakarar på Lillehammer, begge i klasse 15 år. Anders Muri stiller også til start i desse øvingane : 100m, 400m, 800m og lengde. Sondre Guddal Muri skal prøve seg  på 100m, 800m, leingde og spyd. Sondre har tidlegare hevda seg best i spyd, men har denne sesongen også vist fin framgang i løpsøvingane.

    Her er det berre å følgje med. Vi skal prøve å oppdatere heimesida utover i helga.




    Stor stafettdag på Breim. Helge Hafsås tildelt Breimstafettmedaljen, Olden vann opa klasse

    Postet av Olden IL den 4. Mai 2008

    Foto:H-P-GaltungDet vart ein stor dag for Helge Hafsås og for Olden på Breimstafetten søndag. Helge vart som første oldar nokon gong tildelt den gjeve Breimstafettmedaljen. Dette er ei utmerking som heng svært høgt. I opa klasse tok Olden ein suveren siger 14 sek. føre Breimsbygda. Seks lag stilte i denne klassen. I veteranklassa vart Florø for sterke også i år. Olden sitt lag sprang 7. sek raskare enn i fjor og tok ein klar 2. plass knappe 9 sek. bak Florø. I guteklassa stilte vi i år eit svært ungt lag, som måtte ta til takke med 11 og siste plass. Men desse gutane kjem nok langt sterkare tilbake allereie neste år.

    Bilder

    Reglane for opa klasse tilseier at det skal vere minimum 2 av kvart kjønn på laget. Olden heldt heile tida godt følgje med teten. Ved siste veksling var vi nr. 2 bak Breimsbygda, men med Anders Muri på ankeretappen, var det ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne. Desse sprang på vinnarlaget : Knut Alsaker, Lillian Eide, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Hildegunn Mykløen og Anders Muri.

    Les meir på Kondis.no




    Klart for Breimstafetten på søndag

    Postet av Olden IL den 2. Mai 2008

    Søndag er det klart for ein ny Breimstafett. Olden stiller med  lag i 3 klassar : gutar,veteran og open klasse. Dei ny-konfirmerte 15-åringane våre er no blitt for gamle for gutestafetten og får dermed ikkje høve til å vere med å forsvare sigeren frå i fjor. Desse stiller i staden lag i open klasse saman med to 16-årige jenter. Gutelaget vårt er i år veldig ungt og må nok vente eit par år før det kan kjempe i teten. Veteranlaget, som har vunne fleire gongar på Breim, burde imidlertid ha kapasitet til å vere med å kjempe om ei topp-plassering.



    Ny månadsrekord for heimesida vår.

    Postet av Olden IL den 2. Mai 2008

    I løpet av april månad har heimesida til Olden IL hatt 1604 treff. Dette er ny månadsrekord. Den forrige var frå september 2007.



    Nesten for Olden sitt gutelag, fantastisk ankeretappe av Anders Muri

    Postet av Olden IL den 29. Apr 2008

    Det vart ein stor stafettdag i Olden på søndag. Veret var flott og løypene tørre og fine. Det som først og fremst vil bli hugsa er nok det knallharde oppgjeret i guteklassa mellom Førde, Olden og Jølster og Andre Opheim sin flotte apell med avsluttande stafettstev.

    Olden har lenge hatt som mål å vinne gutestafetten på heimebane. Draumen var å slå Jølster som hadde vunne dei 9 siste åra. Vi klarte Jølster, men det mangla nokre få cm. på at draumen om siger skulle gå i oppfylling. Ved siste veksling var Olden nr.3, eit godt stykke bak Jølster og Førde. Anders Muri leverte ei fantastisk opphenting, passerte Jølster ca. 30m før mål og med ein sugande sluttspurt kom han nesten ajour med Førde sin ankermann Torstein Frøholm. Hadde stafetten berre vore ein meter lenger, trur vi Olden hadde vore først. Det var lenge usikkert kven som hadde vunne, men måldommarane var einige om at Førde hadde dei nødvendige centimeterane på si side. Førde tok dermed sin første siger i gutestafetten sidan 1966. Olden vann sist i 1973, men kanskje neste år ....  Sjølv om Førde var 3,5 sek. bak Jølster sin løyperekord frå i fjor, har nivået på dei beste laga aldri vore høgare sidan omlegginga frå 10 til 5 etappar. Dei 5 frå Olden som nesten vann Oldestafetten var : Ole Myklebust, Rasmus Skarstein, Sondre Guddal Muri, Odd Sindre Tonning og Anders Muri.

    I gutestafetten deltok 14 lag som er det meste sidan jubileet i 2004. Olden 2 vart nr. 7. Tida 6.25 er den beste tida eit 2. lag frå Olden har oppnådd. Olden 3 vart nr. 13.

    Førde gjekk og til topps i jenteklassa føre Jølster og Hyen. Olden 2 vart her nr. 3 på ei tid som er betre enn på lenge. Olden 1 vart nr. 6 av 7 lag.

    GFIL 1 vann herrestafetten føre Jølster.

    I veteran var Markane i år sterkare enn oldarane. Sjølv om Asbjørn Gjerde hadde vore på Olden sitt lag, trur vi det hadde vore vanskeleg å hamle opp med Markane denne gongen.

    Blant damene var GFIL, Hyen raskast. Markane og Olden springers deltok her i open klasse. Oldedamene leverte flott innsats, men måtte konstatere at Markane var 4 sek. føre i mål.

    Totalt deltok 29 lag i den 54. Oldestafetten. På ministafetten deltok 5 lag. På hovudstafetten hadde Olden med heile 7 lag. Stafetten viste at Olden IL for tida både har topp og breidde innafor friidretten.




    Oldestafetten 2008

    Postet av Olden IL den 28. Apr 2008

    Foto: J.G.MørchResultater

    Noen bilder




    30 lag påmelde på Oldestafetten

    Postet av Olden IL den 26. Apr 2008

    Søndag går den 54. Oldestafetten. Så langt er 30 lag påmelde i den ordinære stafetten. Dette er det same som i fjorårets stafett.  På ministafetten er det påmelding på søndag. Best påmelding er det i klassa for gutar med 14 lag. Elles er det påmeldt 7 jentelag, 3 damelag (derav 2 i open klasse), 3 herrelag og 3 veteranlag.



    Hafsås tok sin 9. siger i Rett Vest

    Postet av Olden IL den 21. Apr 2008

    Laurdag vann Helge Hafsås maratonløpet Rett Vest i Florø for 9. gong. Dette var hans tredje maratonsiger i år og han er dermed oppe i 110 totalt. Tida denne gongen vart 2.51.14. Han var som vanleg utan reell konkurranse på distansen, men har eit stykke igjen før han når godt gammalt "Hafsås-nivå"



    Ny maratonsiger til Hafsås

    Postet av Olden IL den 13. Apr 2008

    Laurdag vann Helge Hafsås Hitra maraton på tida 2.51.22. Dette er langt bak hans eigen løyperekord frå i fjor då han brukte 2.37.28 på distansen. Helge sleit med beina og treng nok lenger tid før han er tilbake i godt gammalt slag.



    KM terrengløp på Sandane

    Postet av Olden IL den 13. Apr 2008

    Det vart 4 medaljar til Olden då Fjellhug/Veride arrangerte KM i terrengløp i Åsen på Sandane på laurdag. Dessverre var det heller skralt med deltakinga i dei yngre klassane. I klasse 15 år var det berre to oldarar som stilte til start i den 1200m lange løypa. Sondre Guddal Muri vann 18. sek. føre Knut Alsaker. Terese Tenden sprang 900m og vann klasse 14 år. I veteran, 50-54 år, vart Einar Strand nr. 2



    Løpskarusellen 2008. løp 1

    Postet av Olden IL den 8. Apr 2008

    Første løpet i Olden IL sin løpskarusell 2008 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule på måndag. 30 deltakarar frå 7 år og oppover stilte opp i det fine vårveret. Alle klassar sprang ei runde og vi fekk mange fine spurtoppgjer. Veteranen Joar Sunde greidde så vidt å halde unggutane bak seg og sette offisiell løyperekord med tida 1.18.7.

    Resultater




    75 deltakarar på Strynehalleikane, 22 frå Olden IL

    Postet av Olden IL den 7. Apr 2008

    Olden hadde største troppa med heile 22 delakarar då Strynehalleikane vart avvikla på laurdag. Alle gjorde ein flott innsats med gode plasseringar og mange personlege bestenoteringar. Fleire av desse deltok på eit større friidrettsstemne for første gong. I det heile teke viser stemnet at det er bra rekruttering til friidretten i Olden, men vi skulle gjerne hatt med fleire jenter i dei yngste årsklassane.

    Olden IL og Oppstryn vil takke vår hovudsponsor Sparebanken, Sogn og Fjordane og  dessutan Olden Brevatn som sytte for gratis drikke til alle deltakarane. Vidare ei stor takk til alle funksjonærane som også i år sytte for eit vellukka arrangemnet.

    Resultater

    Olden IL fekk følgjande klassevinnarar :

    J11 : Julie Beines : Kule

    G10 : Jens Guddal Muri : høgde

    G11 : Lars Marius Gjertsen Kveen : 40m, høgde og kule

    G15 : Anders Muri : 40m og lengde

            Ole Myklebust : Kule

    Elles fekk Olden også svært mange andre gode plasseringar i klassane 10-12 år. I klassane frå og med 13 år vart det 8 sølv- og 6 bronsemedaljar til oldarane.

     




    Gode resultat på seriestemne i friidrett.

    Postet av Olden IL den 2. Apr 2008

    Det var stor innsats og mange gode resultat då det andre lagsstemnet i friidrett vart avvikla i Olden skule måndag 31. mars. Alle aldersgrupper fekk prøve seg i kulestøt, medan dei eldste også fekk høve til å delta i stille lengde og stille tresteg. Også denne gongen vart det oppnådd fleire resultat på godt nasjonalt nivå.

    Sjå resultatliste !

    I stille tresteg kom både Sondre Guddal Muri og Anders Muri over 7m. Anders sitt lengste hopp målte 7.84. Dette er foreløpig det neste beste resultatet i Norge i år, 29 cm bak 1. plassen. Med 7.08 er Sondre nr. 5 på statistikken i denne øvinga.

    Ole Myklebust forbetra seg kraftig i kule. Han støytte 4 kg-kula 10.80, noko som held til ei plassering blant dei 10 beste på norgesstatistikken. Erik Sunde (13) oppnådde 8.95 med 3kg-kule. Dette held til ein 13 plass på den nasjonale statistikken. Også 11-åringen Lars Marius Gjertsen Kveen viste god kuleform framfor Strynehalleikane på laurdag. Jentene som deltok viste og fin framgang både i hopp utan tilløp og i kule.

     




    Landsfinalen i alpint på Kvitfjell

    Postet av Olden IL den 1. Apr 2008

    Helga Skarstein (13) representerte Olden og Sogn og Sogn og Fjordane på ein svært god måte  då landsfinalen i alpint vart arrangert på Kvitfjell sist helg. Beste plasseringa fekk ho i slalåm med ein 30. plass. Dette var beste plasseringa blant jentene frå Sogn og Fjordane i denne øvinga. I storslalåm oppnådde Helga ein 37. plass. Beste lokale plassering fekk Tomas Sårheim, Breimsbygda med ein 7. plass i storslalåm.

    Noen resultater.




    Helge Hafsås er i gong igjen !

    Postet av Olden IL den 31. Mar 2008

    Foto:(arkivbilde)Helge Hafsås har slite med betennelse i beinmuskulaturen sidan 100km på Bergen Ultra 20. oktober. Laurdag var han tilbake igjen med ein ny siger i Bergen maraton. Med tida 2.49.43 var han vel 8 min. føre nr. 2 i løpet. Dette var Helge sin maratonsiger nr. 108. Vi håpar han no er kvitt skadeproblema og at han får trent skikkeleg fram mot NM i maraton på Jølster og det første offisielle NM på 100km til hausten.

    Sjå elles reportasje og resultat på www.kondis.no

     




    Helga og Rasmus Skarstein til topps i Fjord 1 cupen

    Postet av Olden IL den 26. Mar 2008

    Foto: Pål SkarsteinHelga og Rasmus Skarstein vann begge sine klassar i det avsluttannde storslalomrennet (finalen) i Fjord 1 cupen på Jølster 16.mars. Med dette gjekk dei og til topps samanlagt. Dei andre 5 deltakarane frå Olden gjorde det og bra i sine klassar.

    Helga er og kvalifisert til landsfinalen for 13-åringar på Kvitfjell 28-30 mars. Her skal ho køyre slalåm, storslalåm og super G. Olden IL ynskjer Helga lukke til i den harde konkurransen på Kvitfjell. Totalt reiser 4 jenter og 4 gutar frå Sogn og Fjordane skikrins.

    Resultater!




    Gjensidigeleikane i Florø

    Postet av Olden IL den 11. Mar 2008

    Foto: Hans-Petter GaltungTre gutar frå Olden fekk prøve seg i det nye innandørsanlegget for friidrett i Florø sist laurdag. I 11-årsklassa fekk Rasmus E. Skarstein 2. plass på 60m og 400m og 3. plass i lengde. 10-åringane Odd Sindre Tonning og Sondre Ljosdal Galtung deltok på 60m og i lengde og sette nye persar. Best plassering vart det i lengde med 5. og 7. plass.



    Stor deltaking og flotte resultat på LM i friidrett innandørs

    Postet av Olden IL den 11. Mar 2008

    Lagsmeisterskapen i friidrett innandørs vart avvikla i Olden skule sist måndag. Heile 39 utøvarar i alderen 7-50 år stilte opp i øvingane lengde u/tilløp, tresteg u/tilløp, høgde u/tilløp og kule. Det var ekstra gledeleg at det var veldig mange deltakarar i aldersgruppa 14-16år.

    Resultater 

    15-åringane Ole Myklebust og Anders Muri oppnådde dei aller beste resultata. Ole hoppa 1.28 i stille høgde. Dette er så langt det 3. beste resultatet i Norge i år. Med 1.25 gjekk Anders inn på 4. plass på Norgesstatistikken i denne øvinga. I stille tresteg hoppa Anders 7.46. Dette er det foreløpig beste resultatet i Norge i år. I lengde u/tilløp oppnådde han 2.59 som held til ein foreløpig 6. plass på norgesstatistikken. Elles vart det oppnådd mange fine resultat og sett mange personlege rekordar både blant jentene og gutane. P.g.a. tidsnød fekk vi ikkje avvikla kule for dei som er 12 år og eldre. Denne øvinga vil vi ta igjen ved eit seinare høve. Vi kjem tilbake med ei fullstendig resultatliste seinare.



    Nye friidrettsdrakter til våren

    Postet av Olden IL den 6. Mar 2008

    Olden IL har inngått avtale med Trimtex om levering av friidrettsdrakter. Det er bestilt tights, singlet og t-skjorter i Olden-fargane blått og gult. Vi er lovde at draktene skal vere oss i hende i god nok tid før Oldestafetten 27. april. Vi vil kome tilbake med prisar seinare, men håpar at vi skal kunne selje dei for under halvparten av innkjøpsprisen.

    Bilder av draktene




    Rasmus Skarstein vann storslalåm på Utvikfjellet.

    Postet av Olden IL den 2. Mar 2008

    (Foto:Breimsbygda IL) Gutter 11 år KM slalomDet var god Olden-innsats då krinsmeisterskapen i slalåm og storslalåm vart avvikla på Utvikfjellet i helga. Søndag tok Rasmus Skarstein ein klar siger i 11-årsklassa i storslalåm, 2,48 sek. føre Sander Ness frå Sogndal. Laurdag fekk han 3. plass i slalåm.

    Resultater KM Storslalom

    Resultater KM Slalom

     

    (Fant dessverre bare bilde fra lørdag) 

    Helga Skarstein vart nr. 3 i begge disiplinar. Aller best gjekk det i storslalåm der ho kun mangla 1,05 sek. på å gå heilt til topps. I andre omgong hadde ho beste tid. Mathias Fjellestad (11) vart nr. 6 i slalåm og Anders Egset (12) nr. 13 i storslalåm. I klassa 8 år og yngre vart Jonas H. Drageset nr. 6 og Olav Egset nr. 7.



    Fjelltrimmen 2008

    Postet av Olden IL den 24. Feb 2008

     Foto:J.G.Mørch

    Fjelltrimsesongen 2008 er godt i gong. Trass i mykje dårleg ver er det gode besøkstal på mange av postane. Vi presenterer her status for besøkstala for nokre av postane og dei 3 som har flest turar til desse postane. Tala kan ikkje heilt samanliknast sidan bøkene vart bytte på ulike tidspunkt. Pr. 23/2 : Skarsteinsetra 549 (frå 7/10-07) : Birger Fagerli 91, Kjell Bjarne Sunde 82, Bente Ljosdal 50. Huaren 316 (frå 1/12-07) : Anne Berit Bjørdal 61, Kari Solheim 52, Arne Steinar Muri 52. Vanbergssetra 175 (frå 3/10-07) : Kjell Bjarne Sunde 52, Ola Vangberg 33, Birger Fagerli 31.

    Årsmelding!

    Dersom våren og sommaren slår til med godt ver, vil det bli arrangert fellesturar på setrar og einskilde fjelltoppar. Dette vil bli kunngjort ved oppslag i sentrum og på heimesida.

    Les meir om postar og poeng i 2008 :

    Bøker ligg ute på følgjande setrar/stadar :

    Agjeldssetra                       : 3 p.

    Honnvasshytta                   : 5

    Vanbergssetra (gamlesetra)  : 3

    Nonshaugen (Vanberg)        :  3

    Skarsteinsetra                   :  3

    Huaren                             :  3

    Avleisetra                         :  5

    Murisetra                          :  6

    Melheim/Solheimsetra          :  5

    Laukisetra                         :  5

    Sundssetra                        :  3

    Sundsdalen (Myrane)           :  5

    Yrisetra                             :  3

    Høgalmesetra                      :  4

    Kvamssetra                        :  5

    Flatsteinbu                         :  7

    Brenndalen                         :  3

     




    Helga Skarstein tok KM-gull i Super G

    Postet av Olden IL den 21. Feb 2008

    Sist laurdag gjekk Helga Skarstein heilt til topps i klasse 12-13 år då KM i super G vart avvikla på Harpefossen. Ho vann føre to jenter frå Sogndal. Grunna dårlege vermeldingar for søndagen vart det køyrt to super G renn denne laurdagen. Helga vann også renn nr. 2 som var eit kvalifiseringsrenn. Olden IL gratulerer Helga med KM-tittelen. Broren Rasmus Skarstein vart nr. 2 i klasse 11 år i begge renna. I same klasse vart Mathias Fjellestad nr. 6 i KM-rennet. Alpingruppa i Olden IL har dei siste åra bygd opp eit nytt alpinmiljø i Olden. Olden IL har tradisjonar i alpint og det er kjekt å sjå at vi på nytt har fått utøvarar som kan hevde seg i denne idretten. Også fleire oldarar enn dei vi har nemnt frå renna på Harpefossen, har hevda seg fint i renn så langt denne sesongen.



    Basistreningar for friidrett/fotball

    Postet av Olden IL den 16. Feb 2008

    9-12 år :    Måndagar 17.30-18.30 i gymsalen på Olden skule

    13 år og oppover : 

    Måndagar : 18.30-20.00  : 18.30-19.00 løpetrening ute. 19.00-20.00 i gymsalen, sirkeltrening, ballspel m.m

    Laurdagar : 10.30-12.00 For dei som er 13 år og eldre. Hovudvekt på spenst- og hurtighetstrening + ballspel. Gymsalen Olden skule.

    Treningane går som normalt også i vinterferien.




    Ny dato for Strynehalleikane 2008

    Postet av Olden IL den 16. Feb 2008

    Strynehalleikane var terminfesta til 29 mars. P.g.a. NM i skiskyting, vert stemnet flytta til laurdag 5. april.



    Anders Muri med sølvmedalja i lengde

    Postet av Olden IL den 5. Feb 2008

     Foto:Halvard Muri Dette er første gong ein utøvar frå Olden IL tek medalje i eit slikt meisterskap. Olden IL gratulerer Anders med medalja og dei andre flotte resultata under UM i Drammen. Vi vil på same tid gratulere faren, Halvard Muri, for flott oppfølgjing under UM og på andre friidrettsstemner.

     

     

     

    Utøvarar frå Sogn og Fjordane tok 5 gull, 6 sølv og 4 bronse i meisterskapen. Inger Anne Frøysedal,tidlegare Oppstryn, no Tjalve tok heile 4 medaljar i klasse 18/19 år. Det vart gull i høgde og kule, sølv i lengde og tresteg.

     



    Idrettsskulen høsten 2008

    Postet av Olden IL den 4. Feb 2008

    Fram til 10. april står desse aktivitetane på programmet: ski, friidrett, klatring, handball, innebandy, balleik og kanopadling. Noko for ein kvar smak skulle vi tru.

     

    Se oversikt!




    Anders tok sølv i lengde

    Postet av Olden IL den 3. Feb 2008

    I Drammenshallen i dag føremiddag tok Anders Muri sølv i lengde i ungdomsmeisterskapen. Det var kun 12 cm opp til gullmedalja.

    Anders hoppa 5.64. Vinnaren Mathias Øverland, Vegårshei oppnådde 5,76. Anders hadde ein svært god serie og hoppa 5.64 to gongar.

    På 100m vart det ikkje finaleplass denne gongen. Tida 12. 33 (pers.) i forsøket heldt til ein 8. plass. Det mangla 7/100 på å kome med i finalen som går seinare i dag. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare.




    Anders 1/100 frå sølv på 60m under UM

    Postet av Olden IL den 2. Feb 2008

    Under første dag av ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammen vart det 4.plass på 60 m til Anders Muri. Med tida 7.64 hadde han nest beste tid i forsøket. I finalen pressa han seg ned til 7.62 som kun var 1/100 unna sølvmedalje. Denne vart nemleg delt av to løparar på tida 7.61. Gullet gjekk til Tapio Stensletten, Os Turnforening på 7.46. Uansett, fantastisk innsats av Anders, men sjølvsagt litt surt å mangle så lite på medalje. I morgon er det imidlertid nye sjansar på 100m og i lengde.

     

    Så vidt vi veit er 7.62 den beste 60m-tida med elektronisk tidtaking oppnådd av ein oldar nokon gong. Dette gjeld uansett klasse.

    Her er finaleresultata, klasse 15 år :

    1. Tapio Stensletten, Os Turnforening      7.46

    2. Markus Foss Johansen, Driv IL             7.61

    3. Øystein Rødsjø,Selsbakk                     7.61

    4. Anders Muri, Olden IL                         7.62

    5. John Huse Olsen, GTI                         7.65

    6. Chrsitian H. Ellingstad, Nesodden          7.65

    7. Nirethan Panchalingam, Lørenskog         7.84

    Fullstendige resultatlister kan ein finne på : www.ifhellas.no

     




    Anders Muri til UM innandørs i Drammen

    Postet av Olden IL den 30. Jan 2008

     Arkivbilde Førstkomande helg skal Anders Muri delta på ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammenshallen. Her får han måle krefter mot norges aller beste sprintarar og lengdehopparar i klasse 15 år. På laurdag prøver han seg på 60m og på søndag vert det 100m og lengde. Eit blikk på startlistene viser at konkurransen vert knallhard. Målet for Anders må i første omgang vere å greie å kome med til finalane, men med full klaff kan og medalje vere innan rekkevidde.

    Frå Sogn og Fjordane er det påmeldt 18 utøvarar. Florø har den største troppen med 8 deltakarar. Sjå elles heimesida til friidrettskrinsen : www.sffik.no

     



    Bestemannspremiar til Anders Muri på YIT-leikane

    Postet av Olden IL den 21. Jan 2008

    Anders Muri (15) imponerte på YIT-leikane i Førdehuset søndag 20.januar. Han fekk bestemannspremien for beste guteresultat (13-18 år) både i løp (60m) og hopp (lengde). Anders ser dermed ut til å halde fram der han slapp i fjor. Han vann 3 øvingar, 60m, lengde og 400m. I lengde fekk han opp eit sprang på heile 5.85. På 60m vart tida 7.81 og på 400m 60.0. Alle resultata er personlege rekordar innandørs. Dette lovar bra framfor ungdomsmeisterskapen, 15-22 år, i Drammenshallen 1-3. feb. La oss håpe at Drammenshallen vert same lukke-arenaen for Anders som det har vore for det norske herre-landslaget i handball.

    Det var få oldarar med denne gongen. I tillegg til Anders deltok Terese Auflem Tenden (14) i lengde og kule.




    Tillitsvalde Olden Idrettslag 2012

    Postet av Olden IL den 8. Jan 2008

     

    Hovedstyret:

    Innv. År

    Funksjon

    Per Magne Muri    

    2009

    Leiar

    Hans Petter Galtung

    2002

    Nestleiar

    Tove Kristin Vedlog

    2012

    Kasserar

    Terese Sunde

    2007

    Sekretær

    Geir Øyvind Vangberg  

    2012

    Idrettsskulen:

    Bente Kjørslevik

    2010

    Leiar

    Else Fredheim

    2010

    Hege Gjerde

    2011

    Kjetil Hansen

    2011

    Fotballgruppa:

    Bjarte Haugen

    2006

    Leiar

    Andreas Drageset

    2007

    Anne Lise Solheim

    2009

    Anne Karin Melheim

    2012

    Odd Kjetil Tonning

    2011

    Ragnvald Flåten

    2011

    Friidrettsgruppa:

    Hans Petter Galtung

    2002

    Leiar

    Joar Sunde

    2007

    Sissel Kvamme

    2008

    Andre Opheim

    2010

    Leiv Arne Egset

    2009

    Skigruppa:

    Hans Petter Galtung

    1999

    Leiar

    Andreas Skogli

    1995

    Roar Alsaker

    2003

    Osvald Olsen

    1999

    Alpingruppa:

    Pål Skarstein

    2005

    Leiar

    Andreas Drageset

    2011

    Banenemd:

    Birger Beinnes

    2008

    Leiar

    Kjell Arne Løken

    2008

    Oldestafettnemd:

    Innv. År

    Funksjon

    Anders Bruvoll

    1995

    Leiar

    Jan Høgalmen

    2009

    Dagfinn Gytri

    2000

    Asbjørn Gjerde

    2002

    Arne Sandnes

    2008

    Idrettsmerkegruppa:

    Bernt Bergesen

    2007

    Leiar

    Arne Muri

    2009

    Rigmor Sunde

    2006

    Fjelltrimgruppa:

    Anders Bruvoll

    2003

    Leiar

    Asbjørn Gjerde

    2004

    Anne Berit Bjørdal

    2007

    Jon Olav Kvame

    2007

    Osvald Olsen

    2011

    Terje Sundsøy

    2011

    Valnemd:

    Kari Tonning

    2010

    Leiar

    Halvard Muri    

    2011

    Joar Sunde

    2012

    Revisorar:

    Oddbjørg Bø Muri

    2002

    Alvhild Flåten

    2002



     31. januar 2012




    Tillitsvalde Olden Idrettslag 2007

    Postet av Olden IL den 8. Jan 2008

      Oversikt over tillitsvalde i laget for 2007 finner du her.

    Tillitsvalde Olden Idrettslag 2007

    Hovedstyret

    Tlf priv.

    mob.

    arbeid

    e-post

    fax

    Leiv Arne Egset, Leiar

    57871314

    97732331

    57873510

    leiv.arne.egset@enivest.net

    57873516

    Hans Petter Galtung, Nestleiar

    57873050

    41530792

    57874900

    hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no

    57874949

    John Gunnar Mørch, kasserar

    91325614

    john_g_morch@yahoo.com

    Ingrid Fjellestad

    957 49 531

    ifjellestad@hotmail.com

    Liv Rygg

    41500731

    (ny person)

    repr frå idrettsskule

    Fotballgruppa

    Bjarte Haugen

    57873366

    91103111

    bjarte.haugen@enivest.net

    Frode Myrold

    57 87 16 11

    915 96 228

    Silje Opheim

    911 14 246

    948 72 922

    Andreas Drageset

    57 87 71 38

    Per Briksdal

    57 87 34 74

    Inge Sandvik

    Friidrettsgruppa

    Hans Petter Galtung, leiar

    57873050

    97746787

    57874900

    hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no

    57874949

    Sigrid Skarstein

    57873179

    98893424

    sigrides@start.no

    Joar Sunde

    57 87 71 86

    958 18 150

    Sissel Kvamme

    Idrettsskulen

    Hilde Olsbø

    57877846

    90870461

    hilde.olsbo@enivest.net

    Rita Haugen

    994 44 808

    Mette Hansen

    57 87 33 06

    976 88 599

    Randi Auflem

    Alpingruppe

    Pål Skarstein, leiar

    57873179

    41621190

    paal@skarstein-walaker.no

    Benny Fredheim

    90996045

    Idrettsmerkegruppe

    Egil Solheim

    57873359

    Rigmor Sunde

    57873260

    97746552

    Bernt Bergersen

    Tlf priv.

    mob.

    arbeid

    e-post

    fax

    Ski/ Skiskyttargruppe

    Hans Petter Galtung

    57873050

    97746787

    57874900

    hans.petter.galtung@sf-f.kommune.no

    57874949

    Roar Alsaker

    57873219

    90504719

    r-alsak@frisurf.no

    Osvald Olsen

    57873463

    92607374

    57873470

    Andre Opheim

    Fjelltrimgruppe

    Anders Bruvoll

    57873445

    99524511

    bruvoll@stryn.no

    Ola Vangberg

    57873217

    48117234

    Ole Johan Haugland

    57873493

    57873928

    ojhaugl@frisurf.no

    Asbjørn Gjerde

    57873017

    91336863

    agjerder@online.no

    Ole Andre Kvamme

    97007754

    Anne Berit Bjørdal

    Jon Olav Kvamme

    Banenemd

    Jostein Gjerde

    57873441

    Rasmus Bjarne Brynestad

    Kjell Nesje

    Oldestafettnemd

    Anders Bruvoll, leiar

    57873445

    99524511

    bruvoll@stryn.no

    Andreas Skogli

    57873190

    Dagfinn Gytri

    57875936

    dgytri@online.no

    Asbjørn Gjerde

    57873017

    91336863

    agjerder@online.no

    Arne Sandnes

    Valnemd

    Reidun Høgalmen

    Ståle Solheim

    Sageir Stokke

    Revisorar

    Oddbjørg Bø Muri

    57873423

    95744775

    57876774

    oddbjoerg@skogstadsport.no

    Alvhild Flåten

    57875949

    91372629

    geflaa@online.no