Resultat frå Strynehalleikane 2019
Postet av Olden IL den 11. Mar 2019
66 deltakarar på Strynehalleikane i år, fleire enn i fjor. Når det gjeld den interne kampen mellom arrangørlaga om å stille flest deltakarar, vart Oppstryn IL ein klar vinnar. Veldig imponerande at ei lita bygd stiller med heile 29 deltakarar! Til samanlikning stilte Stryn med 18 og Olden med 10. Strynehalleikane er eit "lågterskelstemne" og eit rekrutteringsstemne. Det viktigaste er å delta. Flott at så mange stiller opp utan å ha all verdens erfaring med friidrett.
Elles var det fleire frå Olden IL som leverte gode resultat og viste fin framgong. I klasse 13 år var Mård Agjeld best på 40m, i høgde, lengde og kule. Aurora Sanden Rake var åleine i 12-årsklassen, men oppnådde likevel gode resultat. I klasse 10 år vann Simone Garlid Tenden kule og lengde. Gaute Fredheim Urne vann 40m og lengde i klasse 10 år. Dei andre som deltok for Olden IL, oppnådde også fine resultat. (Tekst Hans-Petter Galtung)
Her kan du sjå resultata:
Strynehalleikane_2019_Resultatliste.docx
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024