Skarsteinsetra Opp 2017
Postet av Olden IL den 14. Sep 2017
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1539/2017/9/14/dag-arne-eide-johannes-thingnes-b--foto-arild-hafs-s.jpg?width=1024&quality=90)
Dag Arne Eide og Johannes Thingnes Bø (Foto: Arild Hafsås)
Marius Vedvik (Foto: Odd Sindre Tonning)
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1539/2017/9/14/636410232696971445stig-svalheim-ingrid-fjellestad-foto-odd-sindre-tonning.jpg?width=1024&quality=90)
Ingrid Fjellestad og Stig Svalheim (Foto: Odd Sindre Tonning)
Utruleg sterke prestasjonar både i løp og sykling, ikkje tvil om at det var svært høg kvalitet over mange av deltakarane i årets utgåve av Skarsteinsetra opp! To tider under den gamle rekorden i løp og ein tett og god konkurranse mellom Marius Vedvik og Johannes Thingnes Bø! Spennande.
Det var og kjekt at Stig Svalheim endeleg greidde å setje ny rekord for sykkel etter to år med ei tid eitt sekund bak.
Gledeleg og at så mange stiller på i trimklassen. Nærare 200 deltakarar lagar ei flott ramme rundt arrangementet og god stemning langs løypa og på setra! Alt i alt ein strålande dag med mykje god og ekte idrettsglede på alle nivå og mange positive tilbakemeldingar frå dei som deltok! :)
Odd Kjetil Tonning
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.