God framdrift på friidrettsanlegget i Olden.
Postet av Olden IL den 22. Apr 2014
I dag tysdag 22.april vart det lagt drensasfalt på friidrettsanlegget vårt. Vi har hatt fleire dugnadar i løpet av Påska m.a. for å få utover resten av grusen, lage sementmur i nordenden av anlegget og utføre diverse oppmålingar. Vi reknar med at kunststoffdekket skal vere på plass i løpet av mai månad. Denne jobben er det Polytan som skal stå for.
Dette anlegget har Olden IL venta lenge på. Rundbane for løp vart det ikkje plass til, men 6 løpebaner på 60m/100m er no bra det og. Dei siste rykta seier at maratonkongen vår, Helge Hafsås, no vil satse på 100m. Kvifor ikkje ? Inge Asbjørn Haugen ,( mannen med flest maratonløp i Norge), gjekk no i si tid frå 100/200m til maraton.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.