Suksess for dei 28. Strynehalleikane.
Postet av Olden IL den 10. Mar 2014
Laurdag 8. mars arrangerte Oppstryn og Olden dei 28. Strynehalleikane. 70 små og store deltok. Vi må tilbake til 2010 for å finne så mange deltakarar. Det var og gledeleg at heile 11 ulike lag frå Sunnmøre, Sunnfjord og Nordfjord deltok. Som vanleg vart stemnet godt avvikla av den røynde arrangørstaben frå Oppstryn og Olden.
Olden hadde denne gongen med 7 deltakarar. Alle gjorde ein flott innsats og viste flott framgong. Steffen Melheim (11), vann høgde og kule. Jannike Melheim (13) tok ein klar siger i kule. Jens Guddal Muri (15) var best i høgde og sette ny fin pers. med 1.55, trass i minimalt med høgdetrening. Matias Melheim (15) kom rett frå UM i Bærum der han toK ein fin 5. plass i kule seint fredag kveld. I Strynehallen vann Matias kule og lengde. I lengde kom han for første gong over 5m. Sporty innstilling å rekke både UM og Strynehalleikane. Elles viste Sondre Guddal Muri (jun.) også sporty innstilling ved å delta på 40m og i lengde. Flott at dei som er med i trenarteamet i Olden går føre med eit godt eksempel.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.