Framleis mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp
Postet av Olden IL den 12. Sep 2013
Det vil vere mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp laurdag 14. sept. utan tillegg i startkontingent fram til fredag kveld. Etteranmelding løpsdagen minst ein time før start mot kr. 100,- i tillegg på startkontingenten. Påmeldinga så langt er god, 25 løparar og 15 syklistar. Startlister vert lagde ut her på sida i løpet av fredag.
Påmelding helst på mail til : hans.petter.galtung@sfj.no, evt. mobil 90418186.
Alle i trimklassen melder seg på ved frammøte.
Startlista er oppdatert pr. torsdag kveld. Etteranmeldingar fredag er ikkje med.
Olden IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.