Hafsås ; kongen av Jølster maraton
Postet av Olden IL den 6. Jul 2013
Helge Hafsås vann i dag Jølster maraton for 14 gong. For første gong i år greidde han og å kome under 2. 40, vinnartida vart 2.39.49. Nr. 2 i løpet kom i mål vel 10 min. bak Helge. Dette var Helge sin 159. maratonsiger. Han kan dermed framleis kalle seg verdas mestvinnande maratonløpar. Amerikanaren Chuck Engle er like bak med 158 sigrar. Vi opplyste tidlegare her på sida at Helge i følge Firda varma opp med 3 fjelltrimpostar før avreise til Jølster. Det rette skal vere ein fjelltrimpost. Men ein tur på Huaren er likevel ei noko spesiell form for oppvarming. Det var gode tilhøve på Jølster, men 24 varme grader i einskilde deler av løypa er noko varmt for så lange løp.
Einar Strand deltok på halvmaraton og kom i mål på 1.34.03. Dette heldt til ein 2. plass i klasse 55-59 år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.