God Olden-innsats på Åsen&Øvrelid-leikane i Førde.
Postet av Olden IL den 16. Jun 2013
Laurdag 15. juni deltok fire frå Olden på Åsen&Øvrelid-leikane i Førde. Oldarane noterte seg for mange personlege rekordar og hevda seg godt i stemnet. Steffen Melheim (10) var best i kule og vart nr. 3 av 8 deltakarar på 60m. Matias Melheim (14) vann kule, fekk delt 3.plass i lengde (4.62) og vart nr. 4 på 60m med 8.39. Rafael Gildestad (14) vart nr. 2 i lengde (4.65) og nr. 6 på 60m (8.46). Begge resultata er personlege rekordar. Sondre L. Galtung (15) gjorde det best i spyd der det vart bronsemedalje i konkurranse med 16-åringane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.