Løyperapport 19.februar.
Postet av Olden IL den 19. Feb 2013
Det har minka på snøen etter regnet i det siste. Mildveret med påfølgjande minusgrader har medført isete løyper. 4 km-løypa nede i bygda vart derfor køyrd på nytt i kveld (tysdag 19/2). Trass i lite snø, er spora fine (ikkje isete foreløpig). Det er og køyrt løype frå "Eira" via Bruvoll til Lauki på vestsida av Oldeelva. P.g.a. fare for isbrann vil det foreløpig ikkje bli køyrt meir på bøane nede i bygda.
Løypa til Avleiåsen er intakt. Litt skarpt føre, men fine spor frå der det no vert jobba med tømmer.
Skigruppa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.