Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL
Postet av Olden IL den 19. Des 2011
På årsmøtet i Olden IL 12. des. vart Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL. Med seg i styret får han Terese Sunde, Hans-Petter Galtung, Tove Vedlog (ny) og Geir Øyvind Vangberg (ny). Dei avtroppande styremedlemmane, Liv Elisbet Rygg og John Gunnar Mørch, fekk velfortente blomster for innsatsen i styret gjennom fleire periodar.
Idrettslaget har for tida solid økonomi. Nokre av dei viktigaste oppgåvene for Olden IL neste år er utbyggjing av delanlegg for friidrett ved Olden skule og setje i verk tiltak for å auke medlemstalet. Men aller viktigast er sjølvsagt å oppretthalde og helst auke aktiviteten.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.